Førdepakken og Arbeidarpartiet

SMÅ ENDRINGAR: Helge Robert Midtbø, Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Sunnfjord, trur ikkje på ei stor omvelting av Førdepakken.

SMÅ ENDRINGAR: Helge Robert Midtbø, Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Sunnfjord, trur ikkje på ei stor omvelting av Førdepakken. Foto:

Av
DEL

LesarbrevVil Arbeidarpartiet arbeide for å endre innhaldet i pakken, slik Lidvin Osland, Odd Skrede og Kjartan Myklebust ber oss gjere?

Førde er eit sentrum i Sunnfjord og Sogn og Fjordane. Arbeidarpartiet ønskjer å utvikle byen som eit hovudsenter mellom Bergen og Ålesund, og handel vil vere viktig for vidare vekst. I den grisgrendte regionen vi høyrer til, vil bilen og i framtida vere umåteleg viktig, men utan å forureine. For fleire av innbyggjarane i og nær sentrum vil sykkel og gonge vere gode alternativ, om dei er på trygge vegar.

Førdepakken er ein stor og omfattande pakke på om lag 1,8 milliardar kroner med 20 store og mindre tiltak, der både kommunen, fylkeskommunen og staten yter store summar, og der folket gjennom bompengar må betale ein stor del. Vedtaket i Stortinget kom juni 2015, og så kom bomstasjonane i 2016.

Alternativa med å føre trafikken i tunnelar rundt Førde, i nord og sør, blei avvist av States vegvesen i 2013, og eit samrøystes Førde bystyre vedtok pakken og finansieringa samrøystes i juni 2013. Fleire av tiltaka i pakken er ferdige, og snart er alle reguleringsplanane vedtekne.

Så kan vi endre stort på innhaldet i pakken? Og kan vi forlenge, utvide pakken eller også få til ein ny? Til dei siste forslaga er det lite truleg å få til noko no, i den politiske debatten om bompengar som går. Men kanskje det kunne vere mogeleg å sjå nærare på små endringar. Den store løysinga med å føre trafikken inn i sentrum, står nok fast. Arbeidarpartiet har fleire gonger (3) teke opp forslaget om tunnel bak Sentrum Sør, gjerne med parkering i fjell, men våre forslag er blitt stemt ned kvar gong. Vi er framleis av den meining at ein tunnel her vil løyse mange problem; tar ned trafikkbelastninga, gir parkeringsareal og positivt for miljøet. Slik vi ser det vil E39/Fjellvegen «kvele» Sentrum Sør og hindre utvikling av byen. Derfor meiner Arbeidarpartiet at tunnel i Hafstadfjellet er ei svært god løysing.

Vi er og, som dei fleste, for å byggje ei gang- og sykkelbru mellom Førdehuset og Hafstad Idrettspark, men vi meiner at ei bru over Jølstra for bilar er naudsynt. Vårt forslag, som vi stod aleine om, var ei løysing med å ta deler av parkeringsarealet på Festplassen til løysinga, og late arealet framfor Førdehuset med dagens fotballbane vere. Vi ønskjer utbygging av Førdehuset og området, gjerne i samsvar med Førde idrettslag og FINS sine skisser med stadion, hall og symjebasseng. Vi ønskjer at Førdehuset skal halde på sin posisjon innan idrett og kultur, og få utvikle seg til beste for regionen. Då meiner vi det er lite framtidsretta å byggen ned areal for å nytte til bilveg.

Men vi trur ikkje på ei stor omvelting av planen. Til det er bygging og planlegging kome for langt, og vi ønskjer ikkje å setje pakken «i spel». Langebruvegen har fått vedteke sin reguleringsplan, og det har og Indre og Ytre Øyrane, stort sett med eit stort fleirtal. Arbeidarpartiet er innstilt på å løyse utfordringane med brua og vegen mellom Naustdalsvegen og Halbrendsøyra. Med den løysinga som pakken har for trafikken gjennom Førde, er tiltaket viktig.

Den store satsinga på gang- og sykkelvegar er vi svært nøgde med, både ut frå miljøomsyn og trivsel. Om Førde sentrum si utvikling, må vi evne å løyse utfordringane med fortetting, trivsel og tilgjenge for alle, også bilistar. Det estetiske blir viktig for å få ein attraktiv by.

Så må vi alle samle oss om å framskunde planen for E39 Langeland – Moskog. Den vil vere viktig, både for å gi eit godt sentrum, løyse trafikkproblema i Halbrendslia og gi god flyt i trafikken og transporten mellom Førde og resten av det nye fylket, Vestland.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags