(Kraft-)filialfylket Sogn og Fjordane?

SAMLA: i ein kronikk i Firda 051218 skreiv styreleiarane Per A Kjøllesdal (SFE) og Arvid Andenæs (bildet)  følgande: «Stå samla!», skriv artikkelforfattaren.

SAMLA: i ein kronikk i Firda 051218 skreiv styreleiarane Per A Kjøllesdal (SFE) og Arvid Andenæs (bildet) følgande: «Stå samla!», skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevMed interesse har eg følgt debatten rundt kraftselskapa i vårt fylke. i ein kronikk i Firda 051218 skreiv styreleiarane Per A Kjøllesdal (SFE) og Arvid Andenæs (SE) følgande: «Stå samla! Det verste som kan skje no er at enkelte eigarkommunar på nytt tek opp spørsmålet om å selje sine aksjar. Tenk om vi for ein gongs skuld kunne stå samla og tenkje at dette er viktig for heile fylket, ja, faktisk viktigare enn berre våre eigne eigarinteresser på kort sikt». Andenæs har gjennom mange år stått fram som ein varm forkjempar for Sogn og Fjordane.

I ein kronikk i Firda datert 091217: «Det blir jobba godt med å få til ein fusjon mellom SE og SFE, eit robust selskap i eige fylke er vegen å gå». Den 041215 skriv Andenæs ein kronikk under tittelen Eigarskap og hovudkontor- betyr det noko? «Der eigarskapet og kapitalen sit, der vil også leiinga sitje, der vil utviklinga skje! Så enkelt og brutalt er det berre. Nettopp difor er lokalt eigarskap og styring så viktig».

Som styreleiar i SE har eg følt meg trygg på at Andenæs ville syte for at det einaste som han kunne godta, var å slå i hop SFE og SE. No skriv vi juni 2019. I kronikken den 041215 var Andenæs kritisk til salet av Fjord1 og lurte på om eit så svært tempo i salsprosessen var nødvendig. No har Andenæs hatt det brenntravelt sjølv, og snudd tvert om.

Lokalt eigarskap er visst ikkje så viktig lenger. Det betyr lite at hovudkontoret ligg i Bergen, at makta er utanfor fylket- ingen problem! Snakk om å møte seg sjølv i døra.

Så gode folkevalde: Rådmenn er veldig flinke til å fortelje dåkke at det er de som bestemmer. Vel, eg er litt usikker på det etter kvart. Eg tykkjer konsulentar, ekspertar, fagfolk og styreleiarar har fått altfor stor plass, og det er på tide at dåkke vi stemmer inn faktisk tek det ansvaret vi har gitt dåkke kvart fjerde år. SE er eit solid og godt selskap, no i «haustefasen» vil det gje gode utbyte til eigarane, som vil bidra til gode tenester for oss som bur her. Det er ingen grunn til eit forhasta vedtak no, la dette bli ei sak vi veljarane kan vere med å påverke når vi skal velje den fyrste ordføraren i Sunnfjord Kommune.      

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags