Vindkraft – til kva pris?

TAP: NVE påstår at toppane Løsetheia og Hålandsnipa (her sett frå det populære utsiktspunktet Grønholten) er eigna til vindkraftindustri. Ein horisont dekte med vindturbinar vert eit tap for innbyggjarane, seier Mark Taylor MDG

TAP: NVE påstår at toppane Løsetheia og Hålandsnipa (her sett frå det populære utsiktspunktet Grønholten) er eigna til vindkraftindustri. Ein horisont dekte med vindturbinar vert eit tap for innbyggjarane, seier Mark Taylor MDG Foto:

Av
DEL

LesarbrevVil du bytte ut urørt natur med vindindustri? Er du villig til å late 584 km² areal i ytre Sunnfjord og ytre Sogn bli dekka av vegar, straumlinjer og vindturbinar? Ønskjer du å finansiere dette med ei høgare straumrekning?

På 1. april publiserte NVE sin rapport Forslag til nasjonal ramme for vindkraft. Rapporten påstår at Sunnfjord og Sogn er eit av dei mest eigna områda for ny vindkraftutbygging i Noreg, men den er tynt om viktige miljø- og samfunnsinteresser.

I Firda onsdag 3. april, er vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund sitert og seier at eigna område er mest eigna når ein tek omsyn til miljø- og samfunnsverknader, at nesten ingen ligg på høgfjellet og at store areal i utpeika områda vil vere uaktuelle for vindkraft etter ei grundig og streng konsesjonshandsaming.

Med bakgrunn i handsaming av konsesjonen for Guleslettene i Flora og Bremanger, der NVE sette omsynet til utbyggjaren sin økonomi framfor natur- og friluftsverdiane, ikkje følgde faglege krav til Miljødirektoratet og tok ikkje godt nok omsyn til fugletrekk, har vi grunn til å tvile om konsesjonshandsaming skal plutseleg få betre kvalitet no.

Fjaler kommune jobbar for tida med arealdelen av kommuneplanen. Innbyggjarane gir tilbakemeldingar at lett og raskt tilgang til urørt natur er ein viktig faktor for at folk vel å busetje seg i kommunen. Kva skjer med bulyst og folketalet når viktige friluftsområde og utsiktspunkt som fjella Vardeheia, Jarstadheia, området Havrefjellet til Hålandsnipa, området nord for Heileberget, samt Blåfjellet, Styggeheia og Taket blir utbygd med vindindustri? Alle desse snaufjellområda er eigna for industrianlegg ifølge NVE sin rapport. Rapporten konstaterer at landskapet er lite påverka av inngrep – kvifor skal det då vere eigna til utbygging?

Rapporten seier at utbygging vil krevje store nettinvesteringar og at vindkrafta i dette området vil difor vere mindre lønsam enn i andre delar av Sør-Noreg. Vi kan tru at resultatet av utbygging vert at innbyggjarane må betale større nettleige for å kompensere for lågare kraftprisar og investeringane.

Siste helg vedtok Dei Grøne ein resolusjon der det står m.a.:

«Arbeid med å gi nye vindkraftkonsesjoner på land må stilles i bero fram til nasjonal ramme er vedtatt, og gitte konsesjoner som ikkje er påbegynt må bortfalle når de går ut.»

«Fremtidige vindkraftkonsesjoner på land i Norge bør primært forbeholdes områder med eksisterende inngrep og infrastruktur, og skal ikkje redusere områder med urørt preg eller andre viktige natur- og friluftslivsverdier. All utbygging skal skje skånsomt og med lokal involvering.»

Slik det står i programmet til MDG Vestland, vil Dei Grøne føre ein restriktiv politikk når det gjeld utbygging av vindkraft på land. Vi går imot utbygging av vindkraftindustri i viktige og sårbare naturområde. Hovudmålet i det grøne skiftet er å ta vare på og oppretthalde intakte økosystem og det biologiske mangfaldet som vi menneske er avhengig av. Vi må kome vekk frå den utdaterte tankegangen at vi skal bruke naturen for å skape økonomiske verdiar. Ein sterk nedgang i ressursbruk og større satsing på havvind er framtidsretta tiltak som Dei Grøne vil fremje. Då kan du og framtidige generasjonar framleis ha glede av fjellturar i den stille og vakre naturen i Sunnfjord og Sogn.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags