DEBATT: Førdepakken og nye bruer

Av
DEL

Lesarbrev 

Når Førdepakken (FP) blei planlagd låg det ei forventing om at ny trasé for E39 skulle kome som eit prosjekt gjennom Norsk Transportplan (NTP).

Den låg inne der, rett nok seint i perioden. Det må ha vore ein viktig faktor når rekkefylgja i dei 20 ulike prosjekta blei bestemt. No veit vi meir.

Ny E39 er fullstendig utelaten i den nye NTP, og Halbrendsbrua er plutseleg langt viktigare, med eit oppgradert Halbrendskryss ligg det sjølvsagt i korta at trafikken ned Lia og vestover vil bruke denne brua. Det gir langt mindre trafikk i Storehagen.

Kvifor har ikkje bystyret og prosjektleiinga tatt omsyn til dette faktum? Brua over til Hafstad er ein eldgamal, kommunal draum. Det er vel det enkeltståande prosjekt i FP som det har vore jobba lengst med, rundt 30 år, minst. Når endeleg vedtak blei gjort, blei det framheva at dette var gryteklart.

Brua skulle ikkje røre verken laks eller baneanlegg ved Førdehuset. Dette trudde bystyret og kommunen heilt fram til hausten 2017. No veit vi svaret. Det er også verdt å merke: For vel eitt år sidan ville mange i bystyret bygge Kulturskulen fram om biblioteket, så har vi dei store hallplanane vestover mot den gamle husmorskulen. Alt dette ville/kan påverke arealbruken framom vårt kjære Førdehus, men lar vi det gå no til bilveg, er det tapt for all framtid.

Så gode folkevalde: bygg Halbrendsbrua no, så kan vi sjå korleis den påverkar trafikkmønsteret i sentrum. Vi beheld området rundt Førdehuset slik vi kjenner det, eg veit ordførar Olve Grotle tykkjer det som skjer rundt Hafstadbrua er vanskeleg og ikkje kjekt i det heile, no kan vi utsette den brua, truleg skrinlegge ho for godt, bygg ei gang- og sykkelbru der inne.

Det er det vi treng, og eg er viss på at mange er einig med meg i det. Det er Førdehusets framtid vi snakkar om.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags