Førdepakken kan bli betre!

FLYT: Sunnfjord Arbeidarparti, Førde Arbeidarparti, har spelt inn fleire endringsframlegg, særleg eitt: tunnel bak Sentrum Sør frå Førde hotell til Hafstad/Kronborg. Med det vil vi få god flyt i trafikken, gjere Fjellvegen til ei roleg bygate og la Sentrum Sør få utvikle seg med dei planane som alt ligg føre, skriv Helge Robert Midtbø.

FLYT: Sunnfjord Arbeidarparti, Førde Arbeidarparti, har spelt inn fleire endringsframlegg, særleg eitt: tunnel bak Sentrum Sør frå Førde hotell til Hafstad/Kronborg. Med det vil vi få god flyt i trafikken, gjere Fjellvegen til ei roleg bygate og la Sentrum Sør få utvikle seg med dei planane som alt ligg føre, skriv Helge Robert Midtbø. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSunnfjord Arbeidarparti støttar opp om Førdepakken. Vi ser at den tilfører trafikksystemet i Førde og Sunnfjord mange gode løysingar til beste for fleire tenlege trafikkløysingar. Vi ønskjer at reguleringsplanarbeid og bygging må halde fram i høgt tempo, men vi ser at nokre tiltak kan justerast, og det trengst meir informasjon og drøfting for nokre av dei tiltaka som er på gong. Det må vere lov å vere både kritisk og spørjande til pakken og dei ulike tiltaka. Det må vere lov å spele inn alternative løysingar.

Sunnfjord Arbeidarparti, Førde Arbeidarparti, har spelt inn fleire endringsframlegg, særleg eitt: tunnel bak Sentrum Sør frå Førde hotell til Hafstad/Kronborg. Med det vil vi få god flyt i trafikken, gjere Fjellvegen til ei roleg bygate og la Sentrum Sør få utvikle seg med dei planane som alt ligg føre. Så kan det vere at kostnadane er for store eller kompleksiteten i prosjektet gjer det uråd å løfte prosjektet, det veit vi ikkje. Å bygge parkeringshall i fjell er eit forslag vi ønskjer få greidd ut. Det vil vere ei framtidsretta løysing for Sentrum Sør og for byen.

Fjellvegen, tiltak 14, er eit problematisk tiltak på 1,1 km! Det vil setje grenser for utbygging og krevje støytiltak i heile si lengd. Prosjektet er kostnadsrekna til 195 mill. kr (2012). I tillegg vil det nok bli innløysing av eigedomar, så prisen kan nok bli langt høgre.

For eit anna tiltak, brua ved Førdehuset, som er sett opp som tiltak 1 ut frå prioritering, har SVV lagt fram ei løysing som kan øydeleggje deler av uteområdet framfor Førdehuset. Arbeidarpartiet er for ei bruløysing, men har heile tida stått mot framlagde forslag som vil ta store delar av treningsbana. Etter kvart har partiet fått støtte slik at SVV no signaliserer eit nytt framlegg, nr. 5, som vonleg vil vere brukande. Det viser at med å stå på, kan ein komme fram til nye og betre løysingar.

No ser vi fram til at Angedalsvegen blir rusta opp. Med fleire hundre born og unge på veg til og frå skulen og kulturtilbod, stor biltrafikk, svært mange syklande og gåande pressar dette tiltaket på. Mange sidevegar og hekkar skaper trafikkfarlege stader. Det er eit kostesamt tiltak, 200 mill.kr (2012), men særleg turvande.

Den økonomiske råma for Førdepakken er i ferd med å bli sprengd. Det kan føre med seg at tiltak 20, det siste på lista, men særs viktig å få fullført, kan falle ut. Det gjeld ny veg over Halbrendsøyra, ny bru over Jølstra og tilkopling til eksisterande kommunal veg på Øyrane med samband til rundkøyring og rv. 5. Den nye brua og vegen er planlagt med tosidig fortau. Lengda på prosjektet er om lag 510 m og førebels kostnadsrekna til 105 mill. kr (2012). Tiltaket er særs viktig for å løyse kapasitetsproblema i Førde sentrum. Her må det jobbast med å finne ei løysing, kanskje ei omprioritering. Å gå til Stortinget for utviding av pakken er vel ikkje ei lett løysing i det klima som no er for bompengebruk.

Nokre av tiltaka i Førdepakken er ferdige, rundkøyringa på Haugum og lyskrysset i Lia. Vi ser at det er godt og fint gjort, slik og med sykkel- og gangstiar som er ferdigstilt.

Førdepakken er god for Førde og Sunnfjord, men den kan bli betre!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags