5000 dyrare nettleige enn det naboen har

NETTSELSKAP: Som kartet viser har vi eit «hav» av nettselskap i Noreg – 124 til saman. Dei fleste av desse er små. Dette har ei historisk forklaring.

NETTSELSKAP: Som kartet viser har vi eit «hav» av nettselskap i Noreg – 124 til saman. Dei fleste av desse er små. Dette har ei historisk forklaring. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI Firda den 21.01.20 kan vi lese at det kan vere 5000 kroner dyrare nettleige om ein bur på «feil» side av grensa. Etter fusjonen mellom SE og BKK vil mange oppleve betydeleg reduksjon av nettleiga. For ein vanleg familie kan det utgjere opptil 5000 kr i året.

Ein kan sikkert finne mange årsaker til at nettleiga varierer rundt om i landet. Ein måte kan vere å slå saman to eller fleire selskap slik at ein får fleire innbyggjarar til å dele utgiftene på. Ein føresetnad er at minst eitt av desse selskapa har relativt låg nettleige og mange innbyggjarar (ein middels til større by i området). Eit godt døme er fusjonen mellom SE og BKK.

Ved ein samanslåing/fusjon ligg der også eit potensial for effektivisering av drifta. Større selskap vil også vere rusta for å møte framtida. Dei har større kapital og personalressursar som skal til for omstilling til krav som samfunnet og vi forbrukarane stiller. Ein treng storkapital for å utvikle nye energikjelder, rehabilitere nettsystemet, utvikling av internettselskap m.m. Desse fordelane ser ein alt no etter fusjonen mellom SE og BKK. Kapital er noko vi her i området treng for å skape arbeidsplassar og auka innflytting som er viktig for å møte eldrebølga og halde oppe tenestene våre.

Som kartet viser har vi eit «hav» av nettselskap i Noreg – 124 til saman. Dei fleste av desse er små. Dette har ei historisk forklaring. Då elektrisiteten etter kvart vart eit gode for dei fleste for snart 100 år sidan, vart det av praktiske grunnar etablert mange nettselskap. Det kunne vere eitt selskap i ein kommune eller fleire kommunar samarbeidde. Det har skjedd relativt lite endring i strukturen. Kva kan årsaka vere? Alle er avhengige av straum og må betale det det kostar. For selskapa har det ikkje vore spesielt lønsamt å slå seg saman eller fusjonere. Mange har av den grunn kanskje «stivna» i gamle driftsformer og organisering? Andre selskap/bedrifter som t.d. TINE, Nortura og andre samvirke som har møtt konkurranse, har måtte effektivisere og sentralisere.

Vi har hatt ein langvarig diskusjon i politiske miljø og ikkje minst på sosiale media om fordeling av nettleiga. Mange vil at Stortinget skal vedta ei felles nettleige for heile landet. Vil dei som bur i område med store nettselskap (Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø osv.) godta å subsidiere resten av landet og på den måten vere med å halde oppe alle desse 124 selskapa?

For eitt år sidan stod det ein artikkel i Dagens Næringsliv om dette tema (https://www.dn.no/energi/nve/energi/strom/nve-stromkunder-kan-spare-milliarder-hvis-antall-nettselskaper-halveres/2-1-543749). Der kan ein lese:

«Ved å anta en ytterligere samling av nettselskap, og bruk av digitale løsninger, viser beregninger at strømkundene kan spare mer enn 2,6 milliarder i året, beregnet fra år 2025, heter det i en fersk rapport fra Norges vassdrag og energidirektorat (NVE), utviklet i samarbeid med Thema.»

Er tida inne for å etablere større nettselskap rundt om i landet? Det er eigarane av nettselskapa som bestemmer om ein skal fusjonere eller ikkje. Gjennom sitt eigarskap har kommunane (stat og kommunane eig 88 %) råderett over nettselskapa. Det er såleis våre lokalpolitikarar som bestemmer om nettselskapa skal slå seg saman eller ikkje og dermed avgjere nettleiga vår. Som forbrukarar og veljarar kan vi påverke våre politiske parti gjennom argumentering og bruk av stemmesetelen.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags