Vindkraft – for lita til evig tid

ILLUSJONAR: Visjonane som går ut på å drive våre samfunn vidare om lag som før, med alternativ energi, viser seg å vere illusjonar, skriv artikkelforfattaren.

ILLUSJONAR: Visjonane som går ut på å drive våre samfunn vidare om lag som før, med alternativ energi, viser seg å vere illusjonar, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevHenrik Sætnes og Hans Magne Ådland, begge i Statkraft, kritiserer meg for å underslå at meir vindkraft pressar ned utsleppa av klimagassar. I Tyskland har Umwelt Bundesamt eit diagram som viser utsleppa av drivhusgassar sidan 1990. Karbondioksid har i dette bildet falle litt i tida 2008 til 2017, men ikkje meir enn vel tre prosent.

Spørsmålet er så: Kva er grunnane til nedgangen. Finanskrisa i 2008 gjorde sitt, og det vert hevda frå fleire at kvotesystemet i EU så smått har fått litt av den tilsikta effekten. Det er kvotesystemet som styrer utsleppa, ikkje kvar ny kraft kjem frå. Om meir vindkraft og mindre utslepp skulle falle saman i tid, fortel ikkje det at vindkrafta er årsaka til nedgangen. Dette er elementært i faget statistikk.

Verre er den historia professor Øystein Noreng fortalde i Teknisk Ukeblad 5. oktober i fjor, med den tyske riksrevisjonen som kjelde. Riksrevisoren meiner å ha dekning for at utsleppa av CO₂ i 2017 var høgre enn i 2009, og at forbruket av energi i 2017 igjen var oppe på nivået før finanskrisa i 2008. Berre i dei siste fem åra har Tyskland brukt minst 160 milliardar euro på energieventyret, over tusen milliardar kroner. I tillegg kjem høgre straumprisar og andre ulemper, som eit meir ustabilt straumnett. Fleire nye kolkraftverk kom til på same tid, hadde riksrevisjonen notert seg.

10 TWh fornyeleg energi som kjem i staden for kolkraft i Europa, gjev ni millionar tonn mindre utslepp, fortel Sætnes og Ådland. Utsleppa i Tyskland ligg rundt 900 millionar tonn, i heile EU noko over 4000 millionar tonn. Tala er frå Umwelt Bundesamt. Om vilkåret frå dei to held stikk, vil dei i EU oppnå i overkant av 0,6 prosent mindre utslepp med sine 10 TWh. Det er sanneleg langt igjen.

Problemet med deira ambisjonar er at dei let seg ikkje gjennomføre. Vindkraftutbygginga i Tyskland, det landet i Europa som satsa mest, har i praksis stansa. Protestane vart for store, og pengestøtta til roterande knivar over enorme landskap går mot slutten. Her til lands viser reaksjonar på rammeplanen frå NVE at kommunane slett ikkje vil ha dei enorme inngrepa som vindkraftanlegga let etter seg. Det er ikkje meir å hente innanfor det naturen og menneska toler. Heller ikkje har nokon kunna peike på andre kjelder til fornyeleg energi som kan hamle opp med den enorme straumen av fossile brennstoff.

Visjonane som går ut på å drive våre samfunn vidare om lag som før, med alternativ energi, viser seg å vere illusjonar. Noreg, og mange andre land, brukar mykje meir pengar på innsats som aukar utsleppa, enn på tiltak som dempar dei. Realitetane er nok så hardfengde at skal utsleppa ned, må vi klare oss med mindre mengder energi. Vi må rett og slett dempe forbruket av den krafta som har gjort alle rike land rike, den fossile. Utan å ha noko å setje i staden.

Statane på gå laus direkte på det som gjev utslepp, ikkje lenger prøve omvegar som kverkar natur og landskap, utan å føre til målet. Mange har store tankar om dei små kjeldene til lite konsentrert energi i vind og mangt anna. Ingen har påvist at dei kan måle seg mot den enorme innsatsen av det fossile. Naturen føyer seg ikkje etter sterke ønskje.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags