Førdepakken og E39

I TUNNEL: Eg deler Astrid Wittersø (Firda 25.04.), Kjartan Myklebust (Firda 30.04) og mange andre si bekymring for at denne trafikken skal dundre gjennom Fjellvegen i Sentrum Sør i all framtid. All fornuft tilseier at denne gjennomgangstrafikken bør leggast i ein kort tunnel bak Fjellvegen for å bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde., skriv artikkelforfattaren.

I TUNNEL: Eg deler Astrid Wittersø (Firda 25.04.), Kjartan Myklebust (Firda 30.04) og mange andre si bekymring for at denne trafikken skal dundre gjennom Fjellvegen i Sentrum Sør i all framtid. All fornuft tilseier at denne gjennomgangstrafikken bør leggast i ein kort tunnel bak Fjellvegen for å bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde., skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Det er gledeleg å høyre at mange jobbar for å få E39-tunnelen Bruland–Storehaug med i kommande NTP. Mange har venta lenge på å få E39 vekk frå Halbrendslia og Førde sentrum, men det vil framleis gå mange år enno før denne er på plass. I mellomtida skal trafikken passere Førde sentrum og deretter trafikk som skal til og frå E39 ved Bruland.

Eg deler Astrid Wittersø (Firda 25.04.), Kjartan Myklebust (Firda 30.04) og mange andre si bekymring for at denne trafikken skal dundre gjennom Fjellvegen i Sentrum Sør i all framtid. All fornuft tilseier at denne gjennomgangstrafikken bør leggast i ein kort tunnel bak Fjellvegen for å bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde. Då vil det ligge godt til rette for eit parkeringsanlegg i dette området og ein kan sleppe å bruke store summar på opprusting av Fjellvegen. Det vil også vere ein fordel for gjennomgangstrafikken å kunne køyre utanom sentrum med mjuke trafikantar og fleire vegkryss.

Det er også gledeleg å sjå at dei fleste har innsett kor viktig den ytre brua er å få på plass. Den vil binde saman dei ytre delane av sentrum og avlaste trafikken på Rv5. Som eg har uttalt tidlegare vil denne brua legge grunnlag for ei effektiv bybussrute rundt heile Førde sentrum. Det vil gje eit mykje betre kollektivtilbod i sentrumsområdet enn ein har i dag. Som sjåfør på bybuss både i Førde og Florø vil eg påstå at Florø har det beste kollektivtilbodet.

Når det gjeld innsparingar i Førdepakken bør ein vurdere å kutte ut brua ved Førdehuset og brua over Løken. Der bør ein satse på gang og sykkelbruer, i staden for å legge opp til mykje meir bil og tungtrafikk gjennom sentrum. La ikkje Førde sentrum bli prega av gjennomgangstrafikk slik Førdepakken har lagt opp til på begge sider av elva.

På landsbygda er det vel nesten ein menneskerett å kunne køyre og parkere der ein vil, men i eit bysentrum må trafikken regulerast (og reduserast) med reglar og avgifter for at det skal vere triveleg å vere på utsida av bilen. Bygg eit attraktivt parkeringsanlegg med opplegg for lading av elbil og ladehybridar. Ikkje dyr hurtiglading, men ladeboksar for billeg saktelading der bilen blir lada mens ein handlar eller er på jobb. På den måten kan eldre elbilar med kort rekkevidd framleis fungere som pendlebil og ladbare hybridar kan køyre på straum heim igjen også. Ei bybussrute med jamlege stopp ved parkeringsanlegget kan gjere det attraktivt både å bruke anlegget og bybussen. Det er no ein har sjansen til å gjere Førde sentrum endå trivelegare eller la det «drukne» i gjennomgangstrafikk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags