Førdepakken på kollisjonskurs med miljøkrav

MOBILITET: Liv Løken vil satse på mobilitet, men ikkje einsidig på utbygging av bilvegar og parkeringsplassar

MOBILITET: Liv Løken vil satse på mobilitet, men ikkje einsidig på utbygging av bilvegar og parkeringsplassar Foto:

Av
DEL

LesarbrevMålsettinga til Førdepakken er å ha eit vegnett/gatenett som kan ta imot trafikken slik den utviklar seg fram mot 2040. Vi skal byggje eit vegnett for framtidas Førde.

Vi i MDG vil ha færre bilar i Førde sentrum. Framtidas Førde må vere eit sentrum til å trivast i for menneske, og ikkje berre for bilar. Førdepakken må bidra til å redusere klimagassutsleppa frå trafikken med 40 prosent innan 2030, og vi må ta oss tid til å rekne på korleis ein kan endre/justere planlagde prosjekt for å oppnå dette målet. Vi som bur i distriktet må sjølvsagt ha bil, men kan bruke den litt smartare. Problemet er at det er for mange bilar med ein og ein person i.

Førdepakken har som effektmål:
Del av trafikken i Førde som er gåande og syklande må aukast.
Del av trafikken i Førde som er kollektivreisande må aukast.

Det er planlagt mange sykkelvegar i Førdepakken, og det er bra å legge til rette for gåande og syklande. Dessverre tilseier all erfaring at det ikkje er nok å byggje sykkelvegar dersom ein ønskjer å få fleire til å velje bort bilen.

I trafikkanalysen til Førdepakken er det ikkje rekna på nedgang i framtidig biltrafikk som følgje av tiltak som parkeringsordning, teknologiutvikling, satsing på bildeling og kollektivtransport. Førdepakken legg opp til at all vekst i trafikken som byutviklinga i Førde fører med seg skal takast med personbilar, og at biltrafikken skal halde fram med å auke i same tempo som før.

Det er planlagt for ein trafikkauke på 32 prosent fram mot 2040. Med den kunnskapen vi har i dag, kan vi sei temmeleg sikkert at trafikken ikkje kjem til å auke så mykje. I trafikkanalysen er det også presisert at tala for framtidig trafikkutvikling er svært usikre fordi det er lagt inn mange usikre føresetnader.

Klimaomstillingsplanen legg opp til at vi skal kutte minst 40 prosent Co2 innan 2030. Biltrafikken er ei av dei største kjeldene til klimagassutslepp i kommunen. Å redusere biltrafikken er difor eit av dei viktigaste klimatiltak vi kan gjere.

Kommunen sin uttalte politikk er å bidra til å redusere transportbehovet og auke tal gåande, syklande og kollektivreisande gjennom samordna areal- og transportplanlegging. Dersom vi skal nå klimamålet, må vi jobbe aktivt med smartare trafikkløysingar. Vi må tenkje mobilitet framfor blind satsing på utbygging for personbiltransport.

I arbeidet med Førdepakken vart det vurdert svært mange alternative vegløysingar for Førde sentrum for privatbilar før ein valde ut dei mest effektive. Det viktigaste prosjektet vart som kjent ein ny fylkesveg som skal leie trafikken gjennom sentrum, frå Rv5 over ein del av regionens beste dyrka mark på Indre Øyrane der det er panlagt bustader, over våtmarksområdet Løken med sårbart fugle- og planteliv, rett forbi inngangspartiet på sjukeheimen, gjennom kryss med Storehagen, forbi Førdehuset og på ei kostbar/konfliktskapande bru som sneiar både idrettsanlegga ved Førdehuset og kunstmonumentet «Laksen» før den kryssar elva Jølstra. Ein svært dyr og arealkrevande veg som vil legge store deler av noverande grøntområde under asfalt, og etter planen meir enn doble trafikkmengda på eksisterande vegar gjennom sentrum.

Før 1986 var det stor trafikk i Førde sentrum og krysset mellom Storehagen og Langebruvegen var svært belasta. Så vart Storehagen bru bygt, den brua som munnar ut i dagens kryss mellom Rv5 og E39. Rv 5 vart dermed lagt utanom sentrum slik den er no, og trafikken i sentrum av Førde vart redusert. Vi er redde for at Førdepakken skal føre oss tilbake til slik det var før 1986. Slik vil vi ikkje ha det.

Førdepakken må justerast i tråd med kommunen sin klimaplan slik at den bidrar til å redusere klimagassutsleppa frå trafikken med 40 prosent innan 2030. Vi må greie ut korleis ein kan legge til rette for bildeling/samkøyring og betre kollektivtransport for å oppnå dette målet. Vi trur det er mogleg å klare dette og samtidig få eit trivlegare Førde sentrum for alle. Eit sentrum som ikkje blir ei trafikkmaskin med mange parkeringsplasser.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags