Oslo kan bli leiande på vindkraft

GIGANTMØLLER: Går føre med gigantvindmøller i alle våre større hamner, og hamnevindmøller på Oslo hamn. Høge nok til å gje skuggekast over både operaen og Aker Brygge og Kongens slott og Regjeringskvartalet, skriv artikkelforfattaren.

GIGANTMØLLER: Går føre med gigantvindmøller i alle våre større hamner, og hamnevindmøller på Oslo hamn. Høge nok til å gje skuggekast over både operaen og Aker Brygge og Kongens slott og Regjeringskvartalet, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Puslete NRK-debatt frå Flåm 29.8 om utslepp frå cruiseskip og andre skip. Desse verdas miljøverstingar, profittmaksimerande på tungolje med fortenesta i skatteparadis.

Dei to siste åra, 2017 og 2018, har CO₂ -utsleppa i verda auke kraftig – stikk i strid med alle politiske miljømål : «Det er i ferd med å bli krystallklart at verden hittil har mislyktes med å endre kursen mot noe som samsvarer med målene som ble satt i Parisavtalen i 2015» samanfatta nettstaden forsking.no 5.12.2018.

Jau takk, vi som opplevde ekstremnedbøren og rasa her i Breim og Utvik i 2017, og no i Jølster og Hyen merkar det! No må våre politiske og økonomiske og urbane elitar i større grad gå føre med anna enn ansvarsforskyving og krangel!

«Elferje sluker straumkapasiteten» kunne vi lese i Stavanger Aftenblad 6.3.2019. Det regionale kraftselskapet Lyse fortel om store kostnader og nye lange linjer som må til for oppgradering av nettet på grunn av el-ferje berre i Hjelmeland i Ryfylke. Her må difor tenkast nytt og stort om heile verdas cruise- og skipsflåte skal elektrifiserast i vårt tusenår!

Noreg er ein tradisjonell verdsleiande sjøfartsnasjon. Oslo og byane langs Oslofjorden og andre sjøfartsbyar som Stavanger, Bergen og Trondheim vil bli hardt råka av klimaendringar og stigande havnivå. Enkelte kystbyar har byrja planlegge dike a la Nederland. Nederland skal ha eit eksemplar av verdas til no største havvindmølle på plass også i hamna i Rotterdam om berre 4–5 år. Det er ei langt meir offensiv haldning enn dikebygging mot syndfloda!

Oslo vil markere seg internasjonalt som fornybar-hovudstad. Kjempeflott! Men eg les at Oslo-veljarar ikkje vil ta stilling til vindkraft – av di det ikkje er aktuelt for dei.

Ola Bergheim

Ola Bergheim Foto:

Noreg og Oslo som fornybar-hovudstad bør tvert imot markere sin vilje til klimaansvar med ein majestetisk kolonne av minst 325 m høge vindmøller på begge sider av Oslo-fjorden. Som internasjonalt symbol for Nye Noreg på same måten som det 324 m høge Eiffeltårnet er for Frankrike.

«Bør man komme frå Østfold og Buskerud og øydeleggje i Trøndelag?», spør Naturvernforbundet i Trøndelag i eit ope brev i Drammens Tidende 22.6.2019. Til politikarane på fylkestinget og i kommunestyra i Østfold og Buskerud. Som eig og tener svært gode pengar på det omstridde vindkraftselskapet Zephyr. Som vi kjenner også her i fylket frå Guleslettene, vindplanane ytst i Sognefjorden som NHO reiseliv går så sterkt mot, og andre stader.

2 av dei 13 områda som var godt eigna for vindkraft i NVE sitt nylege framlegg til nasjonal vindkraftplan er på grensa Buskerud/Vestfold og i Østfold. Dei flate Zephyr-fylka rundt Oslofjorden – Vestfold, Drammens-delen av Buskerud, Akershus, Oslo og Østfold – har dessverre ikkje fått tatt del i vår felles fornybare klimadugnad med utbygging av den store vasskrafta på 1900-talet og småkrafta etter 2000. Av mangel på fjell og nedbør og vassdrag å bygge ut.

No kan dei heldigvis få bli dei leiande – også på verdsbasis – når det gjeld utbygging av vindkraft. Høgda på vindmøllene har dobla seg berre på få år, og er no oppe i 250–270 m. Langt større er under utforsking ifølge Teknisk Ukeblad 27.8.2019. Snart har vi vel 300–400 m høge møller. Kanskje ikkje fullt så gode vindtilhøve rundt Oslofjorden som her på vestlandskysten, men mykje betre enn nede på kontinentet. Der vi finn skogar av vindmøller.

Det ser ut til å vere vanskeleg transport- og terrengmessig å få høgare vindmøller enn 200–250 m innover i landet og opp på fjelltoppane langs Atlanterhavskysten vår. Men å ta 300–400 m høge møller i båt inn Oslofjorden og plassere dei på småknausane og småøyane i strandkanten eller lite grann ut i fjorden gjer at ein der kan ha mykje høgare og dermed meir effektive og økonomiske møller. Litt innover i dei flate Oslofjord-landskapa skulle vel også gå svært greitt transportmessig om det enkelte stader vert litt plasseringsproblem langs strandkanten. Nyttig å ha nokre mindre møller på 200–250 m kombinert med batteri som ladestasjonar langs europavegane rundt Oslofjorden. Og fleire kan då beundre dei på nært hald.

BT-kommentator Hans Mjelva nemner ikkje desse fantastiske mogelegheitene i Oslofjorden. Han refsar og låttleggjer tvert imot folk i Flora og Bremanger for manglande vilje til klimaansvar i sin kommentar 2.4.2019 om «Hysterisk vindkraftmotstand»:
«Då eg las om folket i Florø som reagerte på at dei ville sjå vindturbinar med blinkande lys oppe på Guleslettene vindkraftverk, tenkte eg at det var då svært så kjenslevare folk var blitt.

Her bur du i ein by full av hus, gatelys og andre spor etter menneskeleg aktivitet, og så blir då så provosert av nokre vindturbinar du ikkje kan høyre, berre sjå? ... Motstanden mot vindturbinar, eller vindmøller om du vil, er i ferd med å gå ut av alle proporsjonar ... når enkelte meiner det òg betyr at denne naturen blir øydelagt om ein ser vindturbinar mange kilometer unna, fell eg av lasset. Folk som blir provosert av å sjå dei kvite turbinane på Fitjar frå Byfjella i Bergen, til dømes.

Ja vel – men då har vel ingen i Bergen noko mot vindmøller ved innløpet til Bergen hamn? Når dei berre er såpass langt frå land at dei ikkje høyrest. Eller noko mot å sjå vindmøller på byfjella, sameleis som på Fitjar.

Klimaet treng at Noreg går føre i Det grøne skiftet også i spektakulær handling, som miljøfyrtårn for heile verda! Går føre med gigantvindmøller i alle våre større hamner, og hamnevindmøller på Oslo hamn. Høge nok til å gje skuggekast over både operaen og Aker Brygge og Kongens slott og Regjeringskvartalet. Og dermed setje klimaspørsmåla direkte i synsfeltet. Kombinert med gigantbatteri for lagring av vindstraum til skip (og bussar og bilar). Går føre i handling og dermed får andre havnasjonar med. Går føre og gjer det mogleg med eit raskt og effektivt absolutt påbod om elektrifisering av skipsfarten, verdas største ureinarar.

Då vil ein også sleppe å ta meir av vår pressa natur på land til energiutbygging. Mindre dyr ny linebygging over lange avstandar. Mindre nødvendig for folk her i fylket å sitje klar i bilane for å rømme hus og heim ved nye varsel om ekstremnedbør.
Då kan framleis innseglinga til Sognefjorden, verdas beste natur-reisemål, vere vindmøllefri. Og Brasil, India og Kina og andre vonleg overtydast om at klimatiltak og utsleppskutt ikkje er sleipe forsøk på nykolonialisme. Frå den rike delen av verda som historisk bygde sin velstand på CO₂-utslepp.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags