Vindkraft hjelper ikkje klimaet

OFRE: Det heiter gjerne at vi må ofre noko av vår natur og våre turlandskap for den gode saka. Dei fleste som trudde på denne misjonstanken, har oppdaga at offergåvene går ikkje til klimaet, men til selskapa som kvestar livet i dei restane av natur med liv som enno andar, skriv artikkelforfattaren.

OFRE: Det heiter gjerne at vi må ofre noko av vår natur og våre turlandskap for den gode saka. Dei fleste som trudde på denne misjonstanken, har oppdaga at offergåvene går ikkje til klimaet, men til selskapa som kvestar livet i dei restane av natur med liv som enno andar, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevTenk om vi kunne sleppe den grunnlause påstanden om at meir vindkraft i Noreg er eit tiltak for å berge klimaet. At knivane i lufta held Jorda kjølig, får stadig replikk frå den verkelege verda. Statistikken er tydeleg: Utsleppa av CO₂ har vore om lag stabile, eller dei har gått opp – i vårt land, i Europa og i verda.

I Tyskland har dei nesten 30.000 vindturbinar i sving. Millionar av menneske har mist trivselen i sine landskap – og det har kosta straumkjøparane milliardar av euro. Fossilbåla logar likevel med same intensitet som før, dei har ikkje dovna under iveren etter straum frå vinden.

Turbinane har tvert om skapt grunnlag for fleire nye kolkraftverk, til forsyning når det bles lite eller ingenting. Tyskland hadde i éin periode på markert nedgang i fossildampen mot himmelen. Det var så tidleg som i 1990-åra, etter at Berlin-muren fall og austtysk industri seig i kne. No dekkjer den kronisk ustabile vindkrafta litt over tre prosent av samla energiforbruk i Tyskland – tre prosent, ikkje meir.

Erik Solheim

Erik Solheim Foto:

At meir fornyeleg straum står hjelpelaus i kampen mot utsleppa, ser vi òg i vårt land. Etter år 2000 har Noreg bygt småkraftverk som leverer rundt 20 TWh (milliardar kilowattimar) elektrisitet i året. Straumproduksjonen har gått opp rundt 15 prosent, og utsleppa har likevel ikkje gått ned.

Men stadig held nokre på med sitt forsvar for illusjonane. Det finst enno dei som snakkar om at vi skal berge Europa frå røyken av kolet, men faktiske tal skyr dei som pesta. EU brenner kol, olje og gass som inneheld meir enn 22.000 TWh. Om vi piner ut av våre fjell og skogar 30 TWh vindkraft, og sender alt sørover, vil verknaden vere ein stad mellom nesten noko og absolutt ingen ting.

Det heiter gjerne at vi må ofre noko av vår natur og våre turlandskap for den gode saka. Dei fleste som trudde på denne misjonstanken, har oppdaga at offergåvene går ikkje til klimaet, men til selskapa som kvestar livet i dei restane av natur med liv som enno andar. Så lenge dei har pengar i sikte, overser dei fuglane som ligg kalde på marka under roterande slagvåpen. Massedrap, kalla Torbjørn Lindseth, aksjonsleiar på Sørmarkfjellet, framferda då han såg dei hogg skog om våren og fuglane i reira deisa i dauden. TrønderEnergi hadde berre makt, ikkje argument, å møte han med.

Noregssoga sidan ut på 1800-talet er ei forteljing om folkelege rørsler som kjempa ned motstand frå eliten. Folkerøystingane mot EEC i 1972 og EF i 1974 (no EU) er dei siste store sigrane. Lekmannsrørsla dempa den autoritære kyrkja, målrørsla rydda plass for eit skriftspråk tufta på levande dialektar. Andre bygde opp sosiale og helsefremjande institusjonar. Folkerørslene bygde mykje av den nye nasjonen.

No heiter dei bunadsgerilja og vindkraftaktivistar. Dette er menneske som tek til handling når makta er på ville vegar.
Folket har reist seg, frå eine landsenden til hin. Flokkar av menneske står på fjella med faner og plakatar. Ein leidang med skjold av ord. Dei forsvarer sine heimelandskap med stillfarande innsats i lag, og dei held ut.

Dette er opplyste menneske som forstår meir om konsekvensane av inngrepa enn dei får høyre av selskapa som er ute etter å gjere landet til salsvare, å håve inn pengar for å selje konsesjonane og forbruket av fjella til utanlandske kjøparar. Folk som ser kva slike selskap driv med, kan knapt tenkje seg å kjøpe ei trillebår av dei. Agitasjonen er like truverdig som reklame for kålrabi mot kreft.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags