Kraftskatteutvalet ute av kurs

TRAGISK: Forslaget om å senke innslagspunktet for grunnrenteskatt for småkraftverka er berre tragisk. Dersom dette blir gjennomført vil det føre til ei rasering av mesteparten av småkraftnæringa, skriv Bjørn Lødemel. Her i det som skal bli kraftstasjonen i Jølstra kraft saman med dagleg leiar i kraftselskapet, Kjell Johnny Kvamme (t.h).

TRAGISK: Forslaget om å senke innslagspunktet for grunnrenteskatt for småkraftverka er berre tragisk. Dersom dette blir gjennomført vil det føre til ei rasering av mesteparten av småkraftnæringa, skriv Bjørn Lødemel. Her i det som skal bli kraftstasjonen i Jølstra kraft saman med dagleg leiar i kraftselskapet, Kjell Johnny Kvamme (t.h). Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet har vore store forventningar frå heile kraftbransjen til utgreiinga som kraftskatteutvalet skulle gjere for å «legge best mogeleg til rette for samfunnsøkonomiske lønsame investeringar i vannkraft».

Dei sterke reaksjonane på utvalet si innstilling viser at vi både har fått ei utgreiing som ikkje svarar til dei utfordringane som større kraftutbygging møter og som slår beina under mesteparten av småkraftnæringa. I tillegg set den fyr på heile Distrikts-Norge med forslag om å ta frå kraftkommunane kraftinntektene som gjennom alle tider har vore betaling frå storsamfunnet for dei naturinngrepa som kraftutbygginga har ført til.

For kraftbransjen er det særleg forslaga om senking av innslagspunktet for grunnrenteskatt for småkraft og at ein ikkje får på plass eit skatteregime som sikrar at samfunnsøkonomiske lønsame vasskraft-utbyggingar blir gjennomført som skapar dei sterke reaksjonane. Dette var hovudmålsettinga til utvalet, og det er svært skuffande at dei ikkje har levert på dette området.

Grunnrenteskatten er ein særskatt som skal skattlegge den ekstra avkastinga ein vasskraftprodusent får fordi ein utnyttar ein avgrensa naturressurs. Slik grunnrenteskatten er innretta i dag, betalar kraftverka grunnrenteskatt på eit mykje høgare grunnlag enn den ekstra avkastinga naturressursen gir. Grunnlaget for grunnrenteskatten vert derfor oftast høgare enn grunnlaget for overskotsskatten sjølv om overskotsskatten skal skattlegge heile overskotet.

Dette fører til at viktige vasskraftprosjekt, mellom anna innan opprusting og utviding blir lagt på is trass i at dei er samfunnsmessig lønnsame. Både grunneigarar, vertskommunar, staten og kraftselskap går derfor glipp av store inntekter. Det er ikkje mogleg å finansiere eit kraftverk til ei rente som er på nivå med friinntektsrenta som var 0,7 % i 2018. Dette gjer at grunnrenteskatten må betalast av eit langt høgare grunnlag enn det faktiske overskotet, og dette fører til at ein går glipp av store mengder regulerbar fornybar vasskraft. Her har utvalet svikta.

Når det gjeld forslaget om å senke innslagspunktet for grunnrenteskatt for småkraftverka er dette berre tragisk. Dersom dette blir gjennomført vil det føre til ei rasering av mesteparten av småkraftnæringa. Det er i dag 50 småkraftverk under bygging og det er godkjent 350 konsesjonar som kan byggast ut. Her blir det full stans, og ein kan tape ein kraftproduksjon på meir enn 3 TWh i tillegg til at mange av dei som har bygt ut kan gå konkurs. For leverandørindustrien har dette allereie fått dramatiske konsekvensar med full stans i nye prosjekt.

Det er berre få år sidan eit samla storting vedtok å auke innslagspunktet for grunnrenteskatt frå 5.5 til 10 MWA. Det gjorde at det som vi definerer som småkraft vart fritekne for grunnrenteskatt.

No ønskjer utvalet å senke innslagspunktet til 1,5 MVA noko som er langt under det som var Stortinget sitt utgangspunkt då denne grensa vart heva, og det er svært provoserande.

Konklusjonen bør vere svært enkel. Kraftskatten til kommunane må ligge fast slik at vertskommunane for kraftutbygging får kompensert for naturinngrepa slik som det er i dag.

Forslaget om senking av innslagspunktet grunnrenteskatt må leggast til side og ein må jobbe vidare med å finne gode modellar for skattlegging av større kraftutbyggingar som gjer at desse ikkje bli skatta i senk i tidlegfase. Då vil ein kunne oppfylle målsettinga om å få fleire samfunnsøkonomisk lønsame vasskraft-utbyggingar og ein vil i tillegg oppfylle målsettingane om auka fornybar kraftproduksjon. Det vil også legge til rette for næringsutvikling og større verdiskaping i store delar av landet og vere eit svært viktig tiltak for å nå klimamåla både nasjonalt og internasjonalt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags