Kraftfusjonen – kortsiktig gevinst, men langsiktig tap?

KRAFTHOVUDSTAD: Vil ei «BKK-avdeling» i Førde, der eigarkommunane har 3,5 % eigardel i konsernet, utan nokon faste styreplassar over tid, bli ein framtidig «krafthovudstad»? spør artikkelforfattaren. På bildet sentrale aktørar i fusjonsprosessen: Jannicke Hilland,konsernsjef i BKK Arvid Andenæs, styreleiar Sunnfjord Enerig og Fredrik Behrens, administrerande direktør Sunnfjord Energi. Foto: Helge Johnsen

KRAFTHOVUDSTAD: Vil ei «BKK-avdeling» i Førde, der eigarkommunane har 3,5 % eigardel i konsernet, utan nokon faste styreplassar over tid, bli ein framtidig «krafthovudstad»? spør artikkelforfattaren. På bildet sentrale aktørar i fusjonsprosessen: Jannicke Hilland,konsernsjef i BKK Arvid Andenæs, styreleiar Sunnfjord Enerig og Fredrik Behrens, administrerande direktør Sunnfjord Energi. Foto: Helge Johnsen Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

Den siste tida har det frå fleire hald kome fram argument som er unyanserte for alle fordelane ved BKK/Sunnfjord Energi -fusjonen, seinast John Helge Lunde sitt innlegg i Firda. Det vert framstilt som om fusjon som langt på veg det einaste alternativet, i alle fall det einaste «utviklande og innovative» alternativet, og det einaste som mogleggjer ei ønskja nettleigeutvikling.

Ein eventuell fusjon mellom BKK og Sunnfjord Energi er ei stor og viktig sak for eigarkommunane og folk i Sunnfjord og ytre Sogn. Mellom anna vil ein ved fusjon seie frå seg kontroll med evigvarande naturressursar og nettutvikling. Det fortener ein brei debatt der alle sider av saka vert belyst. Politikarane i Førde og Sunnfjord tar ikkje lett på denne saka, men prøver etter beste evne å sette seg inn i faktagrunnlaget og problemstillingane slik at dei til slutt skal kunne ta ei klok avgjerd som tener innbyggarane i kommunane best, både på kort og lang sikt. Vi som er politikarar har fått god informasjon frå Sunnfjord Energi om innhaldet i avtalen og grunngjeving for styret si tilråding.

Dette innlegget tar ikkje stilling til om den eventuelle fusjonen er det beste alternativet, men har som formål å nyansere bildet og informasjonen. Eit balansert faktabilde ligg føre etter mitt syn ikkje i dag, om ein legg til grunn det som er presentert i ulike media, og på ulike møteplassar.

Helge Robert Midtbø

Helge Robert Midtbø Foto:

1. Om Førde som «krafthovudstad»

Det vert einsidig og udokumentert hevda at kraftfusjonen gjer Førde til «krafthovudstaden» i Sogn og Fjordane, og i langt større grad enn ved den føreslegne SFE/SE-fusjonen.

Dette er ein påstand som i høgste grad kan problematiserast. Vil ei «BKK-avdeling» i Førde, der eigarkommunane har 3,5 % eigardel i konsernet, utan nokon faste styreplassar over tid, bli ein framtidig «krafthovudstad»?

BKK-alternativet må her i alle fall vurderast opp mot intensjonen med SFE/SE-fusjonen. Den ville resultert i eit stort og kraftfullt regionalt selskap, med over 400 tilsette i regionen, svært høg aktivitet og verdiskaping, og allereie fleire igangsette nye store fornybarprosjekt i milliardklassen. Ein vil kunne hevde at eit slikt fylkesbasert alternativ, med høg og aukande aktivitet, i hjartet av fornybarnorge er like løfterikt for Sunnfjord-området. I presentert skisse for ein slik fusjon var konsernsjef og sentrale funksjonar innan nettverksemd og produksjon tenkt lokalisert til Førde, slik eg har skjønt det – og Enivest, som før, lokalisert her som eit sjølvstendig dotterselskap.

Styret i Sunnfjord Energi har òg peika på at selskapet er godt i stand til å stå på eigne bein også i framtida dersom eigarane ikkje vel å gå vidare med ein BKK fusjon.

2. Lokalt eigarskap gir lokale ringverknadar

Fusjonar treng på den andre sida ikkje å vere noko negativt. Tvert om er både dagens SFE og SE eit resultat av ei rekke vellykka fusjonar. Felles for dei har vore at dei har skjedd med utgangspunkt i vårt område. Ut av dette har det kome selskap og bidrag som: Enivest, E-trygg, viktige bidrag og eigarskap for Lefdal Mine Datacenter, og finansiert opp høgskuletilbod i Førde og Sogndal. Hadde den same utviklinga vore resultatet ved ei organisering avgrensa til eit avdelingskontor i området? Svaret på det er ikkje nødvendigvis eintydig, men erfaringar tyder på at lokal forankring kan bety noko når det gjeld ringverknader. Kvar vert vedtaka fatta? Kvar vert innkjøp av varer og tenester bestemt? Kor mykje av varer og tenester blir kjøpt lokalt?

For Arbeidarpartiet er dette eit viktig moment når vi no skal jobbe med denne saka framover.

3. Aldri vore nærare rettferdig nettleige

Nettleigeutjamning kjem aldri, vert det gjentakande hevda frå BKK, John Helge Lunde, og til dels Fredrik Behrens.

Fakta er at ei rettferdig ordning aldri har vore nærare. Dette kan lett synleggjerast ved det politiske bildet, engasjementet i saka, og dei næringspolitiske interesseorganisasjonane sine agendaer. Det ligg føre klare valkampløfte, det er Stortingsfleirtal (sidan 2017) for ei utjamningsordning, og både budsjettforliket og regjeringserklæringa er klare i si bestilling. Vidare har alle interesseorganisasjonane i bransjen temaet på dagsorden.

Dei store nettselskapa ønskjer ikkje ei utjamningsordning. Dei vil vekse på kostnad av dei mindre selskapa rundt. Ein fusjon mellom BKK og Sunnfjord vil i fyrste omgang redusere nettleiga i Sunnfjord, men deretter vil den auke for kvart nytt selskap med høg nettleige som BKK fusjonerer med. Dersom BKK lukkast i å legge under seg heile Hordaland og Sogn og Fjordane vil vi igjen sitte att med ei nettleige godt over landssnittet. Difor er eg ikkje i tvil om at ei nasjonal utjamningsordning både er betre og meir rettvis.

Avslutningsvis: Det er positive sider med ein fusjon, heilt klart – og fleire av dei er allereie som sagt godt belyst i media så eg skal ikkje gjenta dei. Eg trur likevel at ein nyansert debatt der både positive og negative sider vert belyst er svært viktig. Vi må og ta innover oss økonomiske konsekvensar for kommunane ved eit nei til fusjon og då eit ja til å kjøpe seg opp i selskapet. Skal vi fatte ei klok avgjerd i denne svært viktige og vanskelege saka treng vi tid og alle argumenta på bordet.

Til slutt nokre kloke ord som eg fiska opp frå Fridtjov Urdal: «Den som berre har ein tanke i hovudet, tenkjer ikkje nok».

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags