Destruktivt profittjag øydelegg landet

Kystlandskapet skal ofrast til vindindustri i klimaets og profittens namn, i følgje olje- og energiministeren. Her frå vestre del av det som skal bli Guleslettene vindkraftanlegg.

Kystlandskapet skal ofrast til vindindustri i klimaets og profittens namn, i følgje olje- og energiministeren. Her frå vestre del av det som skal bli Guleslettene vindkraftanlegg. Foto:

Av
DEL

LesarbrevUtsegna «vi må ofre naturen for å redde klimaet» har vore ein gjengangar i media dei siste månadane. Særleg representantar for vindkraftindustrien og deira støttespelarar hevdar at ofring av naturen er heilt naudsynt for å berge klimaet på kloden. Drap på fugl, insekt og flaggermus, øydelegging av myrer, fragmenterte økosystem, sprengde fjelltoppar, støyande gigantturbinar og bygging av tette vegnett i urørt natur er visst passande offer. Då kan vi alle nemleg leve som før, lovar dei.

Motivasjonen for denne lovprisinga av ofring av natur er økonomisk profitt. I den blåblå regjeringa har profitten den høgaste status som moralsk rettesnor og ho vert irritert når ho får fagleg kritikk for det. Difor var eit av dei første grepa regjeringa gjorde då ho flytta inn i regjeringskvartalet å vengeklippa dei miljøfaglege fagetatane i statsapparatet og sidan har ho truleg dumpa innspela derifrå i Førdefjorden. Riksrevisjonen har evaluert konsekvensane av dette og la i vinter fram ein rapport der konklusjonen var eintydig: Regjeringa har nedprioritert omsynet til norsk natur i arealsaker. Konsekvensen er at stadig fleire artar og landskapstypar hamnar på raudlista. Dette gjer ikkje nemneverdig inntrykk på olje- og energiministeren. Han snur ryggen til havvind og proklamerer at vi heller bør ofre store areal med urørt norsk natur til vindkraftindustrien.

6. mai kom den lenge varsla FN-rapporten som dokumenterer at menneska undergrev eigen eksistens på grunn av masseutrydding av dyr-, plantar og insekt. Den slår fast at masseutrydding av våre medskapningar på kloden er eit like stort trugsmål som klimaendringane. Masseutryddinga skjer fordi vi menneske stadig breier oss, tek alle ressursar og øydelegg levestadane til skapningane vi deler kloden med. Rapporten slår difor i hel argumenta til dei som ønskjer ofring av natur for å fremje profitt når vi skal berge klimaet. I dette dystre perspektivet må det vere lov å undre seg over kvifor det berre er eitt parti på Stortinget som seier at bereevna til naturen og klimaet må vere fundamentet for all politikk.

Skribent og naturvernar Jørg Arne Jørgensen har laga eit godt bilde av kva som held sivilisasjonen oppe: Dersom sivilisasjonen var ein person, var han boren av to føter: den eine ville vere naturen og den andre klimaet. Med eit slikt bilde er det lettare å forstå kvifor det er på grensa til kvakksalveri når vindkraftindustrien argumenterer for at den eine foten er overflødig og kan ofrast. Enno verre er det at regjeringa vil hogge av begge føtene: Naturen vil ho ofre for å bygge industrianlegg for vindkraft som skal lage straum for eksport til eit altoppslukande svart energihol i Europa. I tillegg vil ho ha havet til dumpingplass for giftig gruveavfall, og let det vere fritt fram å etablere gigantiske hyttelandsbyar i våre siste villmarker. Klimaet vil ho ofre på velferda sitt alter ved å pøse ut milliardar i subsidiar til oljeleiting og legge til rette for sterk vekst i fly- og biltrafikken. Den einaste logiske konklusjonen er at regjeringa og hennar støttespelarar har mista hovudet i sitt profittjag.

Drivkrafta til den akselererande øydelegginga av kloden er kravet til dei umettelege kapitalkreftene om årleg vekst i økonomien. 3 prosent vekst i året i gjev ei dobling av økonomien og ressursbruken kvart 24. år. I Kina ligg veksten mellom 6 og 7 %. I Europa har vi ein livsstil som forbrukar mellom 4–6 jordklodar, i USA og Canada 8-10, ifølge Global footprint network. Ønskje om vekst og utvikling i den rike verda er likevel sterkare enn nokon gong, og dette er motoren som driv kloden raskt mot stupet.

Dessverre er det kapitalistiske systemet konstruert slik at om det ikkje veks, så kollapsar det i massearbeidsløyse og sosialt samanbrot. Det er eit stort paradoks at politikarane ikkje er opne for å innføre betre system når dei stadig får dokumentert dei livstrugande skadane det påfører kloden. Men truleg er det aggressive og vaktande kapitalsamlarar, og frykta for dårlege meiningsmålingar, som stoggar dei.

Ofring er eit bestialsk ritual, og ofring av ørn, flaggermus og landskap for profitt frå landbaserte vindkraftanlegg, utan å ta omsyn til naturen, vil ikkje berge kloden. Ein overlevande sivilisasjon må kvile på ein grunnmur av tilstrekkeleg intakt natur og artsrike økosystem, ein atmosfære i balanse og ein ressursbruk som er berekraftig. Det er realiteten dersom klimastreikande ungdommar skal få ei håpefull framtid. Å kome dit krev eit rask omlegging av politikken, våre samfunn, og vårt moralske tankesett. Dei som lukkar auga for desse realitetane bør ikkje ha politiske verv.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags