Kjære Førde – er det ein veg utanom?

NYE GATER: Førdepakken gjev deg nye gater i sentrum og det vert tilrettelagt på ein heilt anna måte å sykle og gå i sentrum. Skal du utvikle deg som by så vil nye gater med gode tilhøve for dei gåande kunne gje meir opphald i sentrum og meir handel.

NYE GATER: Førdepakken gjev deg nye gater i sentrum og det vert tilrettelagt på ein heilt anna måte å sykle og gå i sentrum. Skal du utvikle deg som by så vil nye gater med gode tilhøve for dei gåande kunne gje meir opphald i sentrum og meir handel. Foto:

Av
DEL

MeiningarHåpar du skjønar at når det er meg så vart det Førdepakken og vegar utanom sentrum som skal vere tema, ikkje utviklinga av deg som by generelt.

Som me tidlegare har vore samde om så er det ikkje dei du har i administrasjonen som bestemmer, det er politikarane som bestemmer. Hugsar du då eg kom inn i Førdepakken så var du godt i gang med denne, og me som skulle jobbe med Førdepakken skulle gjennomføre det som då var bestemt, og etter kvart følge opp det dei som bestemmer her i byen og i landet, bestemte.

Vegar utanom sentrum var i planprosessen med Førdepakken vurdert i fleire vender, og konklusjonane var samanfatta, som du kanskje hugsar:

Tunnelar er veldig dyre, både å bygge og drifte

Det er ikkje nok trafikk til å kunne forsvare bygging av tunnelar utanom sentrum

For å kunne fortette og bygge ut sentrum, dvs. utvikle deg som by, så må det fleire gater til i sentrum

Førdepakken gjer akkurat det for deg. Du får dei gatene du treng for å utvikle deg og kunne bygge meir. Målet er at veksten i biltrafikken skal kunne takast med gonge, sykling og buss. Førdepakken gjev deg nye gater i sentrum og det vert tilrettelagt på ein heilt anna måte å sykle og gå i sentrum. Skal du utvikle deg som by så vil nye gater med gode tilhøve for dei gåande kunne gje meir opphald i sentrum og meir handel.

Korkje då eller i alle høve no, trur eg du ville fått bompengefinansiert tunnelar i nord og sør utanom sentrum. Du hugsar kor pirkete finansdepartementet var då dei kontrollerte søknaden om å få godkjent Førdepakken. Var det realisme i kostnadene som var rekna ut, og ville trafikken kunne betale utbyggingane som planlagd innanfor dei åra som er sett av? Tunnelar ville auke prisen mykje, og anten så måtte bompengeperioden vare mykje lengre eller prisen på kvar passering vere mykje høgare.

Du byen, du er kjend med at tunnel i nord frå Kletta tunnelen til Prestefoss brua, har sine utfordringar. Kryss inn i Kletta tunnelen er etter dei reglane som gjeld i dag, ikkje lov. Alt den gongen med planlegginga av Førdepakken så fekk du med deg at å komme ut med Prestefoss brua så ville folkehøgskulen som ligg der i dag måtte fjernast.

For tunnel i sør, frå rundkøyringa ved Førde hotell til rundkøyringa på Hafstad, så har det vore nemnt at krav om avstand frå rundkøyringa ved hotellet til tunnelopninga vil kunne utfordre heile situasjonen for hotellet og husa i bakkane over.

Ikkje ville du som by hatt finansiering til tunnelar, ingen ville hatt råd til eige tunnelane, og det er truleg svært utfordrande å gjennomføre dette teknisk. Planar for vegar utanom sentrum er eit godt prinsipp, men du ville hatt nye planar for skuffen, og ingen gjennomføring.

Du, ein annan ting er konsekvensar av slike tunnelar, og her lyt me godt attende i historia. Du veit sjølv korleis det har gått når vegar og bruer har flytta på seg. Du starta i Sjøahola, så kom det ferging over Jølstra og bru ved Langebrua. Det tok si tid, men så hadde du sentrum ved Langebrua. På slutten av 1980-talet fekk du endeleg brua ved Storehagen, og brått om så vart det etablert handel her, og det vart stille i sentrum sør. Så kom brua frå Brulandsvellene til Vie, og du spreidde handelen din endå meir. Tunnelar i nord og sør vil flytte all trafikken til Vievegen og over Kronborg brua, så då er eg redd du som by berre lyt flytte etter.

Førdepakken gjev deg gode gater i sentrum, og eg gler meg til at dette kan bli gater å gå i, opphalde meg i og gjere handel. Fortettinga og utviklinga av deg som by vil kunne halde fram, og eg håpar verkeleg at gjennomførbare planar kan gje deg eit sentrum som kan gje utstrekt handel og ein by som er god å vere i. Alle tomter som skal utbyggast og fortettast må også ha gater og tilkomst, og klarer du å få parkeringa bort frå asfalten så kan dette bli veldig bra.

Sjølvsagt kunne både du og eg vore utan bompengar, men når det er bestemt så er det ein fantastisk sjanse til bli endå meir lekker.

Lukke til vidare med byutviklinga og Førdepakken.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags