Største rasering av norsk natur nokon gong

INNGREP: Det som nå skjer med bygging av vindkraft i vår vakre natur i vårt langstrakte land er den historisk største raseringa av norsk natur og naturmangfald nokon gong, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser deler av
Del av Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune.

INNGREP: Det som nå skjer med bygging av vindkraft i vår vakre natur i vårt langstrakte land er den historisk største raseringa av norsk natur og naturmangfald nokon gong, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser deler av Del av Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune. Foto:

Av
DEL

MeiningarFN sitt naturpanel har siste dagane publisert klare åtvaringar; endring av arealbruk er den største trusselen  mot artsmangfaldet på jorda, ein større trussel enn klimaendringane.

Men det som nå skjer med bygging av vindkraft i vår vakre natur i vårt langstrakte land er den historisk største raseringa av norsk natur og naturmangfald nokon gong. Og nye store inngrep er under planlegging. Eg har hatt heile landet som arbeidsfelt og har i vår og sommar fått skaffa meg innsyn i mange av øydeleggingane.

Kraftutbygging var også mitt fagområde, eg har teke del i planlegging og utbygging og rehabilitering av nærare 50 vasskraftanlegg i fire verdsdelar. Ikkje berre som ingeniør i yngre alder, dei seinare åra også som styreleiar i kraftselskap og energiselskap. NTNU har berekna at vindkraft under utbygging og planlegging kan erstattast ved rehabilitering og reduksjon av tap i eksisterande anlegg. Dette kan i stor grad gjennomførast utan nye synlege inngrep. Potensialet for energiøkonomisering er også stort. Og vi må redusere vårt totale forbruk av jorda sine ressursar, ikkje minst forbruk av naturen.

Det er difor skuffande å sjå at mange kraft- og energiselskap kastar seg på den spekulative bølga i Norge med å bygge «business» basert på sal av våre felles verdiar. Dette var eit vindauga som opna seg gjennom:

a) Sterk subsidiering av småkraft og vindkraft gjennom grøne sertifikat, men enda meir gjennom auke av nettleige for å bygge kraftlinjer til vindkraftanlegga.

b) Låg skattlegging utan grunnrente for utnytting av vår felles natur.

c) Svak lovgjeving, ikkje vern mot spekulantar slik vasskraftlovene vart utforma tidleg i forrige århundre.

d) Eit byråkrati i NVE med tilsynelatande store fullmakter som stort sett let alt sleppe gjennom utan grundige konsekvensanalyser.

e) Store kapitalmengder i Europa, spesielt frå pensjonsselskap, på jakt etter nye infrastrukturinvesteringar i eit «ferdig utbygd» Europa.

Menneskeskapte klimaendringar har heldigvis fått større og større merksemd. Men dette vert utnytta fullt ut av spekulantane og deira kommunikasjonsekspertar, slik at politikarar og media ikkje torer å gå inn diskusjonane. Ikkje minst bransjeorganisasjonane for kraftselskapa; Norwea og Energi Norge, utgjer eit stort lobbyapparat.

Kunnskapen om vasskraft er stor i Norge. Før norsk oljealder var vi industrielt også leiande i verda på fornybar kraft. Men kunnskap om vindkraft har derimot vore låg, også hos politikarane. Det tok det mange år før folk forstod kva som verkeleg var på gang. Først når dei store utbyggingane brått starta opp i fjor og første halvår i år, gjekk det opp for oss kva som skjedde.

Men NVE, OED og investorane, også leiinga hos kraftselskapa visste kva som skulle skje. Dei visste at dei skulle bygge milevis med breie vegar gjennom store skjeringar og høge fyllingar, gjennom  punkterte myrar, med store utslepp av metan, ein drivhusgass meir enn 20 gonger verre enn CO2. Planering av ei halv fotballbane for oppstilling av kvart turbintårn, kvart fundament med opp mot 1000 tonn betong og 50 tonn stål. At tårna skulle verte mykje høgare enn i konsesjonssøknadane, at turbindiameter skulle aukast til kanskje meir enn 150 meter, at kvar turbin skulle dekke eit areal både horisontalt og vertikalt på 15-20 dekar.

At i dette luftrommet skulle det drepast mengdevis av fuglar og insekt, at iskasting skulle avskjere folk og dyr frå å bevege seg trygt mellom turbintårna. Dei visste om støy og lågfrekvente bølger, om skuggekasting av sollys, at vengene må utstyrast med blinkande lys for å varsle luftfarten, at turbinvenger laga av komposittmateriale vil vere spesialavfall etter 20 år, at erosjon av overflata startar ved første omdreiing i vårt tøffe klima, og at denne erosjonen fører til utkasting av karbonfiber og mikroplast som går inn i det levande kretsløpet i naturen. Verknadsgraden fell frå første omdreiing, og dei visste om overføringstapa til marknadane på kontinentet. Dei veit at med den ustabile vindkrafta må anna kraftproduksjon køyrast med andre variasjonar enn kva som var forutsett. Og dei visste nok at dette ikkje var ein del av klimakampen.

Minnesmerka over vindkraftspekulantane sine (u)gjerningar vil bli ståande. Berre tunge isbrear kan fjerne alle vegar, fjellskjeringar, og betongfundament. Kven kan opprette nye myrar som metanlager? Og kva med helse og livskvalitet for dyr og menneske? Kva med all splid som vert skapt i bygdene våre, der nokre få grunneigarar, gjerne med trussel om ekspropriasjon, gjev etter for at nokon skal profittere på felles natur og allemannsrett. Dei andre set att med sorg over dei øydelagde «horisontane». Bulyst og grunnlag for næringsliv vert svekka, ikkje minst for den hurtigast veksande næringa, reiselivsnæringa. Dei best betalande turistane kjem for å oppleve urørt natur med tilhøyrande kulturlandskap.

Nokre norske kjende spekulantar har allereie tent milliardbeløp på tilrettelegging av vindkraft før dei selde ut til internasjonale kapitalinteresser. Nye raid i norsk natur er under planlegging.

Men kva så med våre felleseigde kraftselskap som også kasta seg på denne bølga? Manglar leiing og styrer  kunnskap eller verdigrunnlag? Vi har alltid sett på dei som solide samfunnsinstitusjonar, men nå fell omdømma. Har dei rett og slett uvitande teke feil beslutningar? Då må dei innrømme det og stanse alle utbyggingar omgåande. Og på same måte som vi alle har teke del i subsidieringa av vindkrafta må vi nok også betale avslutningskostnadane. Leiarar tek ofte feil, men dei må snu straks dei oppdagar feilen, då kan dei vinne att respekt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags