Førdepakken og Statens vegvesen

LANGSIKTIG: Førdepakken er ikkje ei forvaltningsmyndigheit men ein utbyggingsorganisasjon, for denne typen organisasjonar er det alltid viktig med langsiktige planar, skriv artikkelforfattaren. Bildet vidar Førde sentrum, mai 2011.

LANGSIKTIG: Førdepakken er ikkje ei forvaltningsmyndigheit men ein utbyggingsorganisasjon, for denne typen organisasjonar er det alltid viktig med langsiktige planar, skriv artikkelforfattaren. Bildet vidar Førde sentrum, mai 2011. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDen siste tida har Firda trykt fleire artiklar og lesarinnlegg der hovudbodskapen er at Statens vegvesen Førdepakken og Statens vegvesen plan- og forvaltningsseksjonen har kome med veldig ulike føringar og opplysingar om trafikken i sentrum sør i Førde.

Dette er ikkje rett og treng ei oppklaring.

Førdepakken orienterte til formannskapet den 29. august i år medan plan- og forvaltningsseksjonen i brev av 18.09.19 har gjeve fråsegn til privat fremja reguleringsplanar i Sentrum Sør. Det er desse to utspela det vert påstått er motstridande.

Førdepakken orienterte formannskapet om korleis trafikkstoda i Førde vil bli etter at ein har bygd alle tiltaka i Førdepakken og ein ny tunnel på E39 frå Bruland – Myra på Langeland. Det vart lagt til grunn at tunnelen vert ferdig innan 2040. Trafikkanalysane til Førdepakken syner at desse utbyggingane vil gi god trafikkavvikling i heile sentrum i 2040, sjølv i den travlaste timen på ettermiddagen.

Svenn Egil Finden

Svenn Egil Finden Foto:

Denne trafikkstoda oppnår ein altså utan ny tunnel i sør (inn ved Førde hotell, ut i første rundkøyringa på Hafstad). Målet med orienteringa frå Førdepakken var mellom anna å syne at ein ny tunnel etter den vedtekne traséen Bruland – Myra vil gje klar og positiv effekt på trafikken, også i sentrum. Dette kan brukast som eit av fleire argument i den politiske kampen for å skaffe midlar til tunnelen frå Bruland – Myra.

Førdepakken er ikkje ei forvaltningsmyndigheit men ein utbyggingsorganisasjon, for denne typen organisasjonar er det alltid viktig med langsiktige planar. Dei skal planleggje rekkjefølgje og prioriteringar slik at ressursar blir nytta best mogleg og ulike tiltak saman utgjer eit effektivt og samanhengande vegsystem på sikt.

Statens vegvesen sin plan- og forvaltningsseksjon har eit heilt anna utgangspunkt for si fråsegn om dei nye, private reguleringsplanane for sentrum sør. Som forvaltingsmyndigheit på vegner av staten (og fylket inntil årsskiftet), skal denne avdelinga sjå til at t.d. avkøyrsler, trafikkavvikling og parkering vert teke i vare når det blir søkt om ny utbygging.

I denne samanhengen kan ein ikkje ta utgangspunkt i planar som ligg langt fram i tid, men må ta stilling til forholda slik dei er når søknaden kjem inn (ev. når utbygginga skal skje, dersom denne ligg litt fram i tid). Dei private planfremjarane har lagt ved ein trafikkanalyse som tek utgangspunkt i at tiltak 1 og 12 i Førdepakken er bygde, men ikkje tiltak 20 og ikkje ny tunnel Bruland – Myra. Det er denne situasjonen plan- og forvaltningsseksjonen har lagt til grunn for si fråsegn. Difor kan ein ikkje på nokon måte samanlikne dei to utspela frå Førdepakken og plan- og forvaltningsseksjonen og hevde at dei er motstridande. Det er mange år i forskjell på utgangspunkta.

Statens vegvesen er positiv til utvikling i sentrum sør, men knytt til denne utviklinga må det settast rekkefølgjekrav som sikrar at E39 og Rv. 5 (Fjellvegen) framleis har trygg trafikkavvikling og god nok kapasitet for den auka trafikkmengda utviklinga i Sentrum Sør medfører for vegnettet.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags