Vindkraft, glasperler og brennevin

SYND: Kan Indre Sunnfjord lære av Ytre Sunnfjord? Flora og Bremanger og vår eldste by Florø vart lurt trill rundt av vindutbyggarane og staten når det galdt Guleslettene (bildet), som vi har sett av ulike medieoppslag.  Det vil vere sørgeleg og ei skam for heile fylket om den nye storkommunen - som indianarane i 1624 - også tek til takke med glasperler og ei flaske brennevin! skriv artikkelforfattaren.

SYND: Kan Indre Sunnfjord lære av Ytre Sunnfjord? Flora og Bremanger og vår eldste by Florø vart lurt trill rundt av vindutbyggarane og staten når det galdt Guleslettene (bildet), som vi har sett av ulike medieoppslag.  Det vil vere sørgeleg og ei skam for heile fylket om den nye storkommunen - som indianarane i 1624 - også tek til takke med glasperler og ei flaske brennevin! skriv artikkelforfattaren.

Av
DEL

Lesarbrev
Manhatten vart i 1624 kjøpt frå indianarane for litt tøy, nokre glasperler og ei flaske brennevin. Vindkraftutbyggarane til Fred. Olsen lokkar også urinnbyggarane i Indre Sunnfjord med promille om dei vil selje naturområda sine til vindkraftutbygging.

Ifølge Firda 02.09.2019 kan ei utbygging i området Gaular/Høyanger på 5 milliardar gje 0,7 promille – 35 millionar – i årleg eigedomsskatt. Men mest truleg 0,3-0,5 promille og 15–25 millionar. Sjølv det er usikkert om skattereglane vert endra.

Kor mykje vil dei andre i «næringskjeda» tene? Uråd å seie nøyaktig, men ein kan gjere enkle overslag, «back-of-the-envelope» -utrekningar. Enkel hovudrekning støtta av nokre tal på eit lite stykke papir.

«Vindkraftbaronene kranglar om milliardgevinst» skreiv DN (Dagens Næringsliv) 20.05.2019 om rettssak mellom grunnleggarane av Norsk Vind AS. «Bare på Bjerkreimsklyngen alene tjente Norsk Vind Energi rundt en halv milliard kroner. Interne dokumenter fra Norsk Vind Energi viser at selskapet har hatt gevinster tett på éin milliard kroner de siste årene på utbygging av vindkraftprosjekter i Sør-Rogaland ...»

Utbyggingskostnaden og omfanget av Bjerkreimsklynga synest ved rask googling å ha vore om lag som prosjektet i Indre Sunnfjord. Det blir i dag i tillegg hevda at vindkraftutbygginga er mykje meir lønsam enn før. Og NVE er rause med løyve til større turbinar og gunstigare plasseringar enn i planane lokalsamfunn og kommune har godkjent.

Fred. Olsen Renewables skulle såleis også kunne tene frå ein halv milliard og oppover ved rask utbygging og vidaresal til utanlandske pensjonsfond. Om fortenestekrava til desse skriv DN: « ... Istedenfor nesten ingen rente på pengene sine i land som Tyskland, var disse fonda fornøyd med fem til seks prosents avkastning. Det var rundt halvparten av hva norske kraftselskaper krevde»

5–6 prosent rente av ein utbyggingskostnad på 5 milliardar gjev 250–300 millionar årleg til desse utanlandske pensjonsfonda. Minst ti gonger meir enn promillane til kommunane som huser anlegga. Kjøparane av vindkrafta, dei største norske og utanlandske industriselskapa og slike som Facebook og Google, får statleg eksportgaranti slik at verdiane til dei utanlandske pensjonistane blir sikra.

Ola Bergheim

Ola Bergheim Foto:

På garantiinstituttet sin nettstad (giek.no) kan vi t.d. 28.06.2018 lese både næringsminister Røed Isaksen og GIEK sin adm.dir. Nistad sine overstrøymande positive omtaler av «grøn» garanti på 840 millionar. Garanti for kraftkjøpet det utanlandske aluminiumsselskapet Alcoa har gjort frå Guleslettene i Flora/Bremanger til sin fabrikk i Mosjøen. «Avtaler mellom kraftintensiv industri og vindkraftnæringen forsterker det grøne fotavtrykket til norsk industri ... Det er også hyggelig at Vestlandet for første gang får et vindkraftverk med GIEK-garanti». Hyggeleg? ...

170 millionar var det visst SFE og vi vanlege lokale nettkundar og pensjonistar måtte tvangssubsidiere kjøpar av Guleslettene, verdas største pensjonsfond amerikanske Blackrock med. Berre for å få vindkrafta opp på regionalnettet. Sum vidare til Mosjøen ukjent

Norske pensjonistar har siste åra fått ingen eller liten auke i realinntekta. For dei er det ikkje like «hyggeleg» at våre eigen minister og den norske staten har langt meir omsut for amerikanske, tyske og nederlandske pensjonistar. Særs lite «hyggeleg» ut frå politiske lovnader om at fornybarområda skal tene mest og ikkje tape mest på å stille sin natur til rådvelde for Noreg og verda.

Eg visste ikkje kor mykje pengar det låg i vindkrafta før eg skumma gjennom medlemslista til den norske vindutbyggings-organisasjonen NORWEA. Der først i alfabetet står ei rekke store Oslo- og utanlandsbaserte advokatfirma. Slike som ikkje skriv timelistene sine med vanleg gaffel. Ei utruleg mengde norske og utanlandske interessentar ser ut til å bli lokka til norsk vindkraft som til ei honningkrukke.

Kvifor Norsk-Tysk handelskammer og KGL. Dansk Ambassade – Eksportrådet også var medlemmer forstod eg ikkje med det same. Før eg på same nettstaden (norwea.no) las rapporten «Grønn omstilling og landbasert vindkraft i Norge» som konsulentselskapet Thema laga for NORWEA i april 2019. Der kjem det fram at mesteparten – 59 prosent – av kostnadene ved eit vindkraftverk er import, hovudsakleg av vindturbinar laga i Danmark og Tyskland.

Det tyske motstykket til DN, Handelsblatt, hadde 07.09.2019 ein stor Noregs-reportasje om vindkraft. Med fokus på ein utbyggingsmotstandar i Bjerkreim/Norsk Vind sitt område: «WINDKRAFT IN NORWEGEN Herr Vågenes Kampf gegen die Windmühlen»

Det kanskje mest interessante i artikkelen er ein graf som viser tysk vindindustri i krise. Halvert utbygging frå 2017–2018. Og nesten ingenting, til og med langt under norsk vindutbygging, no i 2019. Av svært mange grunnar.

Vi må difor rekna med auka press både frå tysk og dansk handelskammer om meir norsk utbygging for å berge utanlandske arbeidsplassar. Og sikre utanlandske pensjonsfond langt betre inntekter enn i eigne land. I tillegg til press frå alle dei mektige innanlandske NORWEA-medlemmene.

Uansett syn på vindkraft er det i dag heilt uakseptabel skeivfordeling mellom ulempene lokalt på botnen av vindpyramiden og profitten på toppen.

Kan Indre Sunnfjord lære av Ytre Sunnfjord? Flora og Bremanger og vår eldste by Florø vart lurt trill rundt av vindutbyggarane og staten når det galdt Guleslettene, som vi har sett av ulike medieoppslag. Det vil vere sørgeleg og ei skam for heile fylket om den nye storkommunen – som indianarane i 1624 – også tek til takke med glasperler og ei flaske brennevin!

Seier ja til 5 milliardars vindutbygging for promille i staden for prosentar. Seier ja for nokre små usikre millionar i staden for hundretals millionar og milliardar. Som staten så inderleg vel unner dei store selskapa og kapitalinteressene i inn- og utland lenger oppe i «vind-næringskjeda».

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags