Arvesølvet skal gje verdiskaping!

IKKJE FOR AMATØRAR: Kraftmarknaden er i dag ikkje for amatørar og vil heller ikkje bli det. Dei vil stille med nødvendig brei spesialist-kompetanse for å takle kjøp og sal av kraft i ein marknad med stor dagleg handel, beståande av ulike marknadsplassar, og store mengder kontraktar, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Kjøsnesfjorden kraftverk.

IKKJE FOR AMATØRAR: Kraftmarknaden er i dag ikkje for amatørar og vil heller ikkje bli det. Dei vil stille med nødvendig brei spesialist-kompetanse for å takle kjøp og sal av kraft i ein marknad med stor dagleg handel, beståande av ulike marknadsplassar, og store mengder kontraktar, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Kjøsnesfjorden kraftverk. Foto:

Av
DEL

MeiningarVasskraft/fossefall som arvesølv var inntil for nær hundre år sidan i bondestanden si eige. Store oppkjøp av fallrettar flytta eigarskap over til, først store industriselskap, så kommunar/fylke/stat, og etter kvart til staten frå privateigd industri gjennom heimfallsinstituttet som har forankring i Vassdragslovgjevinga.

I Sogn og Fjordane kjøpte fylket opp fallrettar i fleire vassdrag som Gaularvassdraget og Nautsdalsvassdraget, men staten kom fylket, som potensiell utbyggar, i forkjøpet med verneplanar for vassdraga. Dette stoppa store økonomisk gunstige utbyggingsprosjekt. Fylket prøvde seg rett nok gjennom Samla plan for vassdrag med ein eigen «Sunnfjordpakke» der Jølstervassdraget skulle få varig vern og Gaular og Naustdal byggjast ut. Resultatet vart «rekning gjort opp utan vert».

Arvesølvet har også dukka opp i debatten om fusjon mellom BKK og Sunnfjord energi, men dette har dessverre blitt ei tilsløring av ein sakleg debatt og forsøk på forvrenging av motiv.

Nettdelen av samanslåingstemaet synest grei. Straumkundane i Sunnfjord bør ikkje akseptere å vere kasteballar i ein politisk debatt der det gong etter gong blir uttrykt håp om statlege subsidiar for å dekke kostnader med ein urasjonelle og kostbar selskapsstruktur.

Nettdrift og nettleige dreiar seg ikkje om disponering av arvesølvet. Nettdrift er i dag ein monopolaktivitet som er sterkt regulert både gjennom lovverket, konsesjonar og forskrifter.

Utbygging og drift av kraftverk er eit viktig aktivitetsområde for både Sunnfjord Energi og BKK. BKK har over lang tid bygd ut mange store kraftverk og har i dag ein middels produksjon på 7 TWh (7 milliardar kWh). Sunnfjord Energi har ein middels produksjon på ca. 500 GWh (500 millionar kWh) der BKK eig ca. 40 %. BKK sin produksjonskost pr./kWh ligg truleg vesentleg under det som gjeld for Sunnfjord sine anlegg. Fordelane ved samla drift er greie å forstå. Utbygging, drift og revisjonar innanfor rammer gitt gjennom konsesjonar med vilkår, krev brei og sterk kompetanse som klart er ei utfordring for små selskap.

Det som står att er å meistre optimal verdiskaping gjennom det som kan hentast inn gjennom sal av kraftproduksjonen frå arvesølvet.

Kraftmarknaden er i dag ikkje for amatørar og vil heller ikkje bli det. BKK er ein stor og tung aktør her, og dei vil bli endå større. Med ein portefølje på kanskje nær 10 TWh blir dei ein av dei største i Norge. Dei vil stille med nødvendig brei spesialist-kompetanse for å takle kjøp og sal av kraft i ein marknad med stor dagleg handel, beståande av ulike marknadsplassar, og store mengder kontraktar.

Å meistre deltaking i kraftmarknaden er avgjerande for at «Arvesølvet» skal gje den verdiskaping som vi skal forvente.

Skattlegging gjennom eigedomsskatt, naturressurskatt, konsesjonskraft og fond til kommunane blir ikkje endra. Korleis utbyttet blir frå overskott/kraftsal blir er noko anna, men vil vere best sikra gjennom eit stort selskap med ein solid produksjonsportefølje der ein vesentleg del av produksjonsanlegga har låge kapitalkostnader.

Gir vi frå oss arvesølvet?

Å gå saman med BKK kan bety at arvesølvet for framtida blir forvalta slik at det kan bidra til å skape tryggleik for varig optimal verdiskaping. Det er vanskeleg å finne sakleg grunnlag for ikkje å ha tillit til det som hovudaktørane i saka har presentert.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags