Historia vil felle dommen

MANGE: Eg kjenner mange frå Viksdalen og Høyanger som beitar både med storbeist og sau i området. Dei fleste av desse er positive til vindkraft, skriv Erik Espeset.

MANGE: Eg kjenner mange frå Viksdalen og Høyanger som beitar både med storbeist og sau i området. Dei fleste av desse er positive til vindkraft, skriv Erik Espeset. Foto:

Av
DEL

LesarbrevPer Kjelstad og Odd Yndestad etterlyser fleire og betre faglege argument for vindkraft på Viksdalen. Desse har eg framført i tidlegare lesarinnlegg og på Facebook, og kjem ikkje til å gjenta dei. Elles er det utbyggjar som må kome opp med desse i konsesjonssøknaden viss denne nokosinne vert sendt. Eg har skrive lesarbreva mina for å skape ei motvekt mot vindkraftnegativiteten som har kome før nokon har skissert ein konkret utbyggingsplan.

Yndestad skriv at demokratiet er i ferd med å breste. Det er ein dryg påstand. NVE som gjer vindkraftkonsesjonar er underlagt OED som er ein del av regjeringsapparatet. Dette igjen er underlagt vårt høgste folkevalde organ Stortinget. Når NVE får ein konsesjonssøknad på bordet er vertskommunen høyringsinstans. Normalt vil NVE ikkje gje konsesjon dersom vertskommunen er negativ og har god grunngjeving for dette. På Frøya var kommunen positiv til konsesjonen i 2012. Så vidt eg kjenner til har NVE gitt konsesjon i to tilfelle der kommunen var negativ. Elles har NVE avslått 12 konsesjonssøknader sjølv om vertskommunane her var positive. Dermed er det vel i dei avslåtte vindkraftkonsesjonane at lokaldemokratiet verkeleg er overkøyrt.
Eg kan trøyste vindkraftmotstandarane med at viss konsesjonssøknaden på Viksdalen vert sendt, så skjer dette tidlegast i 2021. Dermed har dei rikeleg med tid til å samle folkevald støtte og gode argument mot.

Yndestad synest at urørt natur er viktig. Det er lett å vere einig i. Men vi må hugse på at menneska har brukt og endra på naturen i 10.000 år. Det vil vi måtte fortsette med. Vi ville f eks aldri kunne brødfø alle folk på jorda utan et moderne landbruk med store naturinngrep. Når vi skal gjere endringar i naturen så gjeld det å vege ulempene opp mot fordelane. Det viktigaste for oss og naturen no er å redde klimaet.

Eg kjenner mange frå Viksdalen og Høyanger som beitar både med storbeist og sau i området. Dei fleste av desse er positive til vindkraft. Kjelstad må gjerne tru at eg her tek feil, med det får vi svaret på når utbyggjar er klar til å presentere kor mange som har skrive under på avtale.

Historia vil nådelaust døme oss som var positive til vindkraft seier Kjelstad skråsikkert. Det kan hende at han får rett, men det kan også hende at historia vil døme motstandarane dersom dei vinn fram.
Om 20 år kan det bli skrive historie om milliardinvesteringa som ville gitt private og offentlege pengar, og aktivitet i Gaular. «Sa dei nei til dette?». Det blir svært spennande og vi går i alle fall ikkje inn i den historiske gløymeboka. Utfallsrommet er stort, enten blir eg geni- eller idiotforklart.

Kjelstad utfordra meg som fagmann på kva ei vindkraftutbygging vil gjere med nettleiga til den alminnelege nettkunde i Gaular. Ei eventuell vindkraftutbygging i det aktuelle området vil få bygd ei eiga kraftlinje frå Statnett sin sentralnettstasjon i Høyanger. Dette vil bli eit såkalla «produksjonsrelatert nettanlegg» og skal betalast fullt ut av utbyggjar. Den alminnelege nettkunde vil dermed ikkje bli noko belasta med høgre nettleige.

Vindkraftutbygginga har nær samanheng med utbygging av utanlandskablar påstår Kjelstad. Dei siste kablane til Tyskland og Storbritannia fekk konsesjon i 2014. Dersom det blir sendt konsesjonssøknad på dette vindkraftprosjektet så reknar eg med at det blir mellom 2020 og 2025, ca. 10 år seinare. Det er vanskeleg å sjå korleis desse sakene heng i hop. I 2014 var det vel ingen som eingong drøymde om dette vindkraftprosjektet.

Ei lettsåra pingle som meg burde ha forstått betre enn å gå inn i Kjelstad sitt røffe debattklima. Lesarane av Kjelstad sitt siste innlegg bør legge merke til korleis han bagatelliserer personangrep på motstandar fordi saka og synet som han står for er så viktig og rett. Då må vel alle verkemiddel kunne takast i bruk? Dette svekker den frie meiningsytringa som eit levande demokrati skal ha. Det er mange som vil tenkje seg om to gonger før dei skriv mot Kjelstad. Han googlar lett opp noko grums i fortida di, og så kokar han ei tynn supe på dette som han får på trykk i avisa. I dette oppkoket frå Kjelstad framstår du som lite truverdig og med skulte motiv.

Firda bør no sleppe til andre debattantar som har nytt å kome med i denne saka. Eg trur at lesarane har fått nok av tomannsdebatten mellom Kjelstad og meg. Så vidt eg kan sjå så har vi begge tømt det som finst av skarp sakleg ammunisjon. Vindkraftsommarferien er over og eg har ein jobb å konsentrere meg om. Kjelstad er ein mektig mann i Gaular med mange år som ordførar på baken. Han likar nok å få siste ordet i saka og det vil han også få når han svarar på dette innlegget.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags