Vil drøfte Førdepakken samla, ikkje stykkevis og delt

HEILSKAP: Vi i Sunnfjord kommunestyre bør difor få høve til å sjå på heilskapen på nytt. Vedtaka vi skal fatte bør fattast på eit godt faktagrunnlag. Her ønskjer eg oppdaterte trafikkprognosar der andre meir framtidsretta miljøpremiss er lagt til grunn, skriv artikkelforfattaren.

HEILSKAP: Vi i Sunnfjord kommunestyre bør difor få høve til å sjå på heilskapen på nytt. Vedtaka vi skal fatte bør fattast på eit godt faktagrunnlag. Her ønskjer eg oppdaterte trafikkprognosar der andre meir framtidsretta miljøpremiss er lagt til grunn, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSom fersk politikar var det svært nyttig for meg å delta på Sunnfjord kommunestyre sin fagdag om Førdepakken 16. januar. Både historia om og planen bak Førdepakken var nyttig kunnskap. Eg håpar mange har sett og høyrt foredraga frå fagdagen på Sunnfjord kommune sine nettsider.

Rune Hegrenes seier i Firda 27. januar at protestane mot Førdepakken er ei oppskrift på stagnasjon.
Eg som ny politikar må spørje; korleis kan ein la vere å protestere? Korleis kan vi gå vidare med å bygge ei trafikkløysing der premissane som ligg til grunn allereie er utdaterte? Det ein legg inn som premissar for ei prognose påverkar kva svar ein får ut.

Då ein planla Førdepakken la ein følgande premissar til grunn; folketalet i Førde kommune skulle auke mykje, også framover. Denne auken i busetnad, skal igjen føre til ei viss trafikkauke kvart år framover. Ein legg til grunn ei trafikkauke, sjølv om mesteparten av bustadane ein planlegg i nær framtid er bynære bustader. Alle desse premissane trekker i retning av meir trafikk på vegane inn til og i Førde. Noko som skapar eit behov for fleire vegar og fleire bruer, som igjen vil skape endå meir trafikk. Min påstand er at dess fleire og betre vegar, dess lettare er det å velje å køyre bil.

Hilde Iren Rivedal representerer Sunnfjord SV i kommunestyret.

Hilde Iren Rivedal representerer Sunnfjord SV i kommunestyret. Foto:

Førdepakken planlegg ikkje med ei auka satsing på kollektivtilboda i og rundt Førde. Ein legg heller ikkje opp til at vi som bur i sentrum skal sykle og gå meir. Slik eg er ser det kunne bru- og vegbehovet vore heilt annleis om ein hadde lagt andre premissar til grunn då ein planla Førdepakken.

Vi lever no i klimaendringa si tid, det vil seie ei tid der vi skal ta gode klimaval for framtida. Det håpar eg gjer til at vi alle vert meir bevisste på bilbruken vår. Eg håpar at det betyr at vi som bur sentrumsnært køyrer mindre bil, at vi heller tek i bruk dei nye sykkel- og gangvegane Førdepakken har gitt oss.

Vi i SV gruppa ønskjer at vi skal sjå på heile Førdepakken på nytt. Vi trur at vi får betre løysingar om vi drøftar tiltaka i Førdepakken samla, ikkje stykkevis og delt. Brua ved Førdehuset har vore drøfta ved fleire høve. Grunnen til at den ikkje vert ferdig snakka, er fordi den ikkje er løyst på ein god måte, verken for Førdehuset, eller Laksen eller for økonomien i Sunnfjord kommune. Kva val vi tek her vil påverke resten av Førdepakken. Førdepakken har brua ved Førdehuset som sitt 0 alternativ, noko som vil seie at alle trafikkprognosar er laga med utgangspunkt i at denne brua er med. Det blir påstått at alt anna i Førdepakken heng saman med denne brua, og kjem ikkje den, får vi ikkje full effekt av dei andre tiltaka i Førdepakken.

Vi i Sunnfjord kommunestyre bør difor få høve til å sjå på heilskapen på nytt. Vedtaka vi skal fatte bør fattast på eit godt faktagrunnlag. Her ønskjer eg oppdaterte trafikkprognosar der andre meir framtidsretta miljøpremiss er lagt til grunn. Eg ønskjer også å få presentert kva som vil skje viss 0 alternativet, bru ved Førdehuset, faktisk betyr 0 bru ved Førdehuset. Kanskje treng vi likevel inga bilbru nettopp der, berre ei bru for gåande og syklande.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags