La oss verne om den flotte naturen

STILLE: Vindmøller blir plassert høgt og fritt i fjellterreng for å fange mest mogleg vind, er synleg på fleire mils avstand, og kan gje høyrbar støy fleire kilometer unna. Det er ikkje i samsvar med folket sitt ønskje om stille og ro når dei oppsøkjer fjellheimen, skriv artikkelforfattaren.

STILLE: Vindmøller blir plassert høgt og fritt i fjellterreng for å fange mest mogleg vind, er synleg på fleire mils avstand, og kan gje høyrbar støy fleire kilometer unna. Det er ikkje i samsvar med folket sitt ønskje om stille og ro når dei oppsøkjer fjellheimen, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

MeiningarDet har vore skrive mykje vettig om vindmøller i Firda avis, men og det eg kallar for «Fake news» som ikkje er til å feste lit til. Då er det vanskeleg og ikkje bli engasjert, og å blande seg inn i debatten. Dei som kjem med relevante og truverdige debattinnlegg er, etter mi meining: Per Kjelstad, Gaular, Erik Solheim, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Idar Mo, Sogndal og Åsm und Berthelsen, Naustdal.

Per Kjelstad tar for seg støyproblem med vindmøller, og viser til den danske professoren Henrik Møller om at vindmøller kan gje merkbare støyplager fleire kilometer frå der vindmøllene er plassert (Firda avis 16.05).

Eirik Espeset, direktør i Tafjord kraft, tidlegare styreleiar i Zero, har dette tilsvaret til Per Kjelstad om professor Møller sin teori: «Eg kan heilt sikkert finne ein annan professor, som har ekspertise på støyområdet, som vil hevde det motsette». (sitat slutt). (Firda avis 21.05).
Denne uttalen kunne direktøren i Tafjord kraft spart seg. Det skjer ofte at når eit konsulentfirma vert leigd inn for å gje ei utgreiing, så er «dei kjøpt og betalt» av oppdragsgivar, og resultatet blir som ønska. Det treng ikkje vere openbert feil, men resultatet av undersøkinga er helst gjort under optimalt gunstige forhold.

Helge Ottesen.

Helge Ottesen. Foto:

Det vil vere stor forskjell på støymålingane frå vindmøller om vinden blæs mot eller frå støyobjektet. Luftfuktigheit og nedbør vil og truleg gjere seg gjeldande. Ved slike støymålingar av vindmøller, bør målingane takast når forholda er verst mogleg. Då vil nok den danske professoren har rett i sin påstand.

Per Kjelstad uttalar og i eit tidlegare avisinnlegg i Firda, at det kan bli ising på dei store rotorblada om vinteren, og at store isklumpar kan bli slynga langt av garde når dei losnar i mildare ver. Det kan vere direkte livsfarleg for folk og dyr i nærleiken. Direktør Eirik Espeset avviser ikkje dette. Då trur eg Per Kjelstad har rett i dette og. Det er noko å ta til viten.

Eg meiner å hugse at Espeset hadde eit innlegg i Firda tidlegare, der han hevda at fjellområdet mellom Gaular og Høyanger var godt egna for vindmøller, for der var høgspentlinjer frå før, og folk ville ikkje sjå vindmøllene frå der dei bur i låglandet. Det trur eg ikkje gjeld for dei som bur på Sande og Hestadgrend. Dei vil nok sjå vindmøller på det vakre Snøfjellet.

Men at vindmølleforkjemparane ikkje bryr seg om folk som søkjer fjellet for rekreasjon og betre helse, eller å finne stille og ro på fjellet, er ikkje noko nytt. I det påtenkte vindmølleområdet er det fleire fritidshus, og der er fleire gode fiskevatn. Jakt og fiske er ein kjær hobby for fleire. Nokre går på molteturar, medan andre går på skiturar om vinteren i det flotte skiterrenget. Er ikkje dette noko å bry seg med?

DNT hadde for mange år sidan ei spørjeundersøking om kva som var viktigast for medlemmene med friluftsliv. Eg reagerte på resultatet av undersøkinga, for det var ikkje etter mi prioritering den gongen. Over 80 % svara at «stille og ro» var det viktigaste med å vandre på fjellet. Seinare i livet mitt. Om lag 40 år etterpå, og med tallause fjellturar, åleine saman med min trufaste turvenn, hunden min, har eg oppdaga nye kvalitetar med å gå på fjellet. Eg er no heilt samd med fleirtalet av medlemmane i DNT. Stille og ro er det viktigaste.

Vindmøller blir plassert høgt og fritt i fjellterreng for å fange mest mogleg vind, er synleg på fleire mils avstand, og kan gje høyrbar støy fleire kilometer unna. Det er ikkje i samsvar med folket sitt ønskje om stille og ro når dei oppsøkjer fjellheimen. I tillegg får vi visuelle forureiningar i det harmoniske fjellandskapet med store høgspentlinjer, gedigne vindmøller og lange og breie vegar for å transportere dei tunge vindmøllene med 180 meters rotorblad. Høgder i terrenget vert sprengt vekk og store søkk blir fylt opp med steinmassar. På nettet kan ein sjå groteske bilde av utsprenging og steinfylling ved vegbygging til vindmøller.

La oss verne om den flotte naturen, vegetasjonen og faunaen vi er så heldige å ha i vårt vakre fylke – slik at seinare generasjonar kan få den same positive opplevinga som oss når dei ferdast i urøyrd fjellnatur.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags