Tekna-medlemer ynskjer fusjon med BKK!

Av
DEL

LesarbrevOverskriftene på eit par oppslag i Firda dei siste vekene gjev inntrykk av at dei tilsette i Sunnfjord Energi er usikre og kritiske til BKK-fusjon. Tekna sine medlemer i Sunnfjord Energi ynskjer å få fram at vi er positive til fusjon med BKK.

Vi er sikre på at dei utfordringane Sunnfjord Energi står overfor, medfører behov for endringar uansett. Vi meiner fusjon med BKK er den beste løysinga for å møte krava i bransjen framover.

I løpet av fusjonsforhandlingane har tilliten til BKK auka. Vi har fått lovnader om at ingen mistar jobben, tvert imot får vi tilført nye spennande oppgåver. I tillegg blir vi ein del av eit større kompetansemiljø på alle fagfelt.

Vi ser på BKK sin vilje til satsing i Sunnfjord og Ytre Sogn som ein god sjanse til utvikling og vekst. BKK viser oss tillit og tilbyr ansvar for nye satsingsområde. No er det opp til oss å gripe sjansen, stå på og levere, og slik sikre arbeidsplassane og vidare utvikling!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags