Kraftaksjesal, maktkamp og historieløyse

FORNYBAR KRAFT: Kva skal me ute i utkant-Norge etter kvart leva av? Skuslar me no vekk inntektene av naturresursane våre vert det magrare tider att, skriv artikkelforfattaren.  Bildet er frå Kjøsnesfjorden kraftverki Jølster.

FORNYBAR KRAFT: Kva skal me ute i utkant-Norge etter kvart leva av? Skuslar me no vekk inntektene av naturresursane våre vert det magrare tider att, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Kjøsnesfjorden kraftverki Jølster. Foto:

Av
DEL

MeiningarSom 4. generasjon som potensiell vasskraftutbyggar har eg følgt litt med i debatten den seinare tid om sal, fusjon, avtalar osv. i media, og kva som er aktuell utgang av maktkampen mellom SE og BKK. Utan at eg kan seia at eg har greie på alle sider ved det som har vore debattert, er der mange ting som har forundra meg:

Mange bekker små utgjer den store å. Dale Sogns Eletrisitetsverk var tidleg ute med kraftutbygging og kjøpte fallrettane i Hålandsfossen då den vart utbygd i 1918 for kr 6000,- som svarar til i størrelse kr 400.000 etter pengeverdien i dag. Og dett må ha vore eit kjempeløft i tillegg til kostnadane med sjølve utbygginga. Men denne satsinga var sikkert avgjerande for at det var grunnlag for så mykje industri i Dale den gongen. I vårt forsyningsområde hadde me to ørsmå private kraftverk alt føre krigen, eit på Tysselandet og eit på Nesalandet. Men det var først i fyrste åra etter krigen det vart utbygt kraftforsyning for alle utetter Dalsfjorden. Og for å få dette til, var det føresetnaden at «alle» var med og kjøpte aksjar til utbygginga av linjenettet og teikna seg for kjøp av straum når linjene vart ferdige. Sjølv med ein aksjepris på kr 100,- i 1947 trur eg ikkje alle eigentleg hadde råd til det då. Me forstår det gjerne no når eit tilsvarande beløp i dagens pengeverdi er over 20 gonger større, og mange i Norge slit med den månadlege straumrekninga på liknande beløp. Løysinga var i mange tilfelle den gongen at ein måtte teikna seg for arbeidstimar i staden for kontante pengar.

Grunnlagsinvestering. Sjølv med ein aksje eller to og abonnement på ned i 100 watt pr. abonnent fekk ein «tråkla» det saman med stor arbeidsinnsats og lite pengar. Store verdiar vart i alle fall skapte rundt omkring i bygdene då i dei vanskelege åra rett etter krigen. Sidan har der vore vidareutbyggingar og oppgraderingar til den moderne kraftforsyninga me har i dag. Og me kan enno mange stader sjå Betongmast stolpar i full bruk, så det vart gjort mykje og solid arbeid den gongen og.

På eigarsida har der etter kvart vorte mange endringar og samanslåingar til større og sterkare selskap som har vist musklar til vidareutbygging og modernisering. Kommunane som etter kvart har vorte eigarar av store verdiar som også oftast gjev store årlege utbytte, er forståeleg nok vortne veldig opptekne av korleis dei skal få størst mogeleg utbytte, eventuelt få mest mogeleg for å selja aksjane. Det som alle ser ut til å ha gløymt er innsatsen til dei fyrste utbyggarane, som brukte tid og sparepengane sine for å få det heile i gang. Så vidt eg veit fekk dei aldri noko utbytte eller betaling for aksjane sine. Under samanslåingsprosessen for ein del år sidan fekk dei derimot beskjeden om at aksjane var null verdt så dei kunne dei berre overdra vederlagsfritt til dei aktuelle kommunane der linjene låg. Dette kallar eg for offentleg tjuveri, andre vil kalla det grovt ran. Dette er historie no og sikkert ikkje reversibelt. Men eg meiner me kunne vera litt meir audmjuke i det me føretek oss no framover før me gjev frå oss styringsretten til store selskap langt borte, som tenkjer på seg sjølve, naturleg nok. Det er dei også nøydde til, om ikkje gjer dei ikkje jobben sin. I eit slikt stort selskap vil me her lokalt uansett koma til å verta ein liten aksjonær utan reell innflytelse i store og viktige avgjerder. Og det var alle dei «små» som i si tid var med og skapte det som var grunnlaget for at me i dag har så store verdiar, og då er det viktig at me forvaltar desse verdiane på ein slik måte at også framtidige lokale innbyggarar har nytte av det som var skapt av tidlegare generasjonar. Og det heile ikkje til slutt endar hos aksjespekulantar langt borte.

Tilfeldigheiter. Tidleg på 60-talet var eg som tenåring ein søndag i Førde saman med faren min, som då nyleg var komen inn i styret for Svultingen, bygd i 1939, og som nett etter krigen var formann i LL Sørsida kraftlag. Der var han med på utbygginga av det lokale linjenettet frå Flekke og utover, til me fekk elektrisk straum tidleg i 1947. Medan me står i Førde og pratar kjem brått Fylkesmann Schei gåande. Desse to karane kjenner kvarandre godt frå oppattbygginga av industri og infrastruktur etter krigen, og kjem straks i snakk om ei sak som plaga Scheien. Der var då krefter i fylket som ville gje frå seg for mykje av styringsretten til kraftresursane i fylket, og dette syntest Nickolai Schei lite om. Far min på si side hadde eit relativt stort nettverk og kjende mange av dei som trong «omvending» og han lova å snakka dei til rette så langt han kunne. Og så vart gjort dei føljande dagane og fylkesmann Schei berga styringa slik som han meinte var rett den gongen. Der har sikkert vore mange harde tak seinare også, men eg kan ikkje begripa at det skal vera nødvendig og så mykje betre om andre langt borte styrer oss no heller?

Påstandar og fakta. Det vert hevda både det eine og det andre kor bra ting vil verta om me sel oss ut til BKK og at me kan gjera avtalar som sikrar oss både det eine og andre. Kor mange år fram i tid vil det vera gjeldande? Og kva skjer etterpå lenger fram i tid? Aksjelova er vel lik for alle og då vil me koma til å vera i stort mindretal og må innordna oss det som vert bestemt ved styrebordet, truleg langt borte. Det er vel ikkje sikkert at fleirtalet i eit selskap har same forretningsidé som ei lokal geografisk forankra gruppe i selskapet og kva som er viktig å satsa på for selskapet framover. Mi erfaring er at det er den minste i ein slik samanheng som er taparen, eg kan ikkje hugsa at det er den minste som kjem best ut. Eg har også ein teori om at lojaliteten til ein produksjonsstad eller avdeling i eit firma over tid er mindre etter kvart som avstanden til der styre og leiing er lokalisert aukar. Eg er redd for at dette vil gjelda i vårt tilfelle også. Kvifor er det så viktig for BKK at ikkje SFE og SE skal slå seg meir saman? Er det nokon som er redde for at me her oppe i gamle Sogn og Fjordane skal få for stor makt i «eige hus» i framtida. Er ikkje det ei form for maktkamp? Eg har ein vond følelse at me alt tidlegare har vore for slepphendte med eigarskap og styringsrett i eige hus og teke ut altfor mykje av verdiane, og no på ein måte held på «å mala oss inn i eit hjørne». Kvifor skulle det då vera nødvendig no å kjøpa att det me tidlegare har skapt?

Vidaresal. Det har kome fram tvil om tilliten til BKK. Kvifor var BKK med å selja AS Småkraft, og dermed mange kraftverk, til utlandet for 3 år sidan? Eg kan ikkje sjå at det nett fremjar utviklinga av distrikts Norge. Trøysta får vera den at fallrettane framleis er i Norge, men dei årlege inntektene går til utlandet. Men kva vil skje med oss i framtida om me som minoritetsgruppe ikkje passar inn i forretningsplan og satsingsområde hos dei som har makta?

Fornybar energi «skrik» alle etter. Men kvar skal den koma frå? Vidare vasskraftutbygging er etter kvart vorte vanskeleg å få til, og det har også lenge vore fy!, men no høyrest det ut til at vindkraft er minst like mykje fy! Fy! Kva skal me ute i utkant-Norge etter kvart leva av? Skuslar me no vekk inntektene av naturresursane våre vert det magrare tider att. Kraft resursane har vore gode og ha og det er ikkje så sikkert at me dei neste «hundrede år» år fin noko betre, og som også gjev like store inntekter til lokalsamfunnet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags