Førdepakken og Statens vegvesen

FØRDEPAKKEN: Statens Vegvesen må følgje opp alle føremåla og hensikta med trafikkplanen som dei sjølve har styrt og koordinert, skriv artikkelforfattaren.

FØRDEPAKKEN: Statens Vegvesen må følgje opp alle føremåla og hensikta med trafikkplanen som dei sjølve har styrt og koordinert, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFrå Statens vegvesen sine sider står det følgande om Førdepakken: Kommunedelplan trafikk Førde sentrum blei vedteken i 2013, og har vore styrt og koordinert av Statens vegvesen Region vest i nær samarbeid med Førde kommune. Under samfunnsmål skal veg- og transportløysingar bidra til å skape ei god sentrumsutvikling.

Formålet med Førdepakken er å bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde, og under faktadelen står det at hensikta med Førdepakken er å sikre ein miljøvenleg og stabil trafikksituasjon i Førde, og legge til rette for fortetting og byutvikling.

Tiltak 14 Fjellvegen: Utkast til detaljreguleringsplan for E39 Fjellvegen – Hafstadvegen er målet å legge til rette for god trafikkflyt for bilar, gåande og syklande.

Det som vantar i denne målsettinga er føremålet med Førdepakken (les over sentrumsutvikling), og korleis vegsystemet skal legge til rette for fortetting og byutvikling. Etter kommuneplanen er det sikra areal til mogelege tunnelløysingar, frå saksutgreiinga står det m.a.: «den overordna sentrumsutviklinga omfattar meir enn trafikk, og er relativt uklar langt inn i framtida. Ut frå historia og den ukjende framtida, er det ønskeleg at areal til tunnel i sør vert sikra gjennom arealdelen.»

Når Statens vegvesen har gjeve fråsegn til reguleringsplanar i sentrum sør, må ein stille seg spørsmålet om fråsegna må stilast til planleggjarane i Førdepakken? Statens Vegvesen må følge opp alle føremåla og hensikta med trafikkplanen som dei sjølve har styrt og koordinert. Dersom Statens vegvesen/Førdepakken av økonomiske årsaker ikkje vurderer løysingar med tunnel, må dei komme opp med andre og betre vegløysingar for sentrumsdelen.

Generelt til alle tiltaka i Førdepakken må intensjonane og målsettinga stå fast, og ikkje byggje ned sentrale og viktige område for framtidig samfunnsnytte, til ønskjeleg by- og sentrumsutvikling.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags