Vindkraft? Nei, takk!

LO Ytre Sogn seier ne til utbygging av vindkraft. Bildet viser vindmøller på Smøla.

LO Ytre Sogn seier ne til utbygging av vindkraft. Bildet viser vindmøller på Smøla. Foto:

Av
DEL

LesarbrevLO Ytre Sogn seier nei til utbygging av vindkraft. Standpunktet vårt er ikkje berre knytt til motstand mot planar i nærområde. Det er også eit standpunkt som del av vår generelle energipolitikk.

Noreg har allereie i dag eit kraftoverskot. Kraftselskapa vil gjere seg rike på dette gjennom eksport. Derfor byggjer dei kablar for krafteksporten. Kven betalar for desse? Eksporten av kraft vil føre til prisvekst på straum både til privatabonnentane, kommunane og næringslivet. Dette vil ikkje minst gå ut over dei mest vanskelegstilte og dei som er lågast på lønsstigen. Og prisvekst på krafta vil utgjere ein alvorleg trussel mot den kraftkrevjande industrien som ikkje minst Høyanger er avhengig av.

Vi har lagt merke til at Gulen kommune har teke standpunkt mot vindkraft på Dalsbotnfjellet. Det forstår vi godt – dei høge vindkraftinstallasjonane vil skjemme ut fjellandskapet ved innløpet til Sognefjorden. Det er fjorden som er det mest forlokkande på turistar og som dermed bidreg til arbeidsplassar i reiselivet. Installasjonane vil også vere store inngrep i naturlandsskapet i form av vegar og sikkerheitssoner. Derfor forstår vi og støttar Gulen kommune og motstanden i lokalbefolkninga.

Med NVE si utgreiing er også fjellområde i LO Ytre Sogn sitt område, Hyllestad og Høyanger, kome i faresonar. Dei energipolitiske argumenta våre må stå sterkt i våre kommunar. Vi forventar også at våre kommunepolitikarar reagerer mot vindkraftinstallasjonane slik Gulen kommune har gjort.

Bak vindkraft står i stor grad utanlandske kapitalinteresser som er villig til å betale seg inn hjå grunneigarar, men som baserer sine utbyggingar på neglisjering av andre interessene til innbyggjarar flest, det offentlege og norske arbeidsplassar. Kommunane har ikkje dei same rettane når det gjeld konsesjonsbehandling om vindkraft og heller ikkje dei same økonomiske vederlaga for at natur går tapt fordel for kraftproduksjon.

Dette er våre gode grunnar til motstand mot vindkraftutbygging. Dersom LO Ytre Sogn sitt representantskap skulle ha bestemt parolane for 1. mai-toget dag, 23. april, ville styret ha foreslått ein parole mot vindkraft.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags