Forslaget ein katastrofe – må stoppast omgåande

KONKURSRAS: Resultatet blir konkursras blant grunneigareigde småkraftverk, salg av kraftverka på billigsalg til utlandet og full stop i bygging av små kraftverk, skriv Trond Ryslett i artikkelen. Han er styreleiar i Kviven kraft og ser på utviklinga av småkraftbransjen med ulike skatteregime.

KONKURSRAS: Resultatet blir konkursras blant grunneigareigde småkraftverk, salg av kraftverka på billigsalg til utlandet og full stop i bygging av små kraftverk, skriv Trond Ryslett i artikkelen. Han er styreleiar i Kviven kraft og ser på utviklinga av småkraftbransjen med ulike skatteregime. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Ekspertutvalet for vasskraftskattlegging har i innstilling til Finansdepartementet sendt sjokkbølger gjennom den norsk småkraftbransjen. Ønsket om å senke innslagspunktet for grunnrenteskatt frå 10.000 kVA til 1500 kVA vil få dramatiske følger for næringa. Ei næring som er bygt opp med brei politisk støtte over mange år.

I 1991 kom det ei ny energilov som opna for at mindre aktørar kunne levere kraft til linjenettet. Tørråret 1996 gav høgre kraftprisar og interessa for små kraftverk auka. Første signalet om betre rammevilkår kom 1. juli 1998, då var det slutt på investeringsavgift på mikro og minikraftverk.

Samarbeidsregjeringa utgått frå KrF, Høgre, og Venstre med støtta av Frp starta arbeidet med betre rammevilkår for små kraftverk i 2002. Rapporten «Strategi for økt etablering av små vasskraftverk» kom til jul i 2003. Det var starten på dei moderne småkraftverka som utnytta flaumvatnet og kunne byggast opp til 5000 kVA. I den rapporten stod det «Det er de små kraftverkenes bidrag til kraftoppdekningen og til næringsutvikling i distriktene, som gjør Regjeringen opptatt av å legge til rette for økt etablering av kraftverkene»

Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet si regjeringsplattform Soria Moria ville i 2005 innføre et pliktig grønt sertifikatmarknad for ny fornybar energi og mini- og mikrokraftverk som er kraftverk under 1000 kW.
Dermed fall småkraftverka ut av det grøne sertifikatmarknaden. I 2006 lanserte Stoltenberg regjeringa eit forslag på 3000 kW grense for deltaking i støtteordning med Feed – in tariffar. Denne blei etter kort tid reversert.

Statsbudsjettet i 2007, statssekretretær Geir Axelsen i Finansdepartementet fronta saka om grunnrenteskatt.
I 2007 fekk Senterpartiet saman med SV og AP vedteke i Statsbudsjettet alle småkraftverk over 1500 kVA skulle få grunnrenteskatt.
Det same som Sanderud sitt ekspertutval foreslår no.

Stoltenberg-regjeringa vart pressa av Høgre i Klimaforliket til å reversere den vedtekne grunnrenteskatten ut på nyåret i 2008.
Rett før Stortingsvalet i 2009 lova Stoltenberg regjeringa grøne sertifikat til alle småkraftverk, men etter valet endra dei regelverket slik at om lag 180 småkraftverk med byggestart etter 07.09.2009 ikkje fekk delta i ordninga. Senterpartiet hadde Energiministeren i perioden 2005 – 2013.

Alle desse flausane rundt rammevilkåra for små kraftverk vart retta opp i 2015 der jobben i hovudsak var gjort av Oskar Grimstad Frp og Bjørn Lødemel frå Høgre.

Solberg-regjeringa ønskte å gi grøne sertifikat også til kraftverk over 1000 kW bygd mellom 2004 og 2009. Desse kraftverka var lova grøne sertifikat av tidlegare regjeringar, men fekk ikkje delta fordi dei raudgrøne ombestemte seg.
Grensa for grunnrenteskatt vart sett til 10.000 kVA og alle kraftverk med byggestart etter 1 januar 2004 fekk delta i ordninga med grøne sertifikat vedtatt i Stortinget i 2015.

Endringa i grunnrenteskatten i 2004, 2008 og 2015 var viktige milepålar, grunnlaget for heile småkraftnæringa vi ser i dag.

Per Sanderuds ekspertutval: Forslag som vil utradere småkraftnæringa, ei næring som er bygt opp med brei politisk støtte over mange år. Dersom forslaget blir vedteke er det kroken på døra for den norske småkraftbransjen, også for leverandørindustrien. Sanderud-utvalet gjer det motsette av det dei skulle: Dei foreslår å bruke oppskrifta som har vist seg ikkje å fungere på store kraftverk til å utradere dei endå mindre lønnsame småkraftverka. Fordelane for samfunnet er større utan grunnrenteskatt på små kraftverk enn med.

Ekspertutvalet er ei samling likesinna teoretikarar med same interesse. Til dags dato har ingen bygt eit nytt småkraftverk som kunne komme i grunnrenteposisjon.

Forslaget er 39 % grunnrenteskatt i tillegg til ordinære skattar på overskot, eit teoretisk overskot utan frådrag av faktiske lånerenter og ei rekke andre nødvendige kostnader. Kapitalkostnader er den desidert største kostnaden til eit småkraftverk, og den ikkje kan trekkjast frå. Berre ei risikofrirente rundt 0,4 %, så blir grunnrenteskattegrunnlaget svært mykje høgre enn ordinært resultat før skatt.
Skattetrykket på kraftverk med stor gjeld vil passere 100 % skatt og det er ikkje berekraftig korkje på kort eller lang sikt.

Resultatet blir konkursras blant grunneigareigde småkraftverk, sal av kraftverka på billigsal til utlandet og full stop i bygging av små kraftverk.

Mange hundre norske småkraftverk eigd av hundrevis av familiar i distiktsnorge har ei uviss framtid i møte. Det er i år 50 små kraftverk under bygging i tillegg til 350 konsesjonar som ikkje er realisert enno. Ein betydeleg produksjon av fornybar kraft – eit solid bidrag til det grøne skiftet.

For fleire tusen private bønder og grunneigarar er forslaget ein katastrofe og må derfor stoppast omgåande.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags