Opent brev til Førdepakken og Førde kommunestyre v/ordførar Grotle

VAKEN: Odd Tandstad ber Førde kommune vakne opp og ta ansvar for nye parkeringsplassar før dei gamle forsvinn med Førdepakken.

VAKEN: Odd Tandstad ber Førde kommune vakne opp og ta ansvar for nye parkeringsplassar før dei gamle forsvinn med Førdepakken. Foto:

Av
DEL

MeiningarI Firda 27.06.2019 står det: Førdepakken fjernar parkeringsplassar!

Ja vel, det er framlegget, så langt! Mitt spørsmål er enkelt og greitt: Før alt vert fjerna, kvifor ikkje bygge parkering i fjellhall først? Då kan alle bilane og kundane, i Førde Sør føle seg heime!

Er det ikkje fornuftig å bygge eit alternativ, før alle parkeringsplassane vert fjerna? Skal næringslivet i Førde Sør raserast av Førdepakken? Steinmassar ser det ut som trengst over alt, ikkje minst på Hafstadflata!

Planane for fjellhall har vore kjent i meir enn 20 år! Rett inn frå Langebruvegen, kryss med fire armar, Langebruvegen/Fjellvegen. Trafokiosken må flyttast. Ca. 2 mill. i 2009, kanskje 4-5 mill. i dag! Parkeringshus mellom Brunosten og Bergehallen er unødvendig. Fjerning av tre husvære i Lysthaugen unødvendig. Alle millionane som kan sparast, kan brukast til fjellhall!

Og, det kan lagast tunnel til Storehagen bru, og rundkøyringa ved Rema 1000 på Hafstad. Bilane utanom Fjellvegen (sentrum)! Tenk for ein lette! For alle!

Førde Kommune: Vakn opp! No må vi bruke vit, ikkje byråkrati, eller andre tullete avgjerdsorgan, no må sunn fornuft kome til sin rett!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags