DEBATT: BKK er ingen Mor Teresa som kjem for å redde Sunnfjord Energi

IKKJE MOR TERESA:  Tidspunktet for fusjon mellom Sunnfjord Engergi og BKK har den verste timing fordi vi ganske snart kan få same effekt utan nå fusjonere, skriv artikkelforfattaren. På bildet konsernsjef i BKK Jannicke Hilland,  administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens og styreleiar Arvid Andenæs,

IKKJE MOR TERESA: Tidspunktet for fusjon mellom Sunnfjord Engergi og BKK har den verste timing fordi vi ganske snart kan få same effekt utan nå fusjonere, skriv artikkelforfattaren. På bildet konsernsjef i BKK Jannicke Hilland, administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens og styreleiar Arvid Andenæs, Foto:

Av
DEL

LesarbrevI Granevollen-plattforma seier regjeringa at dei vil «utrede og fremme tiltak for å utjevne nettleie for alle forbrukere gjennom et mest mulig effektivt organisert strømnett». Her er det rom for tolkingar, men grunnen til at dette er kome inn i plattforma er at nokre forbrukarar betalar mykje meir enn andre. Dette har vore ei viktig sak for KrF. Dei ser at abonnentane som bur i område som produserer vasskraft også må ta rekninga. I tillegg går Ap inn for utjamning. Vi har aldri vore så nær å få dette til.
 

Samstundes har vi Sunnfjord Energi og BKK, som i desse dagar forhandlar om ein fusjon i svært raskt tempo. Forhandlingane starta i februar og kraftselskapa skal ha avtale på plass i juni. Det kjem svært lite informasjon til dei det vedkjem, som i dette tilfellet er fellesskapet, altså meg og deg. Sunnfjord Energi har kommunar i Sunnfjord som eigar. Alt Sunnfjord Energi bidreg med av arbeidsplassar, moglegheiter for framtidig utvikling og overskot kjem innbyggjarane i eigarkommunane til gode. Gulrota BKK brukar for fusjonen er billegare nettleige. Men billegare nettleige er berre ein del av inntektene som kjem oss innbyggjarar til gode. Regjeringa jobbar med nettleiga no. Tidspunktet har den verste timing fordi vi ganske snart kan få same effekt utan nå fusjonere. Er det nett difor fusjonen hastar for BKK? Fordi gulrota snart kan vere borte?

Kommunane i Sunnfjord som eig i Sunnfjord Energi nyt godt av eigarskapet på fleire måtar. Vi har eit hovudkontor som gjev god variasjon av arbeidsplassar frå topp til botn i energibransjen. Vi har eit selskap med lokal forankring som gjev grobotn for nye selskap. Det beste eksempelet er Enivest der Sunnfjord Energi eig 52,5 %. Dei har 158 millionar i omsetnad og over 50 arbeidsplassar lokalt. Vil desse bli fusjonert inn i tilsvarande selskap i BKK? Ein lovnad no om at Enivest skal bestå, er ikkje ein lovnad som står seg i framtida. To aksjeeigarar i BKK har vetorett, nemleg Bergen kommune og Statkraft. Vil det bli tilsvarande knoppskyting lokalt om hovudkontoret forsvinn frå Førde? Sunnfjord Energi har i dag hovudkontor i Førde, og over 100 tilsette. Kan fusjonstilbodet til BKK nokon gong matche dette?

Ein fusjon vil ha mykje å seie for kommunane som skal slå seg i hop til Sunnfjord kommune. Ved fusjon har dei noverande eigarane av Sunnfjord Energi ingen påverknad i selskapsavgjerder. Å eige nokre promillar i BKK gjev ingen plass ved styrebordet, slik ein har i dag. Fordelar med fusjon må målast nøye opp mot fordelar med å vere ein større aksjonær i eit lokalt selskap. Dessutan har to av desse kommunane Høgreordførarar som aller helst bør følge regjeringa sin intensjon i nettleigesaka. Dette er ei viktig avgjerd som treng tid.

Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi har forhandla om fusjon over to år. Denne fusjonen torpederte BKK i siste fase. Det er rart at fusjonen med BKK skal gå svært raskt. Ein fusjon med SFE vil i alle fall ha eit lokalt hovudkontor med fordelande det medfører. Felles interesse for vasskraft har dei også. Noko vi seinast fekk bekrefta for eitt år sidan då SFE overtok stafettpinnen etter at BKK, ut av det blå, trakk seg frå kraftutbygging i Jølstra. BKK sa grunnen til avgjerda om å ikkje vere med i Jølstra kraft var at dei ikkje vil satse på vasskraft lenger. Er BKK eit selskap som ikkje vil satse på hovudressursen til grøn energi hos oss? Er dette eit selskap vi er tent å fusjonere Sunnfjord Energi med? Eller er det SFE, som la pengar i potten og redda sikre kraftinntekter lokalt fordi BKK trakk seg ut? Det hadde heller ikkje vore utbygging på Østerbø eller Kjøsnesfjorden om BKK hadde fått bestemme. Med den historia må ein spørje seg om BKK vil vere med vidare i satsing på vasskraft i framtida. Det er også verd å bite seg merke i at direktørane i både Sunnfjord Energi og BKK har reist til Oslo og sagt til politikarar at dei ikkje ønskjer utjamning av nettleige.

Statkraft eig 47,85 % av BKK. Konkurransetilsynet ser eit problem med at Statkraft eig mykje i mange energiselskap. Statkraft seier sjølv at det er aktuelt å selje noko av dette. Verdien av Statkraft sin aksjepost er så stor at eg ikkje kan komme på nokon i Vestland fylke som har så mykje pengar på bok ved eit eventuelt sal. Kring hovudstaden er det fleire. Då er det ikkje så mange småkommunar med dårleg råd som skal overtalast før aksjemajoriteten i BKK sit med mykje makt andre stadar i landet. Eg vil i dette høvet gjenta at Statkraft er ein av to med vetorett. Dei kan, som ved utbygginga i Jølstra, stogge framtidige utbyggingar i Sogn og Fjordane.

Nettleige er ein ting, men kva med Sunnfjord Energi sin prognose framover når det gjeld verdi på selskapet? Vil aksjane i BKK bli meir verd enn aksjane i det framtidige Sunnfjord Energi? I tilfelle ikkje, så er det bortkasta kapital å fusjonere om utjamning av nettleiga skulle slå inn politisk. Og ein fusjon med Sogn og Fjordane Energi er verkeleg å føretrekke, om ein har behov for å bli større for å møte framtidas kraftutbyggingar. Denne avgjerda er for stor og viktig til å bli køyrt som ei hastesak på eit knapt halvår. Vi skal klare å hanskast med den gjennom valkampen.

Eg vil heilt til slutt seie at det ikkje er aktuelt for meg å stemme ja til ein fusjon utan ekstern verdisetjing på Sunnfjord Energi og BKK og ei kvalifisert vurdering av fusjonskontrakt av fagfolk utanfrå. Eg håpar dette også er viktig for alle andre politikarar som får denne avgjerda i fanget denne våren.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags