Historielaust av Arve Helle

Sigurd Reksnes

Sigurd Reksnes Foto:

Av
DEL

Meiningar

Arve Helle sitt innlegg, og svar til Stian Hårklau, er historielaust. Han snakkar om andre ting enn det fusjonen mellom BKK og Sunnfjord Energi faktisk handlar om. Det handlar ikkje om å gjere seg «fortent» til investeringar, det handlar om aksjelova og kven som sit med makta. Det er berre å konstatere at meir av denne makta no vert flytta ut av Sogn og Fjordane som følgje av fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK.

Det er bra at bedriftsleiarar som Stian Hårklau skriv om lokalt eigarskap, og kvifor dette er viktig. Eg vil gje mi fulle støtte til Stian Hårklau sine refleksjonar.

Sogn og Fjordane er på full fart til å bli filialfylket, dersom ingen set på bremsen. Sp er ikkje imot fusjonar, men det handlar om rette fusjonar og rette eigarar, og då er eigarskapsstrategi avgjerande.

BKK har ein langsiktig strategi. For snart 20 år sidan kom BKK inn i SFE, Sunnfjord Energi og Sognekraft med ein betydeleg minoritetspost, takka vere Arbeidarpartiet som sikra fleirtal for dette saman med Høgre-sida

Målet til BKK har heile tida vore å få kontroll over kraftressursane i Sogn og Fjordane. Det greidde dei no nettopp med å fusjonere med Sunnfjord Energi – der eigarane i Sunnfjord energi sit att med ein eigarpost på 3,5 % i BKK – men målet er å ta resten av fylket også.

BKK har ein eigarskap der Statkraft og Bergen kommune kontrollerer 85 % av selskapet. Dei har fram til dags dato vore meir opptatt av utbytte til eigarane, enn samfunnsoppdraget som er å bygge ut meir fornybar rein energi. Det er denne konstruksjonen Sunnfjord Energi no blir ein del av.

Eg meiner BKK sin langsiktige strategi ikkje er foreinleg med kraftbransjen i Sogn og Fjordane sine mål. Døma på dette er fleire, og viser kvifor lokal eigarskap og styring med kraftselskapa er så viktig.

Dersom Sunnfjord Energi hadde vore fusjonert med BKK då Jølstra-utbygginga skulle vedtakast, så hadde den utbygginga blitt stoppa. BKK sa nei til å vere med å løfte dette prosjektet, og det var SFE som kom inn i tolvte time og redda finansieringa.

BKK gjekk heller ikkje inn med emisjon slik fylkeskommunen og eigarkommunane i SFE gjorde for å sikre utbygginga av Østerbø kraftverk i Høyanger. BKK meinte den gongen at Østerbø var eit tvilsam økonomiske utbygging, men det var eitt av dei kraftverka dei kravde dersom eit utkjøpsløysing med fylkeskommunen skulle kunne forhandlast om. Det måtte difor likevel ligge ei betydeleg økonomisk interesse i dette kraftverket.

SFE og Sunnfjord Energi har og vore sentrale i andre viktige satsingar i Sogn og Fjordane. Enivest, som SE var fødselshjelp for, har i dag over 50 tilsette og har vore ei viktig drivkraft for breibandutbygginga i Sogn og Fjordane. Hadde BKK hatt tilsvarande interesse av å bygge opp dette i Førde då dei har andre tilsvarande selskap i eige distrikt?

Dette er nokre døme, men det illustrerer at med så ulik eigarskapsstrategi, så er BKK feil partnar.

Utjamning av nettleiga var eitt av dei store salsargumenta for fusjonen mellom BKK og SE. Når vi så får vite at BKK reiste til Oslo og snakka imot utjamning av nettleiga i komiteen, så må ein stille spørsmål ved motivet. Var det fordi at ei nasjonal utjamning av nettleiga nettopp kunne stikke kjeppar i hjula for deira planar?

Og kvifor stoppa BKK fusjonsplanane mellom Sunnfjord Energi og SFE som det hadde blitt jobba med i over to år, like før resultatet var klart til å leggast fram for eigarane? Ein kan lure på om dette var eit spel for galleriet heile vegen frå BKK si side.

Kva tillit kan vi ha til BKK som i nærare 1 ½ år gjennom rettsvesenet har prøvd å forhindre fylkeskommunen å kunne gi aksjane i SFE til kommunane i Sogn og Fjordane?

Den nye logikken til Arbeidarpartiet og Arve Helle ser ut til å vere at så lenge makt og funksjonar «berre» vert flytta frå Sogn og Fjordane til Bergen, så er det ikkje sentralisering. Det tykkjer eg er skremmande.

No treng vi stødige politikarar i kommunane, og i nye Vestland fylke, som vil sikre at dei aksjane som fylkeskommunen overfører til kommunane vert verande på kommunale hender, og som forvaltar den gåva som fylkeskommunen gjev til kommunane i Sogn og Fjordane på ein god måte.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags