Kor viktig er det å styre vår eigen straum?

MARKNAD: EU har arbeidd intenst med mål om at marknaden skal styre også kraftressursane. Med Stortinget sitt vedtak i mars 2018 om at Noreg skal innordne seg under EU sin tredje energimarknadspakke og energibyrået ACER, har Noreg opna for at EU får stor innverknad på styringa av krafta vår.

MARKNAD: EU har arbeidd intenst med mål om at marknaden skal styre også kraftressursane. Med Stortinget sitt vedtak i mars 2018 om at Noreg skal innordne seg under EU sin tredje energimarknadspakke og energibyrået ACER, har Noreg opna for at EU får stor innverknad på styringa av krafta vår. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFramsynte politikarar vedtok tidleg på 1900-talet dei såkalla konsesjonslovene og bestemte dermed at kontrollen med straumen skulle vere på norske hender. Dette gjorde det mogeleg å byggje eit moderne Noreg mellom anna ved at vi med billeg straum kunne utvikle smelteverk mange stader. No kan denne føremonen forsvinne dersom marknaden i EU tek over styringa av straumprisen. Prisauke på berre nokre øre/kwh vil kunne føre til nedlegging av kjernebedrifter i industrisamfunn.

Straumrekninga vi får har to hovudelement; det vi betalar for straumen og for nettleige. Nettleige i Noreg må koste pga. geografien og fordi det er få å dele kostnaden på. I Noreg aukar nettleiga medan den går ned i andre land. Det skuldast mellom anna ei kolossal utbygging av nettet i Noreg, til berekna totalkostnad på 140 milliardar fram til 2030. Ein stor del av desse nettkostnadene er knytt til å få straum fram til overføringskablar til EU. Men rekninga for det må straumbrukarane i Noreg betale.

Straumprisen varierer ein god del i EU. Samanlikna med Noreg har EU gjennomgåande høg pris. EU sin energiunion har som mål ein felles integrert energimarknad med lik pris og lik tilgang på straum. Når Noreg gjennom kablar vert kopla opp mot EU, vil den store straummarknaden i EU leggje prisnivået som også Noreg vil måtte utvikle seg mot. Harmonisering vil altså bety at prisen går opp i Noreg. Men nettleiga i Noreg skal ikkje harmoniserast, gjerast mest mogeleg lik nettleiga i EU. Dermed får vi behalde vår høge nettleige. I Noreg kan vi ende opp med at vi for straum og nettleige samla får den høgste prisen i Europa.

EU sitt energibyrå, ACER, og den norske avleggjaren RME har til oppgåve å overvake at Noreg er lydig mot EU sine energipolitikk. Straumen skal flyte fritt. EU sin harmoniseringspolitikk føreset at der er så stor overføringskapasitet at straumen til ei kvar tid kan flyte dit kjøparane er. Er der stor etterspørsel, vert prisen pressa opp. Og ved liten etterspørsel går prisen ned. For å få systemet til å fungere slik har EU laga sin nettutviklingsplan. Overføringskablar frå Noreg er mellom dei prosjekta EU prioriterer i denne planen. EU sin ekspertkomité meiner at nye kablar og nett skal byggjast dersom prisskilnaden mellom land vert over 2 øre/kwh. Ved å late ACER styre og innlemme energimarknadspakken i energilova, har Noreg godteke premissen om fri flyt.

For at straum skal kunne flyte styrt av pengane også når straumforbruket varierer gjennom året må der vere stor nok overføringskapasitet til å ta toppane. EU sin ekspertkomité stiller krav om 15 % overføringskapasitet i forhold til produksjon i 2030, og vil auke denne til 30 %. Noreg har alt 25 % overføringskapasitet og vil med dei to vedtekne kablane (til Tyskland og England) komme opp i 50 %, altså overoppfylling.

Vi ser at denne omlegginga må kome. Omlegginga vil krevje store mengder energi, rein energi, noko som bør gje Noreg ein føremon dersom vi satsar stort på omlegginga. Men EU sitt mål er at kraft skal flyte rundt i EU berre styrt av pengane. Og at det vert ulovleg for Noreg å prioritere stabil og billig krafttilførsel til norsk industri, grøn eller ikkje. For garantert levering til låg pris vil vere konkurransevridande, og det er det styggaste ordet i heile EU-systemet.

For EU er marknaden den store styraren, uttrykt gjennom dei fire fridomane; fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft. Dette har lege fast i alle traktatane frå Romatraktaten vedteken i 1957. Energi er ein grunnressurs i alle moderne samfunn. Og EU har arbeidd intenst med mål om at marknaden skal styre også denne ressursen. Med Stortinget sitt vedtak i mars 2018 om at Noreg skal innordne seg under EU sin tredje energimarknadspakke og energibyrået ACER, har Noreg opna for at EU får stor innverknad på styringa av krafta vår. I tida før Stortinget skulle røyste over norsk tilslutning til ACER var diskusjonane intense. Og det vart tydeleg kor sterkt engasjerte det norske folket er for at vi skal styre krafta vår sjølve. Dei som gjorde vedtaket om at Noreg skulle underordne seg ACER, bagatelliserte avståinga av norsk suverenitet. Desse røysta for ACER: Ap – Høgre – Frp – Venstre og MDG. Desse røysta imot: Sp – SV – KrF og Raudt. Kampen om styringa av krafta går vidare. Etter kvart vil det verte tydelegare korleis EU/ ACER bruker den styringa over norsk straum Stortingsfleirtalet har gjeve frå seg. Nei til EU arbeider for å få tydeleg fram for folket at dei kolossale kostnadene med å få straumen fram til overføringskablane skal norske forbrukarar betale. Dei som melde Noreg inn i ACER skal vi heile tida konfrontere med kven som betalar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags