Kraft og kolonialisme

PÅDRIVAR: Tore Storehaug og Krf har tatt på seg ei pådrivarrolle for rettferdig utjamning av nettleiga. Om dei ikkje lukkast, blir i alle fall Krf eit parti i «skuggenes dal» saman med Venstre, med sperregrensa som ein himmel dei aldri meir nå, skriv Ola Bergheimi artikkelen.

PÅDRIVAR: Tore Storehaug og Krf har tatt på seg ei pådrivarrolle for rettferdig utjamning av nettleiga. Om dei ikkje lukkast, blir i alle fall Krf eit parti i «skuggenes dal» saman med Venstre, med sperregrensa som ein himmel dei aldri meir nå, skriv Ola Bergheimi artikkelen. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Tore Storehaug, fylket sin stortingsrepresentant frå Krf, henger bjølla på katten i Firda 8.4. Styreleiar i BKK, Jan Erik Kjerpeseth,  og administrerande direktør Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi har fleire gonger i media hevda at det er politikarane som ikkje vil utjamne den urettferdige nettleiga. Storehaug slår fast det stikk motsette:  BKK har i alle høyringar halde fast på at dagens ordning er god. Behrens har og vore lobbyist i Stortinget mot utjamning -  fordi nettleiga i Bergen då vil gå opp!

Utruleg! Sogn og Fjordane er fylket med landets største og mest urettferdige nettleige for oss vanlege straumkundar. Ei urettferd som endåtil har auka sterkt siste åra. Skal ikkje då Behrens  som direktør for eitt av fylket sine største energiselskap  snu alle steinar, og fingranske alle mulegheiter for å få ned vår nettleige?

Med Storehaug sine opplysningar vedkjem fusjonen mellom BKK og Sunnfjord Energi også oss vanlege straumkundar elles i fylket og landet. Småkraftprodusentane (smakraftforeninga.no), distriktsenergiselskapa (distriktsenergi.no), kraftkommunane (lvk.no) og kraftfylka (kraftfylka.no) jobbar alle for utjamning av nettleiga. BKK og Behrens driv altså medviten undergraving av vasskraftprodusentane sine interesser. Med eigarkommunane i Sunnfjord sitt politiske samtykke?

Nettstaden enerwe.no har i mykje lesne artiklar dokumentert urettferda; At dei flate fylka rundt Oslofjorden:  Oslo, Akershus, Østfold  og Vestfold har lågast nettleige. Fylke som sjølve knapt produserer kraft, dei einaste heilt utan småkraftverk.  Nettstaden såg berre på den variable delen av nettleiga, ikkje på totalsummen der mva og el-avgift inngår. Der er urettferda for vårt fylke endå større. Stortingsforslaga og debattane med krav om utjamning  tek utgangspunkt i NVE sin statistikk over nettleige for hushald med årleg straumforbruk på 20.000 kWh. På NVE sine sider finn vi siste 15 åra (2005-2019). Eg har i grafen brukt NVE-tala for utviklinga av nettleiga desse åra for nokre fylke. Fylka med best topografi for straumproduksjon har høge fjell og brear og mange vatn,  djupe fjordar, mykje vind og store bølgjer. Og av same grunnar få innbyggarar pr km2 å dele nettutgiftene på.  Sogn og Fjordane, Nordland og Troms har alle rundt 6 innbyggarar pr km2, Finnmark berre 1,6. Om lag halve nettleiga er statsskatt i form av mva og el-avgift. Dei 3 nordlegaste fylka slepp mva på nettleiga. 6 kommunar i Troms og heile Finnmark slepp også el-avgifta på 15-16 øre/kWh. Vi ser av grafen at sluttresultatet er at Finnmark og Troms har lågast nettleige.

I 2005 låg Sogn og Fjordane i ei klynge på 11 fylke litt over landsgjennomsnittet (sjå NVE si nettside for alle). I 2004 viste berekningar at Sogn og Fjordane hadde største potensialet for småkraftutbygging. Optimismen og utbyggingsiveren vart stor.  I 2010 slo NRK Sogn og Fjordane stort opp at « Sogn og Fjordane toppar klart oversikta over tal småkraftverk – uansett om ein måler i produksjon, effekt eller antal småkraftverk i drift». Kom det oss innbyggarane i fylket til gode? Nei, tvert imot! Nettopp i 2010 gjekk vi forbi Nord-Trøndelag som fylket med høgaste nettleiga. Og sidan «har vi aldri sett oss tilbake». Vi har som grafen viser i 2019 landets suverent høgaste nettleige med 71 øre/kWh. På sølv- og bronseplass på nettleige-toppen 2019 med 62 og 61 øre finn vi to andre store spreiddbygde kraftfylke, Telemark og Møre og Romsdal. Sogn og Fjordane og Telemark er dei to fylka som eksporterer mest kraft og meir enn dei sjølve brukar. Kvifor skal ikkje importørane rundt Oslofjorden og utlandet betale alle eksportkostnader? Og i tillegg gje eksportfylka ei solid forteneste når dei stiller sine naturressursar til rådvelde? Kvifor skal vi betale for at folk frivilleg buset seg i fylke og byar utan eigenproduksjon av elektrisk kraft – sjølve blodåra i vårt moderne samfunn? Er vi demokrati eller koloni?

Distriktsenergi peikar på at det sjølv med storfusjon i Trøndelag ikkje har blitt utjamning av nettleiga selskapa imellom. Det blir grunngitt med at fusjon gjev små reelle innsparingar. Heller ikkje utjamning Trøndelag-Oslo. Distriktsenergi har og reportasjar om ei anna sak eigarkommunane i Sunnfjord bør merke seg: Statskraft mislukkast i 2018 i å få fusjon mellom to av selskapa sine i Statkraftalliansen, Agder Energi og Skagen Energi. Det ville blitt landets nest største nettselskap – men dei kommunale eigarane sa nei. Direktøren i Agder Energi uttala også etter fusjonshavariet at det i grunnen hadde vore ein dårleg ide. Eigarkommunane i Sunnfjord bør vel ta seg tid til å undersøke kvifor fusjon her vest skal vere ein så mykje betre ide enn i sør?

Sjølv Høgre og Frp sine representantar var frå Stortingets talarstol  krystallklare på at urettferdig nettleige i dei kraftproduserande regionane og kommunane no skulle jamnast ut. Terje Halleland frå Frp var friskast i språkbruken med vindkrafta som døme: «Slik systemet er i dag, belaster vi folk i Distrikts-Norge med økte nettleier for å tilknytte vindkraftprosjektet til det lokale nettet, prosjekter som personer innenfor Ring 3 har vedtatt, og som det lokale nettselskapet aldri har bedt om. Det er betenkelig at små lokalsamfunn skal betale for prosjekt vedtatt av storsamfunnet»

Grafen for 2005-20019 viser at nettleigesystemet  er heilt klart «rigga» politisk. Med lågast nettleige rundt Oslofjorden som «Lokaliseringssignal» som det blir kalla i utgreiingar.. Ein kompenserer kun dei 3 nordlegaste fylka ved hjelp av mva- og nettleigefritak. Elles set Oslofjord-staten sine tenarar (NVE/Statkraft/OED) nettleigetariffane slik at det alltid blir dyrast  for innbyggarane i dei kraftproduserande fylka å bruke straum. Dyrare di meir spreiddbygd.  Dyrare di meir produksjon av rein og fornybar kraft. Dyrare di større bidrag til «det grøne skiftet». Ei billeg enkel straksløysing og god politisk markering vil vere å gje vårt fylke med 110.000 innbyggarar same ordning for mva og el-avgift som dei 500.000 innbyggarane i dei tre nordlegaste fylka. Sidan urettferda og auken er klart størst i vårt fylke. Så kan stortinget bruke litt lenger tid på eit generelt meir rettferdig system.

Storehaug og Krf har tatt på seg ei pådrivarrolle for rettferdig utjamning av nettleiga. Om dei ikkje lukkast, blir i alle fall Krf eit parti i «skuggenes dal» saman med Venstre, med sperregrensa som ein himmel dei aldri meir når.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags