Førdepakken skal utvikle sentrum

Førdepakken er eit verkemiddel som legg til rette for utvikling og nyetableringar i sentrum, skriv Jenny Følling (Sp). Ho opnar for å sjå på enkelte element i Førdepakken på nyt.

Førdepakken er eit verkemiddel som legg til rette for utvikling og nyetableringar i sentrum, skriv Jenny Følling (Sp). Ho opnar for å sjå på enkelte element i Førdepakken på nyt. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSvar til Myklebust, Skrede og Osland sitt innlegg i Firda 14.08.19 om revurdering av Førdepakken.

Senterpartiet vil lytte til gode innspel. Sjølv om prosjekta er grundig diskutert i Førde bystyre, så er det nødvendig med ein gjennomgang av Førdepakken med tanke på å vurdere enkelte element.

E39

Førdepakken er ikkje ei erstatning for E39 utanfor sentrum. Senterpartiet går innfor å legge E39 frå Storehaug til Brulandsberget og vidare til Moskog. Sidan staten i si tid ikkje var med på å legge ny E39 utan om sentrum inn i Førdepakken, så må desse planane takast opp att. Vi må jobbe knallhardt for å få løyvingar inn i Nasjonal transportplan, slik at framtidig gjennomgangstrafikk ikkje belastar Førde sentrum.

Førdepakken

Senterpartiet støttar hovudstrukturen i Førdepakken. Den er eit verkemiddel som legg til rette for utvikling og nyetableringar i sentrum. Vi ynskjer alle at Førde skal ha eit levande sentrum med aktivitetar og tilbod som gjer at folk får lyst å opphalde seg der, både på dag- og kveldstid. Vi må legge til rette for at næringsdrivande som er etablert i sentrum får gode vilkår, at nye kan etablere seg, og at det er tilstrekkeleg parkeringsareal.

Det er pr. i dag byggestopp både på sørsida og indre Øyrane, og skal vi få til vekst og fornying må vegnettet utbetrast. Alternativet er meir utbygging utanfor sentrum. Førdepakken legg og til rette for mjuke trafikantar, og det er spesielt viktig for barn og unge. Gjennom spleiselaget «Førdepakken» får vi no til ei oppgradering av fleire viktige vegkryss, nye bruer, og eit meir samanhengande gang- og sykkelvegnett. Når alt er på plass om nokre år, vil det bli meir smidig og tryggare trafikk inne i tettstaden Førde.

Bru frå Hafstad til Førdehuset

Det er sett i gang eit utgreiingsarbeid omkring bilbrua frå Hafstad mot Førdehuset, og området omkring. Vi vil jobbe for at brua ikkje kjem i konflikt med idrettsbanene ved Førdehuset. Der er knapt om areal, og det er viktig å bruke dette godt og framtidsretta til idrettsanlegg for framtida sine behov, og utvikling av Førdehuset som idrett- og kulturarena. Førdehuset var banebrytande i landssamanheng og har skapt ein sterk frivilligheitskultur, og er blitt ein viktig del av identiteten til oss som bur i Sunnfjord. Det må finnast gode løysingar for å knyte saman Førdehuset og Hafstadparken, og eiga gangbru er ei løysing som også kan måtte vurderast i framtida.

Bru frå Halbrendsøyra til Øyrane

Vi må vere nøkterne med kostnadsbruken på dei einskilde delprosjekta i Førdepakken, slik at også delprosjekt nr. 20, bru frå Hallbrendsøyra til Øyrane vert bygd. Dette er ei bru som vil avlaste trafikken i sentrum vesentleg, og vi må handtere Førdepakken slik at denne vert bygd. Det er politikarane som må styre Førdepakken til det beste for Førde.

RV 5

Senterpartiet vil arbeide for at den rasfarlege vegen mellom Førde og Naustdal må prioriterast for rassikring straks.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags