Fornybar energi avgjerande for klimaet

AVGJERANDE: Storstilt utbygging av fornbyar energi, inkludert vindkraft, er avgjerande om dei globale utsleppa av klimagassar skal reduserast. Bildet er frå Mehuken i Vågsøy.

AVGJERANDE: Storstilt utbygging av fornbyar energi, inkludert vindkraft, er avgjerande om dei globale utsleppa av klimagassar skal reduserast. Bildet er frå Mehuken i Vågsøy. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Erik Solheim hevdar i eit lesarinnlegg i Firda 30. september at vindkraft ikkje hjelper mot klimaendringar. Dette kan ikkje stå uimotsagt. Storstilt utbygging av fornbyar energi, inkludert vindkraft, er avgjerande om dei globale utsleppa av klimagassar skal reduserast.

Det er brei semje om dette mellom analytikarar, inkludert Det internasjonale energibyrået (IEA) og det meir progressive Bloomberg NEF.

Solheim hevdar, utan dokumentasjon, at utsleppa i EU ikkje har gått ned, trass i stor utbygging av vind- og solkraft. Han hevdar også at den tyske energimiksen er uendra og at bruken av fossile brensel er den same som før i Tyskland, trass i 30.000 vindmøller. Begge deler er feil.

Utsleppa i EU har falle med 14 prosent i tiårsperioden 2008-17, og fornybar-andelen i kraftsektoren har gått opp med 14 prosentpoeng. I Tyskland var det i 2018 ein fornbyarandel på 40 prosent i kraftsektoren. Vindkraft åleine utgjer 21 prosent. Bruken av fossil energi til kraftproduksjon gjekk i tiårsperioden 2009-2018 ned med 12 prosent, og utsleppa frå energisektoren fall med 13 prosent. I Tyskland har dette skjedd parallelt med utfasing av kjernekraft, og fornbyar energi har altså erstatta store volum av både kjernekraft og fossil kraftproduksjon.

Solheim brukar også eit tradisjonelt, men lite gangbart argument om at alle tiltak i Norge blir så små at dei ikkje monnar. Klimautfordringa er spesielt vanskeleg nettopp fordi det finst så mange små kjelder. Utslepp frå kvar bil, kvar fabrikkpipe og kvart kolkraftverk må kuttast om ein skal stoppe oppvarminga.

Det å argumentere med at tiltak som gir titals TWh er for små, gir ikkje meining. 10 TWh fornybar energi som erstattar kolkraft i europa medfører ei innsparing på 9 millionar tonn CO2, tilsvarande 17 prosent av Norges totale utslepp. Erstattar dette gasskraft, vil utsleppa framleis bli reduserte med 4,5 millionar tonn. Dette kan sjølvsagt ikkje åleine løyse Europas klimaproblem, men vil vera eit av mange viktige bidrag.

I Norge er vi i den heldige situasjonen at vi har eit kraftsystem praktisk tala utan utslepp. For oss vil reduksjon i klimagassutslepp difor i stor grad handle om å ta utsleppsfri kraft i bruk for å kutte utslepp i andre sektorar, særleg transport og industri. Statkraft, som er Norges største produsent av vasskraft, Norges største produsent og utviklar av vindkraft og Europas største produsent av fornybar energi, har ei viktig rolle her. Vi meiner at ei balansert utbygging av fornybar energi i Norge er fornuftig, om det blir gjort grundige vurderingar av fordelar og ulemper ved kvar utbygging.

I slike vurderingar er det sjølvsagt viktig å ta omsyn til naturinngrep og konsekvensar for lokalsamfunnet. Men utbygging av fornybar energi gir også fordelar. Ein av dei er reduserte klimagassutslepp. Erik Solheims påstand om at vindkraft ikkje hjelper klimaet, er grunnlaus.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags