Vindenergi – det beste ligg i røyr

UROA: MDG Vestland er uroa over at vindmøllar på land vert trumfa gjennom imot folkeviljen. Samstundes brenn vi for miljøvennleg energi. Saman MÅ vi løyse energi- og miljøutfordringan, skriv MDG sin førstekandidat til fylkestingsvalet, Natlia Golis i denne artikkelen.

UROA: MDG Vestland er uroa over at vindmøllar på land vert trumfa gjennom imot folkeviljen. Samstundes brenn vi for miljøvennleg energi. Saman MÅ vi løyse energi- og miljøutfordringan, skriv MDG sin førstekandidat til fylkestingsvalet, Natlia Golis i denne artikkelen. Foto:

Av
DEL

Meiningar

«Må min uro halda stand som vind, som bål og brann. I alt eg har av tid: La min uro forbli.» Det er poeten Ingvar Hovland som på denne måten set ord på eit av dei største dilemma i den norske energidebatten. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) er sterkt uroa over all bruken av fossil energi land og strand rundt. Vi ser tre vegar fram til berekraftig løysing på utfordringa.

Dei aller fleste er samde i at bruk av bensin og diesel MÅ ned. Vi må rett og slett elektrifisere kvardagen – ikkje berre dei store oljeplattforma. Så kjem neste problem: Vi har ikkje nok vasskraftenergi til alt dette. Er det vindmøllene som skal redde oss?

Samla sett har Norge overskot av el-energi, men samstundes er det viktig å hugse på at vi somme tider er avhengig av import av el-kraft frå EU-land som Sverige, Danmark og Tyskland. Det har faktisk hendt at vi i Norge har fått betalt for å ta imot overskotskraft frå danske vindmøllar. Gjennom åra er det bygd kraftliner som gjer den lokale eller nasjonale marknaden mindre kjenslevar for svingingar mellom produksjon og etterspurnad, som til dømes i turre somrar eller på vinterstid med streng kulde. Men dersom all transport i Norge skal gå på batteri, har vi ikkje nok vasskraft å lade bilar, bussar, lastebilar og ferjer med - i tillegg til alt det andre vi brukar el-energi til. Tala varierer mykje, men Statskraft meiner vi vil trenge 30 til 50 TWh i tillegg til dei drygt 140 TWh vi produserer i eit normalår. Det finst 1609 vasskraftverk og 33 vindkraftverk i Norge. Vindkrafta står for 3,4 prosent (2017) av energimengda vi produserer i dag, men dette er venta å auke etter kvart som nye vindmølleparkar vert opna. Dette er fin tilvekst, men det vil ikkje monne i det store biletet. Det er tre  vegar ut av dilemmaet.

MDG Vestland meiner vi skal føre ein restriktiv politikk når det gjelder utbygging av vindkraft på land, og vi vil gå imot utbygging av vindkraft i viktige, sårbare naurområder i fylket; til dømes Stølsheimen. For det andre må vi difor,  som individ og samfunn, tenkje nytt om korleis vi brukar energi. Det er svært mykje å hente på energieffektivisering både på produksjonssida og på forbrukssida. Som ein del av dette må samfunnsplanlegginga i større grad ta omsyn til, ikkje berre direkte miljøpåverknad, men også til energieffektivisering som ein vesentleg del av miljørekneskapen. Vi må bli langt betre på å planlegge for kort avstand mellom bustad, barnehage, skule og arbeidsplass, meir energieffektive bustadhus og næringsbygg. Også landbruk, havbruk og anna næringsaktivitet må intensivere jakta på betre bruk av kostbar energi.

For det tredje må vi som nasjon styrke forskinga på nye produksjonskilder. Professor Finn Gunnar Nilsen ved Universitetet i Bergen har rekna ut at ein vindmøllepark til havs på 70 gonger 70 kilometer kan produsera like mykje el-kraft som den samla vasskraftproduksjonen gjer i dag. Equinor har ønske om å teste ut slik teknologi, men dei treng statleg støtte som gjer det sannsynleg at prosjektet kan bli lønsamt.  Vi ønskje ei storstilt havvind satsing framover, og ser skal arbeide for at dette prioriteres nasjonalt.

Det mest nærliggjande er likevel å effektivisere produksjonen av dei vasskraftverka vi allereie har. Forskarar ned NTNU har rekna ut at vi med opprusting og utviding av norsk vasskraft kan produsere like mykje elektrisk straum som all planlagt vindkraft på land. Dette er ein «lågthengjande frukt» som styresmaktene må legge til rette for å ta ut, framfor ukritisk å tildele konsesjonar på vindmølleparkar som øydelegg sårbar norsk natur.

MDG Vestland er uroa over at vindmøllar på land vert trumfa gjennom imot folkeviljen. Samstundes brenn vi for miljøvennleg energi. Saman MÅ vi løyse energi- og miljøutfordringane. Den uroa går ikkje forbi. Det er MDG Vestland og Ingvar Hovland samde i.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags