Vindkraft fører til lågare klimagassutslepp

Av
DEL

LesarbrevOlav Sande og Erik Solheim svarar på lesarinnlegget vårt i Firda 9. oktober, som var eit tilsvar til Solheim, som i Firda 30. september hevda at vindkraft ikkje fører til lågare utslepp av klimagassar.

Sande har fått inntrykk av at vi meiner at det bør byggast store mengder vindkraft i den norske fjellheimen. Det meiner vi ikkje, og vi
skjønar ikkje korleis Sande kan lesa det ut av innlegget vårt. Sande hevdar også at andelen fornybar energi i europeisk kraftproduksjon er fallande. Det er ikkje riktig. Andelen har auka kvart år dei siste 15 åra, ifølge det europeiske statistikkbyrået Eurostat. Dei andre analysane hans er heller ikkje riktige, mellom anna fordi han ikkje tek omsyn til energitapet når det blir laga elektrisitet av kol og gass.

Solheim gjentek at vindkraft ikkje fører til reduserte klimagassutslepp, og han viser til tysk statistikk. Vi er framleis ikkje samde med han og kan gjerne gjenta det vi sa i det første innlegget vårt: vindkraft og annan fornybar kraftproduksjon erstattar kraftproduksjon i kol- og
gasskraftverk. Derfor fører dei til lågare utslepp av CO₂.

Det tydelegaste eksempelet på dette er Storbritannia, der kolkraftverka nesten ikkje er i bruk og det er teikn til reduksjon også i gasskrafta. Kraftig utbygging av vindkraft, i tillegg til ein del solkraft, har gjort dette mogleg. I Storbritannia har dessutan avgifter på CO₂-utslepp ført til at kolkraftverka også tapar mot gasskraft, som har betydeleg lågare utslepp.

I Tyskland er bildet meir komplisert. Også der er det bygd ut store mengder sol- og vindkraft dei siste åra – den samla produksjonen er på rundt 140 TWh årleg, meir enn samla norsk kraftproduksjon. Som Solheim skriv, var fallet i CO₂-utslepp fram til 2018 likevel forsiktig.

Ein viktig grunn til det er at Tyskland no gjennomfører ei styrt nedlegging av kjernekraftverka. Utan veksten i sol- og vindkraft ville kjernekrafta ha blitt erstatta av fossil kraftproduksjon, og CO₂-utsleppa ville ha auka. I tillegg har låge kostnader ved CO₂-utslepp ført til at gasskrafta har tapt mot kolkrafta, som har dobbelt så høge utslepp. Det siste året har kostnadane ved CO₂-utslepp auka kraftig, slik at kolkrafta blir pressa ut og utsleppa er betydeleg reduserte.

Også i Tyskland fører auka produksjon av sol- og vindkraft til redusert bruk av fossil energi og dermed lågare utslepp av klimagassar.

I Norge er praktisk tala all kraftproduksjon fornybar. Auka produksjon av fornybar kraft kan likevel gje reduserte utslepp av klimagassar, ved at elektrisitet erstattar fossil energi. La oss nemna to døme: Elbilar fører til redusert bruk av bensin og diesel. Fyringsolje er i stor grad erstatta av varmepumper, som brukar elektrisitet til oppvarming på ein effektiv måte.

Vi er elles einige med Erik Solheim i at redusert bruk av energi vil vera viktig for å redusera utsleppa. Men skal utsleppa reduserast så mykje som nødvendig, er det også nødvendig å auka produksjonen av fornybar energi.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags