Sei nei til landbasert vindkraft – til beste for menneske og miljø

VINDKRAFT: Når nasjonal ramme for vindkraft plasserer Lutelandet i eit ekskludert område for vindkraft grunna miljøomsyn, meiner MDG-representant Mark Taylor at Fjaler kommune må seie nei til planendringssøknaden i sitt høyringssvar til NVE.

VINDKRAFT: Når nasjonal ramme for vindkraft plasserer Lutelandet i eit ekskludert område for vindkraft grunna miljøomsyn, meiner MDG-representant Mark Taylor at Fjaler kommune må seie nei til planendringssøknaden i sitt høyringssvar til NVE. Foto:

Av
DEL

MeiningarKva får du frå vindkraft på land? Mindre nattesøvn, skuggekast, tap av eigedomsverdi, rasering av urørt natur eller ei større straumrekning, alt etter kor nær du bur til landbasert vindindustri. No vil Lutelandet vindkraftverk blåse nytt liv i gamle konsesjonar med ei planendringssøknad til NVE. Omsyn til menneske og fuglar er nedprioritert.

Når kommunestyret handsamar Fjaler kommune sitt høyringssvar til NVE den 18. mars, må det seie nei til planendringssøknaden frå Lutelandet vindkraftverk.

Søknaden er for turbinar med rotordiameter 150 m som er i konflikt med kommunen sin reguleringsplanen som seier at «Rotordiameteren kan vere maksimalt 135 meter.» Norsk institutt for naturforsking skreiv i sin rapport Forholdet mellom fuglar og vindmøller og andre lufthindringar at turbinar med ein diameter på over 40 m sveiper eit areal større enn ei fotballbane og at auka storleik fører til auka risiko for kollisjonar. Sidan 2006 har 90 havørner, to kongeørner, jakt- og vandrefalk, dvergfalk og tårnfalkar døydd på Smøla som ein direkte konsekvens av vindkraftverket. Slike døyingstal må vi unngå på Lutelandet.

Nasjonal ramme for vindkraft plasserer Lutelandet i eit ekskludert område for vindkraft grunna miljøomsyn. I Regional plan for vindkraft (2011) har Lutelandet stort konfliktpotensial grunna hekkelokalitetar for kollisjonsutsette fuglar, raudlistefuglar og konfliktpotensial for INON-tema. Med bakgrunn i det vi veit no om den sjette utryddinga og kva økosystem betyr for oss menneske, er det openbert at grunnlaget for konsekvensutgreiingane i både konsesjonen og reguleringsplanen har gått ut på dato. Det må setjast krav om ny og meir grundig undersøking av naturverdiar.

Om det blir likevel vindkraftverk, er det ikkje nok avbøtande tiltak for å redusere ulempene i planendringssøknaden. Det er ikkje vurdert sagtenner for å redusere støy eller svart måling av blada, UV-reflekterande klistremerke og driftsstans i trekkperioden om hausten og om natta for å redusere fare for kollisjonar.

Nokre meiner at Noreg treng meir fornybar energi for å erstatta den fossile energibruken i Europa og skunde overgangen til eltransport på land og til sjøs, men dagens marknadsstyrte omsetning av energi stimulerer eit overforbruk som vi ikkje kan tillate oss. Vi kan spare 10TWh ved å bruke energi meir effektivt, påpeika Zero-leiaren på Cicero konferanse 1. mars. Vi må jobbe for at framtidige bygningar skal vere energipositive og framtidsretta – EU sitt bygningsenergidirektiv krev jo at alle nybygg skal vere nesten-nullenergibygg frå 2020. I tillegg er havvind ein meir effektiv måte å auke straumproduksjon enn landbasert vindindustri.

I sitt vedtak i 2011, gav NVE ein konsesjon på 10MW for uttesting av vindturbinar for offshore bruk, men den nye søknaden inkluderer ikkje eit slikt testanlegg. Konsesjonen var då gitt med bakgrunn i at NVE såg det som positivt at delar av planområdet skulle bli brukt til test- og sertifiseringsføremål for offshore vindturbinar. NVE må setje krav om eit testanlegg for ei framtidsretta satsing på vindkraft til havs i tråd med konsesjonen. Dette vil vere mindre konfliktfullt enn eit reint landbasert satsing. Ein kan ta ut av planen landbaserte turbinane som gir mest ulempe når det gjeld støy, skuggekast, fugleliv og andre naturverdiar. NVE bør gjerne krevje eit kommersielt flytande havvindanlegg i staden for landvind, noko som gjev mange fleire varige framtidsretta arbeidsplassar.

Miljøpartiet Dei Grøne vil gjennomføre ei storstilt satsing på å utvikle ny fornybar energiproduksjon, som havvind, biogass, solenergi, bølgekraft og geotermisk energi, men også hindrar rovdrift på naturen.

MDG vil halde oppe spreidd busetnad i Noreg. Eit tiltak er å satse på flytande havvind som vil gje arbeidsplassar til m.a. folk med offshore kompetanse.

Mens støttesystemet i Noreg subsidierer bygging av bekkekraftverk og landbasert vindkraft som et opp naturen, utan å gi verken teknologiutvikling eller arbeidsplassar, satsar Tyskland og Storbritannia målretta på utvalde teknologiar som kan kutte klimagassutslepp og skape nye arbeidsplassar. Det bør også vere målet for norsk energipolitikk. Difor har Dei Grøne føreslått ei satsing på flytande havvind som Equinor klarer fint å gjere utanfor Skottland og no satsar på for å forsyne Gullfaks- og Snorre-felta med straum frå flytande havvind midt i Nordsjøen.

Fjaler kommune jobbar no med arealdelen av kommuneplanen. Eit støysone kart som resultat av vindkraftetableringa vil avgrense kvar ein i framtida vil få lov til å bygge hus og hytter. Faste innbyggjarane lever av hytte- og båtfolk og turisme. Turistar kjem til området for å sjå vakker natur og sjeldne fuglar, ikkje fleire vindturbinar som dei kanskje har nok av i heimlandet. Kor mange faste innbyggjarar og arbeidsplassar i reiselivsnæringa vil Fjaler kommune bytte ut for 3 arbeidsplassar i vindindustrien?

Med ei regjering som vil fase ut eigedomsskatt, kor lenge vil Fjaler kommune få ein ekstra 2 millionar i inntekter frå eit vindkraftverk? For deg, blir det berre tap – norsk natur blir rasert og dermed grunnlaget for friluftsliv og busetnaden. Straumpris og nettavgifter flyr i været og om 25 år er heile eventyret over – naturen kan aldri bli ført tilbake til den opphavlege tilstanden.

For menneske og miljø – sei nei til vindkraft på Lutelandet!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags