Sei ja til Sunnfjord Energi i Førde – stem nei til fusjon med BKK!

MUSKLAR: Sunnfjord Energi har musklar, økonomi og utviklingskraft til å kunne halde fram som eige selskap, men ein fusjon mellom nettselskapa bør også utgreiast grundigare, skriv ordførarkandidat i Sunnfjor Sp, Jenny Følling.

MUSKLAR: Sunnfjord Energi har musklar, økonomi og utviklingskraft til å kunne halde fram som eige selskap, men ein fusjon mellom nettselskapa bør også utgreiast grundigare, skriv ordførarkandidat i Sunnfjor Sp, Jenny Følling. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Lokalt eigarskap og styring med kraftproduksjonen er Sunnfjord sitt fortrinn. Behald difor eigarskapen i Sunnfjord Energi og råderetten over naturressursane. Verdien av rein fornybar kraft vil auke i det grøne skiftet.

I ein fusjon med BKK, vil Sunnfjord Energi sin eigardel bli redusert til 3,5 %, mot 40,5 % i dagens Sunnfjord Energi. Eigarstrukturen i BKK er slik at dei to dominerande eigarane, Statkraft (47,85 %) og Bergen Kommune (37,75 %), til saman 85 %, har begge veto på alle vesentlege avgjerder. Sunnfjord Energi opphøyrer som selskap, og eigarane gir ifrå seg all styring i ein slik eigarskapsstruktur.

I motsetning ville ein fusjon mellom Sunnfjord Energi og SFE gi eit bytteforhold på 80/20. Det låg i korta at ein kunne fått eit avtalefesta minoritetsvern for Sunnfjord Energi, og ikkje minst hovudkontor i Førde. Kommunale eigarar i dette fusjonerte selskapet ville fått innverknad på alle viktige avgjerder, og vil kunne bygd eit kraftsentrum i Førde. I ein slik konstruksjon vil det også ligge til rette for ei meir effektiv nettdrift, fordi linjenettet mellom desse to selskapa overlappar kvarandre.

Eit eksempel som illustrerer kor viktig det er å behalde styringa i kraftselskapet, er utbygginga av Jølstra kraftverk. Etter BKK si vurdering var dette ikkje eit «lønsamt» kraftverk, og dei gjekk i mot denne kraftutbygginga. Det var Sogn og Fjordane Energi som i tolvte time kom inn med finansiering, slika at Jølstra kraftverk kunne byggast ut.

Sunnfjord kommune må vere like framsynte som Bergen kommune. Dei kjøpte Os og Osterøy sine aksjar då dei selde seg ut av BKK i 2002. Sunnfjord kommune kan oppnå ein dominerande eigarposisjon i Sunnfjord Energi, og må då gjere gjeldande forkjøpsrettar, opprette Holdingselskap, og ta opp lån i dette selskapet for å kjøpe nabokommunane sine aksjar når dei eventuelt kjem på sal. Å kunne kjøpe fleire kraftaksjar, og dermed få ein større eigarpost i eit veldrive Sunnfjord Energi, vil vere med å sikre trygge og gode tenester for innbyggarane i Sunnfjord i framtida.

Nye opplysningar i Firda, syner at Sunnfjord Energi kan i snitt levere eit utbytte på 50 mill. per år. Det er over tre gangar så høgt som kommunane er blitt informert om tidlegare. Eit aksjekjøp på til dømes 10 % vil kunne gi 5 mill. i ekstra utbytte, og dette vil kunne betale renter på lån. Ein større eigarpost vil på sikt gi pengar i kommunekassen til kommunale tenester i framtida.

Nye Sunnfjord kommune kan dessutan pårekne å få ein eigarpost i SF Holding på 18,7%, ved ein rettskraftig dom i saka mellom fylkeskommunen og BKK. Dette selskapet eig som kjent nær 50% av aksjane i SFE AS. Dette vil kunne gje store årlege utbytte til Sunnfjord kommune, og gjere Førde til eit kraftsentrum i nye Sunnfjord kommune. Med SFE-styret sitt forslag til utbytte for 2018, ville nye Sunnfjord kommune fått 7,5 mill. i utbytte frå Sogn og Fjordane Holding om dette selskapet fører heile utbyttet vidare til sine eigarar. Utbyttegraden vart sett spesielt låg i 2018 på grunn av SFE sitt investeringsbehov. Dersom vedteken utbyttepolicy hadde blitt følgd, så hadde utbyttet til Sunnfjord blitt dobbelt så stort, altså 15 mill.

Slik eg ser det, er reduksjon i nettleiga den einaste fordelen i den forhandla fram fusjonen med BKK. Sunnfjord Energi har høg nettleige, og vi vil få lågare nettleige ved denne fusjonen. Men dersom BKK lukkast med sin eigarskapsstrategi om å vekse med 300.000 nettkundar, så vil framtidige fusjonar måtte skje med selskap med høg nettleige. Dermed vil nettleiga stige, men Sunnfjord kommune har då gitt frå seg styringa av kraftproduksjonen. Dette kan i tillegg sementere høgare nettleige i kraftfylka på Vestlandet til evig tid.

Sunnfjord Energi har musklar, økonomi og utviklingskraft til å kunne halde fram som eige selskap, men ein fusjon mellom nettselskapa bør også utgreiast grundigare.

Det må pressast på politisk for å få til ei nasjonal utjamning av nettleiga. Høg nettleige i kraftfylke med spreidd busetting, stenger for investeringar i ny kraftproduksjon. Dei store forskjellane i nettleige står i vegen for fornuftige fusjonar, og kan tvinge fram strukturendringar som ikkje er tenlege for eigarskapen i kraftsektoren.

Nasjonalt blir det arbeidd med ei utjamning av nettleiga. Det er no eit fleirtal på Stortinget som er positive til ei nasjonal utjamning. Dette er også nedfelt i regjeringserklæringa. Olje- og energidepartementet har gitt NVE i oppdrag å greie ut mogelege modellar for utjamning av nettleiga. NVE har fått frist til 1. oktober til å levere forslag til løysingar, og saka skal etter planen behandlast i Stortinget tidleg i 2020.

Sunnfjord Energi er eit godt og veldrive selskap med om lag 110 årsverk. Sunnfjord Energi har gitt fødselshjelp til fiberselskapet Enivest, som i dag tel vel 50 tilsette. Dei har investert i Fjordvarme og fått i gang høgskuletilbod for elkraft. Enivest med base i Førde, har bygd seg opp til eit leiande fiberselskap i fylket, og har vore avgjerande for utbygging av breiband. Det er ein risikosport å gi ifrå seg styringa og sette Enivest i spel.

Vasskraft har vore berebjelken for all aktivitet i Sunnfjord Energi AS gjennom over 100 år. Verdiane som har blitt skapt gjennom alle desse åra, ser du igjen i eit driftssikkert linjenett og kraftstasjonar. Svært mykje av den velstanden vi alle omgir oss med i dag kan vi takke den utbygde vasskrafta for. Du ser det igjen i skular, barnehagar, eldreomsorga, bruer og vegar der du bur.

Ein fusjon med BKK inneber at vi gir frå oss råderetten over kraftressursane i Sunnfjord Energi. Vi har heller ikkje innverknad på planlegging og utbygging av nye prosjekt. Det er derfor gode og viktige grunnar til å stemme nei til fusjon mellom BKK og Sunnfjord Energi. Er du i tvil, så utsett saka, for denne avgjerda kan ikkje reverserast. Dette er ei avgjerd politikarane i nye Sunnfjord kommune bør ta.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags