Ap slår ring om samfunnskontrakten

AVVISER: Vestland Arbeidarparti avviser  forslaga frå kraftskatteutvalet. Konsesjonsordningane og eigedomsskatt på vasskraftverka må vidareførast

AVVISER: Vestland Arbeidarparti avviser forslaga frå kraftskatteutvalet. Konsesjonsordningane og eigedomsskatt på vasskraftverka må vidareførast Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Det norske vasskrafta har i meir enn hundre år vore ein suksess og har bidrege sterkt til velstandsutviklinga vår. Heilt frå vasskrafta si barndom har det vore brei politisk semje om at dei kommunane som stiller naturressursane sine til rådvelde for storsamfunnet, har krav på varig del av dei verdiane som desse ressursane gjev opphav til.

Vestland fylke er det største kraftfylket. Ein fjerdedel av den norske vasskrafta vert produsert i fylket vårt. Historisk har vasskrafta lagt grunnlag for industri og busetjing i heile landet. Konsesjonskraft og avgifter, naturressursskatt og eigedomsskatt har gitt vertskommunane ein rettmessig del av verdiskapinga.

Det regjeringsoppnemnde ekspertutvalet som skulle greie ut vasskraftas skattesystem, foreslo nyleg å bryte samfunnskontrakten mellom vertskommunane og storsamfunnet. Dei vil avvikle konsesjonsordningane som kommunar med vasskraftproduksjon nyt godt av, og dei vil redusere eigedomsskatten på vasskraftverka.

Det er uaktuelt for Vestland Arbeidarparti å bryte samfunnskontrakten med vertskommunane. Inntektene frå konsesjonsordningane og eigedomsskatt på kraftverka sikrar føreseielege, langsiktige inntekter til vertskommunane, som går til skule, helse og eldre samt å skape arbeidsplassar.

Vestland Arbeidarparti avviser difor forslaga frå kraftskatteutvalet. Konsesjonsordningane og eigedomsskatt på vasskraftverka må vidareførast. Grunnrenteskatten må endras for å sikre ny fornybar kraftproduksjon. Slik opprettheld vi samfunnskontrakten med kraftproduserande kommunar, samstundes som vi sørger for fornybar kraftproduksjon og arbeidsplassar i heile landet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags