DEBATT: Tor Opseth , Asbjørn Steen, og Kjartan Myklebust har rett

Av
DEL

Lesarbrev 

Å bygge by, handlar om å ivareta fortid og skape rom for framtid. Noko må vike for nye hus og vegar, men identitet og del av oss må vi ta med vidare.

Samferdsel er sjølvsagt del av dette, men det blir feil når bilbruer vi ikkje treng skal øydeleggje viktig del av byen som vi ønsker å ha med vidare, viktig del av vår identitet. Vi treng ei gangbru som knyter Førdehuset, parken og Hafstad idrettspark saman.

Så treng vi lede, trafikken som kjem frå E39 og skal til Florø utenom sentrum, sjå Kjartan Myklebust sitt forslag.

E39 utanom Førde sentrum må prioriterast.

Det er feil når dagens Førde-politikarar hevdar at trafikken på E39 ikkje er ei utfordring. Om E39 vert lagt ut av sentrum så treng vi ikkje lage Førde sentrum om til Norges største vegkryss.

Jorunn Eide kirketeig

Samfunnsdebattant

Førde

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags