DEBATT: Vasskraft – vindkraft – nok kraft ...?

NEI: På byrjinga av 1980-talet var (lokal)avisene overfylte med lesarinnlegg vedk. vasskraftutbygging i Breheimen, Strynesida. «Naturvernarane» var i stort fleirtal når det galdt desse innlegga – og dei var svært negative til  (all) vasskraftutbygging. Illustrasjonsfoto frå Oddatjønndammen i Suldal.

NEI: På byrjinga av 1980-talet var (lokal)avisene overfylte med lesarinnlegg vedk. vasskraftutbygging i Breheimen, Strynesida. «Naturvernarane» var i stort fleirtal når det galdt desse innlegga – og dei var svært negative til  (all) vasskraftutbygging. Illustrasjonsfoto frå Oddatjønndammen i Suldal. Foto:

Av
DEL

MeiningarNaturvernforbundet i Sogn og Fjordane v/ Erik Solheim er igjen frampå med lesarinnlegg vedk. kraftproduksjon i Noreg.

På byrjinga av 1980-talet var (lokal) avisene overfylte med lesarinnlegg vedk. vasskraftutbygging i Breheimen, Strynesida. «Naturvernarane» var i stort fleirtal når det galdt desse innlegga – og dei var svært negative til (all) vasskraftutbygging. Naturen og miljøet blei øydelagd! «Berg Breheimen» sigra (blei verna) – men berga det klimautfordringane? Det positive den gongen, var at desse naturvernarane hadde alternativ til vasskraftutbygging – her måtte m.a. satsast på vindkraft – ja, du las rett: VINDKRAFT!

Kva er det vi les no, 35 år seinare? Jo, vindkraft øydelegg naturen ... og meir til! Naturvernarane er visst akkurat som vinden – skiftar retning (meining) og styrke akkurat slik dei finn det for godt. Kva er så alternativet denne gongen? Jo, iflg. E. Solheim så har vi no rikeleg av kraft i landet vårt. Nei, vi har ikkje det! Her er år om anna periodar av året der Noreg har kraftunderskot- dette er fakta iflg. fagfolk i kraftbransjen. Men her finst mange typar «fagfolk» ...

Men om vi no har rikeleg med kraft – kva er gale med å eksportere den – og tene pengar? Ville det ikkje vere bra, gode naturvernarar, å kunne erstatte svært forureinande kolkraftverk på kontinentet med kraft frå reine, fornybare energikjelder? Har vi ikkje eit visst moralsk ansvar for å kunne hjelpe til med å produsere rein, fornybar elektrisitet, slik at forureinande fossile kraftverk kan stengjast? Oljenasjonen Noreg vil gå tom for olje om nokre tiår. Kva med om Noreg blir ein kraftgigant på fornybar energi?

Vi har framleis rikeleg med olje og gass i landet vårt – betyr dette at vi ikkje skal eksportere av våre «gode»? Vi et ikkje all fisken vi fiskar i landet vårt – betyr dette at vi skal fiske mindre og ikkje eksportere noko? Kva konsekvensar ville dette få utan slik eksport? Skal vi berre nyte – og ikkje yte?

Eg kjenner godt til nokre område i Aust-Agder som er i søkjelyset for vindkraftutbygging (kan sjølv bli råka). Her er område som ligg på 500- 700 m.o.h. og nærmaste hus er fleire kilometer unna. Kom ikkje å påstå at folk vil få helseplager og ungar får ikkje sove om natta av støyen om det kom vindturbinar her! Kom ikkje med slik «skremselspropaganda», kven det no er! Kom heller med konstruktive, konkrete innspel om kva som kan gjerast for å få slutt på (all) bruk av fossilt brensel til kraftproduksjon! Då tenkjer eg ikkje berre på vesle Noreg. Nei, Noreg kan sjølvsagt ikkje redde heile verda – men sjå kva landet vårt har fått til som olje- og fiskerinasjon!

Kva med all trafikkstøy frå bilar, bussar, trailerar som folk blir utsette for i heimane sine 24 t/døgn, 7 dagar/veka?

Undrar meg på kva det er som må til for at klimaet skal bergast? Kanskje slutte å følge fly? Eg følgde fly sist gong i 1980 – når følgde de mest ihuga, såkalla naturvernarar fly sist? Nei, eg reknar med at de sjølvsagt ikkje har forureina og tatt fly i det heile teke ...

Skal vi nordmenn bli ein flokk med nasjonalistiske, proteksjonistiske julenissar som ikkje ser lenger enn vår eigen nasetipp? Eg klarar ikkje å følge slik einspora, egoistisk tankegang ...

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags