Kontroll med kraftressursane betyr noko!

STØDIGE: Det som er poenget mitt og det eg har merka meg - er at når dei store spørsmåla dukkar opp er det dei lokaleigde kraftselskapa Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi som har vore dei stødige, skriv Leidulf Gloppestad i artikkelen.

STØDIGE: Det som er poenget mitt og det eg har merka meg - er at når dei store spørsmåla dukkar opp er det dei lokaleigde kraftselskapa Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi som har vore dei stødige, skriv Leidulf Gloppestad i artikkelen. Foto:

Av
DEL

MeiningarSom ordførar i Gloppen har eg følgt diskusjonen om fusjonen mellom Sunnfjord Energi og det som opphaveleg heitte Bergenshalvøens Kommunale Kraftverk (BKK) litt frå sidelinja. Kven som skal kontrollere kraftressursane i fylket vårt er ei så viktig avgjerd at den fortener ein grundig debatt, og mykje av dette har også vore oppe, i alle fall det som vedkjem nettleige. Spørsmålet om kontrollen med kraftressursane og eigarskapen til desse, er eg litt usikker på om har fått like mykje merksemd i den offentlege debatten.

Då SFE gjennomførte sin emisjon i 2017, der selskapet vart tilført eigenkapital på 211 millionar kroner, så gjekk åtte av ni eigarar inn i denne, den einaste som heldt seg utanom var BKK. I tillegg til dette var det avgjerande for BKK at ikkje Sogn og Fjordane fylkeskommune enda opp etter emisjonen med ein større eigardel enn 49,9%. På denne måten blokkerte dei også moglegheitene for at SFE kunne styrka seg ytterlegare sidan fylkeskommunen hadde til rådvelde midlane som skulle til. Dette var ein emisjon som var avgjerande for at selskapet kunne gjera vedtak om å bygge ut Østerbø, og den var viktig for at SFE kunne gå inn og sikre utbygging i Jølstra. To særdeles viktige utbyggingar som sjølvsagt skal skaffe inntekter til SFE og eigarane der, men som også og i svært stor grad, skaper inntekter og verdiskaping i Høyanger og i Sunnfjord.

Det som er poenget mitt og det eg har merka meg - er at når dei store spørsmåla dukkar opp er det dei lokaleigde kraftselskapa Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi som har vore dei stødige. Som i høve Østerbøutbygginga, og i utbygginga i Jølstra, som Sunnfjord Energi arbeidde fram over lang til, og BKK sette ein stoppar for. I begge desse var det SFE som sikra fylket eit viktig utbyggingsprosjekt. Vi har også sett at når høgskulen i fylket har bedt om midlar til oppretting av nye studier i fylket har finansieringa kome frå kraftselskapa SFE og Sunnfjord Energi, samt andre lokale aktørar. Etableringa av desse studia har også vore viktige for heile fylket også dei områda av fylket som soknar mot BKK. Vi ser det også når det kjem til sponsing av viktige fylkesdekkande organisasjonar innan idrett og kultur.

Sogn og Fjordane sine store kraftressursar er allereie i hovudsak eigd av store nasjonale Oslo-baserte aktørar som ECO-Hafslund og Statkraft. Flotte selskap dette også, men heller ikkje Statkraft har brukt eigarskapen i BKK til å prioritere dei viktige prosjekta Østerbø og Jølstra i Sogn og Fjordane - snarare tvert om. Dei er heller ikkje like synlege i fylket vårt som Sunnfjord Energi, Sogn og Fjordane Energi og Sognekraft.

Eg trur det betyr noko kven som kontrollerer kraftressursane i vårt område, og det betyr noko kvar makt og avgjerdmynde sit når viktige beslutningar om investering og kvar det skal investerast skal takast. Eg er i alle fall overtydd om at det er ein styrke, at den delen av ressursane som er under lokal kontroll kan vere det også i framtida.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags