Skuld eller ikkje skuld med Førdepakken

Askvollkrysset og Steinavegen etter at Førdepakken har gjort sitt.

Askvollkrysset og Steinavegen etter at Førdepakken har gjort sitt. Foto:

Av
DEL

MeiningarI ikkje mindre enn 4 lesarbrev i Firda (03.06., 06.06., 11.06. og 22.06.), har Arve Seger fått høve til å reinvaske seg sjølv for skuld, og legge skuld på andre for at Førdepakken har blitt som den er. Seger har nytta «du» forma og liksom kommunisert direkte med byen Førde. Komisk, og til tider på eit barnehagenivå – som då han beskriv nedkøyringa til parkeringskjellaren i nybygget til Torbjørn Berqvam – som eit skjemmande, stort, svart hol.

Ærlig talt, Seger, trur du ikkje den blir lyst opp – med elektrisk lys? Eller er dette din vanlege måte å kritisere andre sine løysningar som ikkje samsvarar med dine? I ditt siste lesarbrev (22.06.) skriv du: «Om skuld no er det einaste argumentet som er att for tunnelar, så er det fleire som må dele på skulda. Kanskje «vegar utanom, folket» må sjå at dei også har skuld når dei ikkje har nådd fram med sine argument i tide til dei som styrar og gjer vedtak for deg, byen».

Eg har hatt fleire avisinnlegg om Førdepakken, men eg visste ikkje at eg høyrde til ei gruppe, «vegar utanom, folket». Sidan eg er ein av desse som ikkje har argumentert godt nok, tek eg til motmæle. Eg er ikkje ekspert på planlegging av vegar og tunnelar, men eg har over 10 års erfaring med å vurdere og godkjenne andre sine planar for utbygging av telenettet ved automatisering av telefonen i Sogn og Fjordane, og meiner å kunne skilje mellom ein god og framtidsretta plan og ein plan som ikkje er det.

Når eg samanliknar Seger og dei andre prosjektleiarane i Førdepakken sine planar og idear mot det som kjem frå Kjartan Myklebust, er det ikkje tvil om kor fornufta er. Eg har heile tida vore av same meining som Kjartan Myklebust, og argumentert ut frå det perspektivet. Når Kjartan Myklebust sine planar og idear ikkje når fram til godkjenningsinstansen, gjer heller ikkje min argumentasjon det. Det er eg vel vitande om.

Som hovudregel blir alle alternative forslag som ikkje er i samsvar med planane til prosjektleiarane i Førdepakken, eliminert vekk, slik at bystyret berre har eit forslag til godkjenning – Førdepakken sitt.

Det byrja allereie då forslag om ny E39 frå Langeland til Brulandsberget skulle handsamast og godkjennast av kommunane Gaular og Førde. Vegvesenet hadde utarbeidd fleire alternativ. Der var og eit som gjekk om Reset. Det lengste alternativet som gjekk frå Myra i Gaular til Brulandsberget var over 12 km, og måtte ha to separate tunnelar av sikkerheitsomsyn på grunn av lengda. For å samanlikne kostnadane mellom alle alternativa, vart alle kostnadsrekna med to tunnelar – også den om Reset.

Kjartan Myklebust reagerte på dette innan høyringsfristen, og kom med det glimrande forslaget at tunnelen om Reset måtte få ei rundkøyring i dagen, slik at tungtrafikken frå industriområda på Holtemyra kunne fangast opp, og gå utanom Førde by. Tunnelstrekninga Brulandsberget – Langeland kan delast opp i to eller tre mindre tunnelar. Ingen av tunnelane vil bli over 4 km, slik at det ikkje er naudsynt med doble tunnelar. Men dette alternativet fekk ikkje ei rett kostnadsvurdering. Tunnelen til Reset vart hengjande med doble tunnelar til liks med dei andre lengre tunnelalternativa.

Men det var ikkje nok med det. Dåverande prosjektleiar for Førdepakken hevda og at tunnelen til Reset var for bratt. Det lengste og dyraste alternativet frå Myra i Gaular vart valt av politikarane, og Kjartan Myklebust sitt alternativ vart aldri realitetshandsama. Tunnelen var for bratt og den var for dyr, kunne prosjektleiar i Førdepakken opplyse.

Denne feilaktige informasjonen, vart seinare brukt av ordførar og rådmann i folkemøte og avisinnlegg – utan at vegvesenet eller prosjektleiarane i Førdepakken gjorde noko for å rette opp feilinformasjonen som bystyret og folket hadde fått. Konsekvensane av dette veit vi litt om i dag.

Tenk om Kjartan Myklebust sitt gode forslag hadde fått ei korrekt handsaming i Førdepakken, og fått første prioritet for utføring – framfor gang og sykkelvegar. Då hadde det ikkje vore trong for ny gjennomkøyringsveg i Førde sentrum med tre køyrebruer, og med gangveg og sykkelveg på begge sider. Mykje pengar kunne vore spart og nytta til tunnelbygging.

No når Seger ser dagens parkeringsproblem, seier han at Førde må få parkeringshus, men ikkje kor. Ettersom stadig fleire parkeringsplassar forsvinn på grunn av Førdepakken og fleire bilar i sentrum, vil parkeringsproblema berre bli større med tida. Det naturlege, mest økonomiske og med minst negative konsekvensar, vil vere å byggje ein parkeringshall i Hafstadfjellet. Men E39 sperrar tilkomsten. Statens vegvesen vil ikkje tillate avkøyring frå E39 direkte til ein slik parkeringshall, meiner Seger. Det ville ikkje vore noko problem dersom nye E39 gjekk i tunnel frå Kronborg eller Brulandsberget til Reset.

Slik går det, Seger, når planane kjem i feil rekkefølgje og ein ikkje bryr seg om kva konsekvensane blir.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags