Tungt er det å endre Kina

Erik Solheim

Erik Solheim Foto:

Av
DEL

LesarbrevGunnar Harstad spør korleis vi som er mot vindkraft i vårt land, stiller oss til at Equinor får løyve til å byggje turbinar til havs i Kina, Storbritannia og USA, mot stor lokal motstand.

Eg kan ikkje svare for andre. Men eg tippar mange tenkjer som eg: Vi bur i Noreg og har høve til å forsvare naturen her. Å påverke vedtak i Kina, trur vi er ei oppgåve over vår evne.

Fleire har sagt og skrive at norske farvatn truleg er ei mindre skadeleg lokalisering enn på land. Men kunnskapen om konsekvensane der er mager. Over havet går òg fugletrekk, men rutene er ukjende.

Det som er opplagt, ut frå dagens kunnskap, er at skal vi berge det meste av livet på jorda, kan ikkje den rike eliten vi er ein del av, halde fram med å strekkje våre klør ut over stadig større areal for å hente meir energi. No ser det ut til at ein stor del av folket ser akkurat det.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags