Kven treng bilbrua ved Førdehuset?

NEI TIL BRU: Det enkle er ofte det beste. Legg biltrafikken rundt Førde, ikkje tvers igjennom, skriv Marit Bendz i Naturvernforbundet. Ho støttar framlegget til Kjartan Myklebust.

NEI TIL BRU: Det enkle er ofte det beste. Legg biltrafikken rundt Førde, ikkje tvers igjennom, skriv Marit Bendz i Naturvernforbundet. Ho støttar framlegget til Kjartan Myklebust. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEr det gjennomgangstrafikken? Er det fotballspelarar og teaterpublikum som ikkje har tid til å gå/sykle over ei ny gangbru mellom Hafstadparken og Førdehuset? Eller er det alle dei nye førdianarane som uteblir?

For å bli sykkelby vil Førde kommune spreie biltrafikken i ei vifte gjennom Førde sentrum. Men blir det hyggeleg? Gamle framskrivingar av folketalsvekst og transportprognosar har lege til grunn for Førdepakka. No peikar alle raude pilar på at biltrafikken må ned. I Førde legg ein til rette for at den skal auke. I Førde går ein for dei gamle løysingane.

Handlingsplanen for klimaomstilling i Sunnfjord kommune har nettopp vore på høyring. Her er to av ti prioriterte tiltak:

3. Kommunen skal bidra til redusert transportbehov – gjennom god arealplanlegging og auka bruk av digitale løysingar

4. Auke andelen innbyggjarar som går, syklar eller nyttar kollektivtransport i Sunnfjord kommune.

Dessverre står det ingenting om korleis. Er det «god arealplanlegging» å gje bilen stadig større rom i sentrum? Når kommunen slik vil spolere sjansen til å gjere sykkelen til eit kjapt og naturleg val, har vi lite tru på at fleire let bilen stå.

I Førde sentrum er avstandane små, vegane nesten flate og overkommelege med sykkel. Med elsykkel fyk den lataste kjapt og trygt opp til toppen av Vieåsen. Men som Magne Rye påpeika i Firda tidlegare; Slåttebakkane er eit unnatak. Ei forlenging av gang- og sykkelvegen langs E39 er eit konkret og effektivt sykkelbytiltak.

Handlingsplanen er rimeleg handlingslamma når det kjem til konkrete tiltak. Plan- og kunnskapsdelen er på same viset ganske blotta for kunnskap om kva som må til for å få ned utsleppa totalt, til dømes i 4.2. Areal og transport:

«Planlegging av arealbruk og transportsystem skal fremje samfunnsøkonomisk effektiv ressursutnytting, god trafikktryggleik og effektiv trafikkavvikling. Planlegginga skal bidra til å utvikle berekraftige byar og tettstadar, leggje til rette for verdiskaping og næringsutvikling, og fremje helse, miljø og livskvalitet.»

Dette er klipp-og-lim frå statlege planretningslinjer og omsett til nynorsk. Blir det helse, miljø og livskvalitet av nye bruer og bilvegar gjennom sentrum? Blir det hyggeleg av meir trafikk i Førde?

Vi i Naturvernforbundet er ikkje særleg opptekne av fotball og idrettshallar. Ikkje er vi alltid på same banehalvdel som NAF heller. Men kan vi samle oss om ei gangbru og den enkle og framtidsretta løysinga til sivilarkitekt Kjartan Myklebust i Firda 14.02? Vi må kanskje også ta ein hestehandel på bakrommet for å forme Førde og krevje Førdepakka tilbake på teiknebordet. Det står respekt av politikarar som Asbjørn Steen (H), vi vonar fleire vil fleire droppe prestisjen og torer å revurdere utdaterte og usmarte vedtak.

Ja til gang- og sykkelbru mellom Hafstadparken og Førdehuset. Det blir hyggeleg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags