Førdepakken og E39

NY E39: Helge Ottesen meiner Førdepakken svekker sjansen for å få E39 lagd i tunnel gjennom Hafstadfjellet.

NY E39: Helge Ottesen meiner Førdepakken svekker sjansen for å få E39 lagd i tunnel gjennom Hafstadfjellet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet står eit interessant intervju med Oddleiv Apneseth i Firda laurdag 18.07. om hans meining om Førde si utvikling og endring – etter at han var med på å kåre Førde som landets styggaste tettstad i 1988.

Vi er mange som er einig med Apneseth sine synspunkt – om at det må bli færre bilar i Førde, og at Førdepakken burde endre planane sine i tråd med dei alternative forslaga til Kjartan Myklebust.

Varaordførar Jenny Følling har eit tilbakesvar i torsdagens Firda (16.07) til Kjartan Myklebust sine forslag. Ho skriv blant anna: «E39 – Fjellvegen er ein av dei mest trafikkerte gatene i Vestland. Eit avgjerande grep er å få lagt E39 ut av sentrum. Eit samla kommunestyre vil jobbe hardt for å få E39-parsellen Storehaug-Bruland inn i første periode av Nasjonal Transportplan.»

Då må ein spørje: Er å flytte noko av biltrafikken på E39, over til ein ny gjennomkøyringsveg – frå rundkøyringa på Hafstad med bru over Jølstra til Angedalsvegen. Vidare fram til vegkrysset ved drosjesentralen, deretter over til den fredelege Langebruvegen som i dag ender som bilveg ved Helsetunet. Vidare ny bru over Løken og ny veg over Indre Øyrane – er det å få lagt E39 ut av sentrum? Dette er så gale som det kan bli – med å få noko av trafikken frå E39 over til i den mest sentrale og rolege delen av Førde sentrum, der det mest ikkje er biltrafikk i dag.

Det er fleire sentrale politikarar i Sunnfjord kommune som har gjeve uttrykk for at dei fryktar ein omkamp om prosjekt i Førdepakken, slik Myklebust tilrår. Dei meiner det vil føre til at ferdigstilling av Førdepakken vil bli utsett og dyrare, og at det og kan føre til at tunnelen Storehaug-Bruland kjem seinare. Eg meiner tvert om. Viss den konfliktfulle og kostesame nye gjennomkøyringsvegen i Førde sentrum kan sløyfast, ville mykje pengar vere spart, og kan nyttast til andre prosjekt. Då vil det ikkje vere trong for å forlenge bompenge perioden eller auke satsane.

Viss Førdepakken blir gjennomført slik det ligg føre planar om, kan Statens vegvesen vise til at dei har oppnådd det som var deira mål – å få betre flyt i biltrafikken i Førde sentrum. Det oppnår dei med å føre biltrafikk frå E39 over til ein ny gjennomkøyringsveg i Førde. Men vil det føre til at det blir færre bilar i Førde? Og med denne løysinga, vil ikkje Statens vegvesen då miste den kanskje mest tungtvegande grunnen til å framskunde tunnelen Storehaug-Bruland? Det vil ikkje bli noko trafikkproblem i Førde, for Førdepakken har eliminert det med sin nye gjennomkøyringsveg.

Når Statens vegvesen har lagt så mykje prestisje og kostnader i å løyse eit mogleg trafikkproblem i Førde sentrum, kan dei ikkje samstundes argumentere med trafikkproblem i Førde for å framskunde tunnelalternativet. Kommunar som kjempar for å få med sine vegprosjekt i neste NTP vil nok nytte dette poenget. Hadde derimot Statens vegvesen tona flagg, og medelt at den nye gjennomkøyringsvegen ikkje lar seg gjennomføre på grunn av all motstand og problem som er med denne vegen, ville det vore ein svært tungtvegande argument for å framskunde tunnelen Storehaug-Bruland.

Det er berre tunnelløysinga for E39 som gjer at det blir færre bilar i Førde. Det er godt at Vestland fylke vil prioritere tunnelen Storehaug-Bruland, men då må ikkje Sunnfjord kommune forkludre eit av dei sterkaste argumenta for å framskunde tunnelløysinga.
Fleire kommunepolitikarar hevdar og at den nye gjennomkøyringsvegen er naudsynt for å løyse ut nye bygg på Indre Øyrane. Det er ikkje tilfelle. Dei som har denne meininga, har ikkje sett seg inn i Kjartan Myklebust sine vegløysingar for Indre Øyrane.

Jenny Følling meiner at Sunnfjord kommune ikkje kan endre prioriteringane aleine, for det er tre likeverdige partar, Sunnfjord kommune, fylkeskommunen og Statens vegvesen. Desse tre partane deler på 40 % av Førdepakken sine kostnadar. Medan dei resterande 60 % er det vi, som køyrer bil til Førde og betalar bompengar, som kostar. Burde ikkje vi, som støtter Kjartan Myklebust sine planar, og bli høyrd om korleis Førde by bør bli.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags