Politisk løysing om utjamning av nettleige er ein utopi

VALKAMP: Reidun Støfring og Senterpartiet vil helst at avgjerda i fusjonssaka skal utsetjast, slik at dei kan drive valkamp på den, skriv artikkelforfattaren.

VALKAMP: Reidun Støfring og Senterpartiet vil helst at avgjerda i fusjonssaka skal utsetjast, slik at dei kan drive valkamp på den, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

Dei står fram ein etter ein no, bakstrevarane i Senterpartiet. Gjer alt dei kan for å hindre fusjon mellom Sunnfjord Energi og BKK.

Som vanleg ønskjer Sp at alt skal vere som det har vore. Heng att i fortida. Faktum er at små energiselskap ikkje har noko framtid. Det er dei harde realitetane.

Sist ute no er Reidun Støfring, 6.kandidat for Sunnfjord Senterparti. Ho ser ut til å ha svært stor tru på at regjeringa kjem til å ordne lågare nettleige. Politisk snakk om utjamning av nettleige har det vel vore i mange tiår, utan at noko har skjedd. Kva er det som gir grunn til å tru på det no? Kvifor fiksa ikkje Sp og Ap dette når dei sat med regjeringsmakta i åtte år?

Både Høgre og FrP er svært klare på at vegen til lågare nettleige går gjennom at alle dei små selskapa slår seg saman til større selskap. På den måten kan ein drive meir rasjonelt og kostnadseffektivt, og det blir fleire som kan dele på kostnadane. Og korleis har Støfring fått så stor tru på regjeringa sine intensjonar? Her trur eg ho gjer opp rekning utan vert. Det er verd å merke seg at det står «..effektivt organisert strømnett» i regjeringserklæringa. Vidare står det: «Regjeringa meiner at drifta av kraftsystemet og krafthandelen så langt som mogleg må baserast på marknadsmessige løysingar».

Det kan vere ein grunn til at det er politisk vanskeleg å få til utjamning av nettleiga. Er det rettvist at dei som bur meir sentralt skal måtte betale meir i nettleige for at vi som har valgt å busetje oss i Sogn og Fjordane skal få lågare nettleige? Det er aldri ein god ide å sende rekninga over til naboen! Først må vi i alle fall gjere forsøk på å rasjonalisere og effektivisere det vi kan.

Støfring og Senterpartiet vil helst at avgjerda i fusjonssaka skal utsetjast, slik at dei kan drive valkamp på den. Det kan eg godt forstå at Senterpartiet vil. Senterpartiet flyg høgt om dagen, og trur nok at dei kan kapre endå nokre veljarar på denne saka. Eg trur dei tek feil.

Bustadsameiget eg bur i betalte om lag 58 000 kroner i nettleige i 2018. Ein reduksjon i nettleiga på 30% betyr rundt kr. 17 000 i sparte kostnader kvart år. Det er betydeleg.

Vi har venta lenge nok på lågare nettleige. Vi er lei politikarar som pratar utan å få noko gjort! Få gjennomført fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags