Raudt Indre Sunnfjord vil ha revisjon av Førdepakken

Av
DEL

LesarbrevSvar på ope brev til ordførarkandidatane til nye Sunnfjord kommune, av Lidvin Osland, Odd Skrede og Kjartan Myklebust, 13.8.19 og Førde IL sitt ope brev til politikarane i Førde, 19.8.19.

Raudt Indre Sunnfjord vil gå inn for å revidere Førdepakken. Vi er imot Førdepakken med ein sentrumsplan som baserer seg på at nye trafikkanlegg fører biltrafikken tvers gjennom sentrumskjernen og der brua over Løken grip forstyrrande inn i eit rekreasjons- og våtmarksområde. Vi meiner det bryt med føremålet med Førdepakken som regjeringa vedtok i juni 2015, der målet er å sikre ein miljøvenleg og stabil trafikksituasjon i Førde og leggje til rette for fortetting og byutvikling (vegvesen.no). Det er ikkje miljøvenleg å la trafikken inkludert tungtrafikk dundre gjennom sentrum. Sentrumspakken bryt også med Førde kommune sitt slagord: Førde kommune – ei drivkraft med menneska i sentrum, av same grunn.

Undervegs i prosjektet har vi sakna ein heilskapleg plan for Førdepakken sine 20 tiltak som skal gjennomførast i og rundt Førde sentrum innan 2024. Vi har i staden fått presentert mange delprosjekt med mange endringar undervegs – og med store kostnadssprekkar (Bergumkrysset). Førdepakken er eit nullsumspel der overskridingar på eit delprosjekt medfører endringar og innskrenkingar på andre delprosjekt. Raudt er klar over at Førdepakken har budsjettrammer å stelle seg til, men det vert uføreseieleg for innbyggarane når det undervegs i prosjektet vert skrinlagt gode løysingar som kan sikre føremålet med Førdepakken.

Raudt går inn for å støtte opp om Førde IL og artikkelforfattarane sitt framlegg til alternativ trafikkplan med trafikk utanom sentrum og gang- og sykkelbru over til Hafstadparken. Vi slår også eit slag for å verne Løken, jf. bruløysing der, vi vil difor gå inn for ei revidering av Førdepakken slik den ligg føre pr. i dag. Førdepakken toler godt ein ny revisjon til beste for både idretten og Førde si miljøvenlege framtid.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags