Bør beklage for folk i Hyllestad

Av
DEL

LesarbrevI kveld 8. oktober 2019 brenn det vardar på fjell i Hyllestad og andre kommunar. Det er krig i landet. Krig mot vindmøller. I gamle dagar når vardane brann skauv folket i Hyllestad langskipa frå land, væpna seg med boge og pil, langøksar, sverd og spjut. Møtte fienden og dreiv han bort.

Hyllestad kommune har i kampen mot vindmøller nøgd seg med å kaste kvernsteinar mot inntrengarane. Kvassaste våpena har dei lagt att heime. 4 – fire- freda naturreservat med hekkande raudlista fuglar – det einaste som kan stoppe ei kvar form for utbygging er gløymde. På ein slik kveld høver det med «rosande» ord om Hyllestad kommune si handtering av vindmøllesaka.

I uttalen til www.regjering.no 06.09. 2019 er kommunestyret i Hyllestad sitt Nei til vindmøller og Kvernsteinsparken med. Meir var ikkje turvande grunna den solide uttalen frå Hyllestad kommune til NVE dagsett 19.10.2018 skriv Askvik.

Eg sit med den uttalen framføre meg no. Her er nemnd Kvernsteinsparken med buffersone ut Åfjorden Sørbøvåg sida. Kart ligg ved Lihesten er nemnd, innringa med raudt. Område nytta til friluftsliv i ytre delar av kommunen er ringa inn med raudt. Kopiar er sende til ordførar Morten Askvik og til administrasjonen står der nedst. Og dett var dett, som Wesenlund sa.

Ute i Åfjorden ligg Sakrisøyna naturreservat for raudlista hekkande fuglar. Freda 20.12.1991. 1908 daa/mål. Ikkje nemnd. Ønaholmane naturreservat. Freda 28.05.1993.284 daa/mål. Ikkje nemnd. Aksevatnet dyrefredingsområde oppretta 20.12.1991. Storleik 1158 daa. Ikkje nemnd.

I Skor ligg Botnavatna fuglereservat. Oppretta 20.12.1991. Storleik 596 daa. Pga hekkande raudlista fuglar. 2018 og 2019 har hekkande traner fått fram levande avkom. Ein sensasjon. Ikkje nemnd.

Vassbruksmiljøet i Skor-Skorsfossen – med 6 restaurerte kvernar og sag. Freda. Ikkje nemnd. Freda Trondhjemske postveg gjennom Hyllestad. Ikkje nemnd. 50–60 overvintrande sangsvaner i kommunen ikkje nemnd. Altså eit solid utført handverk frå kommunen si side meiner Askvik.

Nytta kjelder; Hyllestad kommune sin uttale til NVE dagsett 19.10.2018. Hyllestad kommune sin uttale til www.regjering.no dagsett 06.09.2019, Google, søkeord Verneområde Sogn og Fjordane, Hyllestad, Google, søkeord: Norsk Ornitologisk Forening Sogn og Fjordane. Der ligg bilde av hekkande traner i Skor. Opphavsrett til bilde og artikkel: Anders Braanaas.

Så du forstår Morten Askvik, alt ligg berre nokre tastetrykk unna på PC-en. Dei i administrasjonen som har arbeid med vindmøllesaka, inklusiv forhenverande ordførar Morten Askvik bør gå ut og beklage for folket i Hyllestad at dei har utført så dårleg arbeid.
Oppmodar folk å gå inn og lesa på opplyste kjelder ovanfor og sjølv døma.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags