Vindkraft – den nye landeplaga

ENGASJEMENT: Produksjon av kraft har alltid skapt eit engasjement hos folk. Både utbygging av vasskraft og no vindkraft, er vi for eller i mot? skriv artikkelforfattaren. Bildet viser vindmøller på Smøla.

ENGASJEMENT: Produksjon av kraft har alltid skapt eit engasjement hos folk. Både utbygging av vasskraft og no vindkraft, er vi for eller i mot? skriv artikkelforfattaren. Bildet viser vindmøller på Smøla. Foto:

Av
DEL

LesarbrevVi nordmenn har alltid likt å snakke om vêr og vind, som vil påverke våre aktivitetar. Her i Noreg ligg det godt til rette for å kunne satse på fornybar energi, inkludert vindkraft. Vår geografiske plassering gjer at vi har mykje vêr som kan utnyttast for å kunne satse på grøne energikjelder. Vasskraft, som er utnytta over fleire generasjonar, er den som er mest kjend og som bidrar til at vi produserer rein energi.

I dei siste åra har vi oppdatert vårt linjenett og bygd overføringslinjer til våre naboland, disse linjene gjer at vi kan eksportere kraft når vi har overskot og importere når vi har behov for det. Dette medfører at vi kan byggje kraftkrevjande energi andre plassar enn der krafta vert produsert. I tillegg har vi også byrja å sjå på andre alternativ til produksjon av grøn energi. Til dømes vindkraft, bølgekraft og utnytte solenergien ved hjelp av solcellepanel. Difor er det viktig å ha gode støtteordningar for testing og pilotisering av ny og god miljøteknologi.

Produksjon av kraft har alltid skapt eit engasjement hos folk. Både utbygging av vasskraft og no vindkraft, er vi for eller i mot? Her på Vestlandet har debatten på gått i mange år, og som no gjeld diskusjonen om utbygging av vindkraft. Lokalt her i Fjaler er engasjementet høgt når det kjem til utbygging, der dei er veldig splitta over kva som er best. Det er velkjende argumente som vert brukt. Dei som er for argumenterer med at vindkraft skapar verdiar, fleire grøne arbeidsplassar og vil hjelpe oss inn mot lågutsleppssamfunnet. Dei som er mot utbygging av vindkraft meina at det vil påføre dyrelivet, friluftsliv og folk store ulemper i form av rasering av område rundt anlegga. Friluftsliv står sterkt i norske hjarte, der vi er vande til å kunne ferdast i naturen utan forstyrrande element. Som politikar må vi balansere desse omsyna, noko som ikkje alltid er like lett.

Solberg-regjeringa ynskjer å legge til rette for at vindkraftutbygginga skal vere lønsamt, men også tar vare på viktige samfunnsinteresser som til dømes friluftsliv og dyreliv. For å få det til, er det viktig med oppdaterte kunnskapar som dekker notidas miljøbilde. Ikkje minst kunnskap om dei områda som er mest egna til utbygging av vindkraft. Difor har NVE fått i oppdrag å samle kunnskap om verknadane av vindkraft. Det er også viktig å presisere at nasjonal ramme for vindkraft ikkje er ein utbyggingsplan. Denne helga blei rapporten overlevert til olje- og energiministeren, samt klima- og miljøministeren. Der kom det fram at NVE har blant anna utpeika desse plassane i Sunnfjord som godt eigna for vindkraft: Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger.

Stadig fleire har også peikt mot at vindkraft bør byggast ut i havet. Vindmøller til havs har hatt ein lovande utvikling dei siste åra, der også kostnadane har minka. Noko som medfører at regjeringa arbeider med å opne eitt eller to område til vindkraft som er stasjonert i havet. Det er også viktig å merke seg at kostnaden mellom landbasert vindkraft og vindkraft til havs er framleis betydeleg, noko som medfører at vindkraft til havs ikkje er eit alternativ i den norske kraftforsyninga dei neste åra. Det er også viktig at vi tar diskusjonen no, sidan at vindkraft nærmar seg tilsvarande kostnadar med vasskraft. Skal vi satse på den eine eller den andre når det kjem til fornybar energi? Eit anna moment er det at vi har mest vind på den årstida då vi treng mest straum, som er nettopp vinteren. Då kan vindkraft vere eit godt supplement til vasskraft som på den årstida ikkje kan nyttast fullt ut.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags